<$BlogRSDUrl$>

5.6.05

Dagens Blix 

Vaar Herre held ein Nattverd stor / Der uppe høgt i Himmelkor
Og kallar oss fraa Livsens Strid / Til Høgtid der til evig Tid.

Til denne store Nattverds Dag / Han Gjester bed av alle Slag:
Kvar arm og usæl Mann han bed / Ved Vegamot og Gjerdeled.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 102

Evangeliesalme for "2. Sundag etter Trieinings-Helg" = 3. sundag etter pinse. Ikkje det største kunstverket til diktaren, men brukbart handverk. Dette er ei nokså enkel rimpreike over evangelieteksten om det store gjestebodet, eller "den store nattverden", som ein gjerne sa frå gammalt, Lukas 14,16-24. Her er mange velkjende og tradisjonelle trekk. Den inntrengande appellen til individet ("So kom, aa kom! No er det Tid, / Snart Naadens Dag til Ende lid") finn ein i mykje omvendingsforkynning. Men her er den sett inn i ei tydeleg gudstenestleg og sakramental ramme. Det ligg eit heilt kyrkjesyn i verset
Ved dette Ord han Frelsa byd / Og kallar so ein Kyrkjelyd,
Eit heilagt Herrens Folk paa Jord, / Eit Nattverd-Lag um Herrens Bord.
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 5.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?