<$BlogRSDUrl$>

1.4.08

Stavanger Aftenblad 

Salmedikting og venstrepolitikk er den velvalde (om eg må seie det sjølv) tittelen på bokmeldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Stavanger Aftenblad i dag (papirutgåva). Det er Jan Inge Sørbø som har skrive også denne meldinga, men vinklingane er til dels andre enn i Morgenbladet-meldinga hans. Eit sentralt avsnitt i Aftenblad-meldinga lyder slik:
PIONER: Det ein likevel sit att med etter lesinga, er eit sterkt inntrykk av dei kulturelle og politiske prosessane det norske samfunnet gjekk gjennom i denne tida. For det første mobiliteten: at det gjekk an for nye grupper å skaffa seg utdanning, og skifta plass i samfunnet. Dernest det store politiske oppgjeret, der dei breie folkelege rørslene sette makt mot konge og regjering. Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering etter det parlamentariske opprøret i 1884. Og - som ein del av dette- det språklege opprøret, der ein frå norsk side insisterte på å få sitt eige skriftspråk.
Da har eg greidd å få fram det eg ville, sjølv om Sørbø forsiktig antyder at eg "dokumenterer ... grundig - av og til for grundig kanskje" og nok "kunne ... dramatisert litt meir, men det er i det objektive han har sin forse. Samtidig gir han gode lesingar av nokre av salmane." Denne siste setninga set eg særleg stor pris på, Jan Inge Sørbø er sjølv ein skarp lesar av nynorsk lyrikk. Sluttsetninga:
Med denne biografien har Blix fått eit monument han fortener, som ein slags nynorskens nest viktigaste mann.
# lagt inn 1.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?