2.12.05
Dagens Blix
Renn upp yver Grav, du signad Sol! / Min Jesus, lat Straalar strøyma
Og lysa meg inn til Naadens Stol, / Naar her dei i Grav meg gjøyma!
So heim eg kann fara i ditt Ljos / Og Striden i Gleda gløyma!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 138
Kyrkjeårsplasseringa både for denne og gårsdagens salme er 24. sundag etter trieining (25. s. e. pinse). Men først og fremst er desse salmane gravferdssalmar, og dei har plassen sin i bolken "Den kristne vona" i Norsk Salmebok (denne står på nr. 859, i ei utgåve som er svært tru mot originalen).
Dette er den Store Nynorske gravferdssalmen, sungen i gravferdene til Ivar Aasen (29.09.1896), Elias Blix (25.01.1902 og Arne Garborg (januar 1924), i siste tilfelle mot ønsket til avdøde og enkja, men etter eit kupp av Ivar Mortensson Egnund.
Gårsdagens Blix
Tidlegare kommentar (1883-utgåva)
Heile salmen

Kategoriar: salmar