<$BlogRSDUrl$>

29.7.08

Meir Møre-Nytt 

Frå ein trufast lesar i Ørsta (takk, Terje!) har eg fått tilsendt dokumentasjonen av Per Lønning si gjesting i det nynorske hus under Dei nynorske festspela, som eg har omtala tidlegare. Mistanken min blei stadfesta, det er Vårt Land som er skuld i alle trykkfeil, Møre-Nytt er heilt uskuldig. Dette har hendt:

Møre-Nytt 1. juli: "Flammande Lønning i søndagspreika i Aasen-tunet: Stortinget slo beina under sivilisasjonen". Det er altså ekteskapslova det gjeld, og konklusjonen er kjent: "'No er det i Noreg atter dag' klarer eg ikkje lenger å syngje, avslutta Lønning."

Møre-Nytt 10. juli, spalta "På telefonen": Pit Myklebust frå Vartdal spør: "Kva er det Lønning vil?" og avsluttar med utfordringa: "eg må også seie at eg synest det er merkeleg at dei lokale arrangørane gjekk med på å sensurere salmen."

Møre-Nytt 12. juli: "Fedrelandssalmen skal syngjast fritt i Aasen-tunet", lovar Ottar Grepstad. Dette innlegget har Vårt Land alt sitert det meste av, så det brukar eg ikkje meir plass på, sjølv om direktør Ottar kunne fortent å få retta opp "æille feili frå Vårt Land", som Prøysen ville sagt det.

NYTT: Møre-Nytt 19. juli: Under overskrifta "Når Blix vert 'sensurert'" svarer Per Lønning sjølv på klagemåla. "Få her i landet har vigsla meir av eit langt liv på arbeid med salmar og salmebruk enn eg, noko det snautt er trong for å prova svart på kvitt. Her skal det berre nemnast at eg heldt hovudføredraget ved 150-års Blix-høgtida i Gildeskål i 1986."

Ja, føredraget var bra, det, det er publisert i Kirke og Kultur same år, men som argument i den aktuelle diskusjonen er det helst litt mindre enn halvgodt. Mesteparten av spalteplassen nyttar Lønning heldigvis på å argumentere for det han faktisk gjorde, med utgangspunkt i søndagsteksten frå Josva 24 og i det dagsaktuelle lovvedtaket i Stortinget. Eg siterer avslutninga:
Hadde sluttordet der og då vorte at "No er det i Noreg atter dag", då kunne dette på bakgrunn av Josva-teksten lett opplevast som ein sams rømingsaksjon. Derimot ville sløyfing av eit vers, av folk av gamal vane rekna for sjølvsagt, ha utfordra til ettertanke.

Den som trur at det i staden hadde gått av seg sjølv å oppleva det nemnde Blix-verset "reint", lausrive frå den sutløyse tidsånda der og då ville ha lagt inn i det, veit lite både om salmar og om tidsånd. Skulle det då ikkje vera at dei er lite opptekne av grunnhaldninga til salmediktaren Elias Blix.
Der står saka no, og der er det kanskje greitt at den blir ståande. Per Lønning er ikkje kjent for å gje andre det siste ordet. Eg kan likevel ikkje la vere å knytte ein merknad til talarens ethos: Eg hadde stor respekt for Per Lønning da han trekte seg som biskop i Borg etter at abortlova var vedteke for tretti år sidan. Eg var vel ikkje, og er ikkje, samd i vurderinga av den lova heller, men eg har respekt for konsekvens og integritet. Profetkappa til Lønning falma kraftig for meg da han tok imot bispeembetet i Bjørgvin nokre år seinare. Kanskje det no er på tide å hengje frå seg gamle klesplagg.
# lagt inn 29.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?