<$BlogRSDUrl$>

3.3.04

Blix og Garborg. P. S. 

Og eg som trudde eg var ferdig med Blix og Garborg for denne gongen. Men det var før eg fann fram til det eine bevarte brevet frå Elias Blix til Hulda Garborg i Nasjonalbiblioteket i dag. Det er dagsett 22.08.1898 og lyder slik:
Høit ærede Frue!

Paa Deres Anmodning igaar maatte jeg desværre svare, som sandt var, at jeg intet brugbart Bidrag havde færdigt og derfor intet turde love, da jeg for Tiden er stærkt optat af andet presserende Arbeide.

Det gjorde mig imidlertid ondt, da jeg saa inderlig gjerne vilde have ydet mit ringe Bidrag; da jeg saa kom hjem, satte jeg mig derfor til for at prøve, om jeg i en Snarvending kunde faa noget istand, og saaledes blev da disse Vers til. Jeg ved jo ikke, om De har tænkt paa noget Arrangement (Konsert eller et Marknadsblad ell. lign.), hvortil De kan bruge en saadan Sang. Men jeg sender den dog for at vise den gode Vilje til at imødekomme Deres Ønske.

Deres meget ærbødige
Slependen 22/8 98.
E. Blix.
(Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevsamling nr. 177)
Her har eg mange spørsmål. Kor hadde Blix møtt Hulda Garborg i august 1898? Kan han ha vore oppom på Labråten, når han først var i Asker? [17.04.2004: Ja. Sjå nedanfor.] Og kva for ein song er det tale om? Diverre er den ikkje å finne saman med brevet. Det aktuelle høvet er den før omtala "målmarknaden", som vart skipa til på Tivoli-området i Kristiania i september 1898. Vart bidraget frå Blix publisert eller nytta på annan måte, tru? Veit eller trur du noko om dette, høyrer eg gjerne frå deg.

Oppdatering, same kveld: Eg har funne songen! Det handlar om "Modersmaalet", publisert i Den 17de Mai 1. september 1898, og seinare i Salmar og Songar (1900), side 131-132. Eg er for trøytt til å sitere no. Men slik var altså soga om det diktet.
Korleis eg fann det ut? Dei hjelpsame folka i Ivar Aasen-tunet har forsynt meg med ein kopi av Ole Dalhaug sin database over alle artiklar i Den 17de Mai 1894-1913.
Oppdatering, neste morgon: Natta er forbi, og du kan lese "Modersmaalet" som "Dagens Blix".
Oppdatering, 16.04.2004: Ivar Blix har i det minste fortalt om eitt besøk på Labråten.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg V (Asker).
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?