9.11.05
Dagens Blix
Far utor / Dine Skor!
Her du stender paa heilag Jord:
Her er Staden av Herren vard,
Her er Himmelens Fyregard.
Her er Guds Kyrkja og Hus,
Her er Guds Kyrkja og Hus.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 131
Til helgemessesundag har Blix sett opp to gamle kjenningar. Den første er kyrkjesalmen frå 1870. Her er det ecclesia triumphans - den sigrande kyrkja - han syng om. Salmen renn over av bibelske allusjonar. Den første strofa er retta til Moses og til Jakob, som eg alt har vist. Så kjem, i rad og rekkje, allusjonar til
Laurdagens Blix
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen

- Bergpreika ("Høgt ho stend, vida kjend, lyser ut yver laage Grend")
- Elia-forteljinga, kombinert med pinsedagen ("Der er midt under Stormen Dus, / Der me høyra den stille Sus, / Naar Herrens Ande fer ned")
- det såkalla protevangeliet ("Sting enn Fienden hennar Hæl")
- Jesu likningar om såmannen og såkornet ("For Guds Ord / Fagert gror / I den innvigde Kyrkjejord.")
- Kjelda i Edens hage - og den i Jerusalem ("Livsens Kjelda med Skirslarbad / Surlar stilt gjenom Herrens Stad"
- Forteljinga om Jesu dåp ("Anden som Duva fer ned")
- Ein liten detalj frå Johannes-versjonen av forteljinga om Jesu siste måltid ("Hallar seg upp til hans Brjost")
Laurdagens Blix
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar: salmar