<$BlogRSDUrl$>

12.6.05

Bergslien 

I Dag og Tid denne helga kan du mellom anna lese om "Bergsli-kunstnarane":
Brørne Knud og Brynjulf Bergslien kom frå ein husmannsplass på Voss, men enda opp på slottet. No vert dei heidra med utstilling.

I morgon opnar ei utstilling på Voss til minne om arbeida og liva til dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien. Bergslikunstnarane er brørne Knud og Brynjulf, og brorsonen Nils. Utstillinga finn ein i huset der Knud og Brynjulf Bergslien voks opp, eit hus stiftinga Bergsliminne har berga frå rivingsdauden.
– Ønsket vårt er å gjera dei tre Bergsli-kunstnarane meir kjende, seier Elisabeth Sølvberg Aase, fungerande leiar i styret for stiftinga Bergsliminne.
Kvifor BlixBlog interesserer seg for biletkunst? Mest fordi brorsonen det er tale om, Nils Bergslien (1853-1928), var far til Bergljot som blei gift med Ivar Blix, yngste son til Elias Blix.

Les meir.
# lagt inn 12.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?