<$BlogRSDUrl$>

15.10.05

Fram I 


BlixBlog har tidlegare hatt gåande ein liten serie om Blix og Garborg. Nett no held eg på å arbeide med den såkalla "Fram-krisa" i Det norske Samlaget 1871-72. Det er eit bra høve for å drøfte forholdet mellom Elias Blix og ein annan markant figur i målrørsla, den konsekvent opposisjonelle Olaus Fjørtoft (1847-1878).

Fjørtoft er interessant av mange grunnar. Det verkar som han var noko av ei psykologisk gåte sjølv for sine beste vener, han hadde ei eiga evne til å støyte folk frå seg, og ikkje berre motstandarar. Individualist, vil somme seie, einstøing, vil andre kalle han. Romanen Paa Forpost av venen Kristofer Kristofersen (1892) kan lesast som eit forsøk på å forstå desse sidene, hovudpersonen Olav Toft er eit portrett av Fjørtoft (det obligatoriske atterhaldet til skjønnlitterære skildringar som historiske kjelder kan få nøye seg med denne parentesen).

Fjørtoft utfordra med sin radikalitet, både politisk, religiøst og språkleg, og blei vel av dei fleste i samtida avvist som ein rabulist. Ivar Aasen talar i eit brev (1872) om "ymse Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp", med tydeleg adresse til kretsen rundt O. J. Fjørtoft. I teori og praksis stod Fjørtoft for eit radikalt talemålsnært fornorskingsprogram, i opposisjon til den språknormalen Aasen hadde utvikla.

Olaus Fjørtoft fekk klengjenamnet "Fram" (som han også ber i Garborgs Bondestudentar), og han gav ut eit tidsskrift med same namn i åra 1871-1874.
# lagt inn 15.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?