<$BlogRSDUrl$>

7.2.05

Passeleg store 

Kor har dei slitestyrken sin frå, Blix-salmane? Kva er det som har gjeve dei klassikar-status?

Svaret er sjølvsagt samansett. Dei er nære. Både språket og bileta gjev heimekjensle. Ikkje berre slik himmelsk heimlengt som ein finn i pilegrimsfromheit til alle tider, men kjensla av å vere heime her og no.

Dei er vakre. Eg har fleire gonger sitert Einar Økland si utsegn om å gå i gode sko på den smale veg. Det var særleg dei estetiske kvalitetane ved Blix-salmane som var utgangspunkt for den utsegna.

Men ein samtale eg hadde i helga, sette meg dessutan på ein annan tanke: Blix-salmane formulerer ei tru i passeleg store ord. Ikkje smålåtne, Gud er stor og frelsa er eit mysterium så stort som noko. Ikkje banale heller, langt ifrå. Men slik at vanlege folk kan ta orda i munnen utan å kjenne at den blir for full. Ein treng verken vere sprenglærd eller sterkttruande for å syngje med. Det er så mykje patos i verda, så mange ord som kjennest for store ut.

Ja, sko-metaforen er framleis høveleg: Gode og passeleg store sko for den smale veg.

God tur!
# lagt inn 7.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?