<$BlogRSDUrl$>

27.7.06

Blixkriget 

I Aftonbladet 17. juli skreiv Jan Myrdal om Ragnvald Blix under den treffande tittelen Blixkriget mot Hitler. Utdrag:
Men karikerade Ragnvald Blix? Ja, tolvårsteckningarna kunde kanske kallas karikatyrer; formförvridningar. Men sedan, redan i femtonårsåldern hade han, som skolebestyrer Otto Anderssen sade om sin elev, skärvan i ögat. Han kunde se och på papperet återge karaktär. Skillnaden mellan karikatyr och karaktär hade William Hogarth visat 1743 i bladet Character and Caricature. Det bladet återgick på diskussionen i Henry Fieldings förord till Joseph Andrews 1742.
Detta var inte okänt för den unge Ragnvald Blix ty vad som också bestämt hans konstnärskap är att han växte upp i ett bildat borgerligt artonhundratalshem. Hans far var professor Elias Blix. En orientalist som tagit filosofiska graden med avhandlingen: De vigtigste udtryck for begreberne herre og fyrste i de semitiske sprog. Sedan som kyrkopolitiker och psalmdiktare verkat för folkkyrka och nynorska.
Ragnvald Blix var som konstnär begåvad och därtill borgerligt bildad. Politiskt höll han livet igenom fast vid den liberalt oppositionella vänsterståndpunkt han präglats till i Kristiania under de politiska striderna vid artonhundratalets slut.
Les meir.
# lagt inn 27.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.7.06

Bildrama 

i helga (Avisa Nordland):
Bilen de to mennene kjørte i, en liten Citroen, skal ifølge vitner ha holdt stor fart på sin ferd i Vestbyen i Bodø. Naboer i området hørte hylende bremser før bilen kolliderte med en garasje og veltet rundt i krysset Elias Blix vei/Haakon VII gate.
# lagt inn 23.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Universitet 

Universitetene og nasjonalismen
er tittelen på vekas leiarartikkel i Morgenbladet. Nøkkelspørsmål:
Skal universitetene ansette de best kvalifiserte søkerne uavhengig av nasjonale hensyn, eller skal norsk statsborgerskap være en kvalifikasjon i seg selv?
Bakgrunnen for leiaren er ein artikkel av og eit intervju med Nina Dessau i same avis.

Det er lite som er nytt under sola, seier ei gammal bok. Denne problemstillinga var høgst aktuell for professor & utdanningsminister Elias Blix. Ved to professorutnemningar gjekk han inn for utanlandske kandidatar.

Hausten 1884 blei svensken Pontus Wikner utnemnt til professor i filosofi. Det fall mange gode nordmenn tungt for brystet.

Vinteren 1887/1888 innstilte statsråden dansken Anders Bjørn Drachmann til professoratet i latin. Sverdrup-fraksjonen i regjeringa gjekk inn for nordmannen L. B. Stenersen, som til slutt blei utnemnt, men først etter at Elias Blix hadde forlate regjeringa. Denne tilsidesetjinga av hans faglege votum var nok dråpen som fekk begeret til å flyte over.
# lagt inn 23.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.7.06

Olsok i Gildeskål 

Programmet for årets Olsok-feiring i Gildeskål finn du her. BlixBlog gjer særskilt merksam på dette arrangementet:
Mandag 24 Juli, Gildeskål hovedkirke kl. 17.00: Musikalsk Blix forestilling "Vogga på Våg"
Arve Heløy, Finn Sletten og Kristian Johansen
Bill. pris: kr:100.-/50.-
Elles blir olsokfeiringa prega av 150-årsjubileet til målaren Michaloff Wigdehl, mellom anna med fottur til Vigdelvatnet.

Eg har vore i Gildeskål i sommar, men eg har reist sørover for tidleg.
# lagt inn 16.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Seljumannamesse 

Post festum:
19.00 Kulturkveld i Totland kyrkje, Bryggja. "Å eg veit meg eit land"
Kapellan Svein Kvamsdal fortel om Elias Blix. Kollekt.
Dessverre er arrangementet forbi, det var laurdag 8. juli i samband med Seljumannamesse 2006.
# lagt inn 16.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Trøyst 

Men det er trøst å finne i lederartikkelen: «I 1960 brøt venstreorienterte medlemmer av Arbeiderpartiet ut og stiftet Sosialistisk Folkeparti». Som salmedikteren Elias Blix så rammende skrev: «Og ljos yver landet strøymde!»

(Kjartan Rødland, "To menn - og en avis", debattinnlegg i Bergens Tidende 11.07.2006)
# lagt inn 16.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.7.06

Nordland 

I mellomtida har eg vore på nordlandstur, med høgdepunkt som
Helgeland Museum, Rana: Dagbøker etter Ole Tobias Olsen, mellom anna frå den store vestlandsturen han og Elias Blix gjorde saman i sommerferien 1861
Arkiv i Nordland, Bodø: Det eldste arkivmaterialet etter Gildeskål formannskap
Salten Museum, Gildeskål: Kaffi og vaflar og ein god prat med Oscar Berg
Røssnes i Gildeskål: Hytta til svigerinne Live og mannen hennar, Jan Kåre, har vore forskningsstasjon i år att.
# lagt inn 12.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Anton Qvam 

I Trondheim att, i dag frå spesialsamlingane ved Gunnerusbiblioteket. Eg har studert Ole Richters privatarkiv tidlegare, denne gongen er det Ole Anton Qvam, stortingsrepresentant frå Nordre Trondhjems amt og mann til kvinne- og sanitetssaksstøttespelar Fredrikke Marie Qvam. Han skreiv nemleg heim frå stortinget. Dessverre for meg, men heldigvis for han, hadde han familien med seg til Kristiania fleire av dei (for meg) mest interessante stortingssesjonane. Men eg har no lært eit og anna om den politiske krisa i juni 1884, og stortingssesjonen 1886 var godt dekka.
# lagt inn 12.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.7.06

Visitas 

BlixBlog, i dag frå Trondheim (på veg nordover mot Gildeskål):

Kort besøk i statsarkivet (som snart er på flyttefot). Gevinst: Endeleg fann dei visitasprotokollen til prosten i Søre Salten for åra 1849-1882. Kva eg skal med den? Den inneheld årlege rapportar frå prosten om tilhøva i skole og kyrkje i Gildeskål medan Elias Blix framleis var skolegut og konfirmant. Dessutan visitasberetninga til biskop D. B. Juell, som visiterte Gildeskål i juni 1853, like før han sleppte Elias Blix inn som elev på seminaret i Tromsø.

Ikkje dei store overskriftene, men mange små brikker fell på plass.
# lagt inn 4.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?