<$BlogRSDUrl$>

24.5.05

Testamentet 

Eg har fått med meg kopiar av dei 23 breva frå John Klæbo til Anton Chr. Bang frå den såkalla Heggtveit-samlinga i Menighetsfakultetets arkiv i dag. Eg har nemnt dei før, og du skal få høyre meir om dei seinare. Dette er ei heilt ukjend og unytta kjelde til soga om den tidlege målrørsla. I dag har eg ein liten puslespelbrikke til soga om det nynorske nytestamentet - kan hende til litt glede for Jarle Bondevik og Per Halse, om ikkje anna.

Her ligg mellom anna eit langt brev, heile 12 sider, som student John Klæbo skreiv til fetteren sin, den seinare Oslo-bispen, under ein lang fottur. Brevet er påbegynt i Røldal, men avslutta i Kristiania. Det er datert 9/8, men først avslutta 25/8. Årstal skriv Klæbo ikkje. Eg veit det likevel, og har du litt tolmod, skal du òg få vite det.

1/3 av brevet, fire sider, går med til eit langt og entusiastisk referat frå samver med Henrik Krohn og Kristofer Janson under eit opphald på Loftesnes i Sogndal. Eg har ikkje tid til å transkribere heile brevet no, men sluttkommentaren frå dette avsnittet lyder slik:
Eg fær ogso her segja Deg, at Janson er meint paa at umskriva Testamentet, ifald Du inkje fær Tid dartil. -
No, dateringa. Den som har ordna brevsamlinga (sannsynlegvis H. G. Heggtveit sjølv, han gav ut skriftene til John Klæbo og skreiv ein liten biografi alt i 1888) har skrive "68?" med blyant på framsida av brevet. Eg trudde først at det rette måtte vere 1869. I UB i Bergen finst nemleg eit brev frå John Klæbo til Henrik Krohn datert 15. april 1870, der han vil "takka so mange Ganger fyr sisst! Ja, dei Sumardagarne paa Loftesnes! Aa, kor Saali mi og Hjartat hava laugat seg i dat ljose Minnet um den Vika!" Men to ting tyder på at Heggtveit (eller kven det no er) har rett: Året er 1868.
  1. I same brevet nemner Klæbo at han har møtt stiftsprosten i Tromsø, Fredrik Hvoslef, i Kristiania, og at han nett skulle bli vigsla til biskop. Det blei han i 1868.
  2. Av brev til Bang frå våren og hausten 1869 går det fram at Klæbo i sommarferien dette året var gjest hos han i kapellangarden på Gran på Hadeland.
To personar låg altså i startgropa sommaren 1868 med planar om å omsetje det nye testamentet til landsmål. Anton Chr. Bang hadde levert ei omsetjing av juleevangeliet, "Gudspjallet aa fyrste Joladagen," i Den norske Folkeskole 9. januar 1868. Kristofer Janson heldt sine Tri preikor i 1868, og gavdei ut samla i 1869. Dette kan du lese om i den forvitnelege boka til Jarle Bondevik, Og Ordet vart nynorsk. Ingen av dei kom til å realisere planane sine. Men tida var mogen. I 1870 kom Evangelium etter Markus, omsett av Georg Grieg.
# lagt inn 24.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?