<$BlogRSDUrl$>

19.7.08

Møre-Nytt 

Til liks med ein del andre aviser har Vårt Land kvar veke ei klippspalte, "På blokken", der stort og smått frå andre aviser blir presentert, gjerne i ei litt skeiv eller ironisk ramme. I dag er Elias Blix emne for fleire av klippa.

Under overskrifta "GEOGRAFI" refererer avisa frå GD at "Elias Blix brukte Lillehammer-avisa 'Framgang' som kladdepapir da han skreiv 'Gud signe vårt dyre fedreland'." Men dette veit sjølvsagt lesarar av BlixBlog alt.


Dei andre klippa skal eg referere i full lengd, til opplysning for lesarar som ikkje har tilgang på landets siste fullformatavis, kulturorganet Møre-Nytt. Eg har ein mistanke om at trykkfeila skuldast Vårt Land og ikkje Møre-Nytt. Der i huset lar dei datamaskinar lese korrektur.
NORGE OG NORDMENNENE
– No er det mogleg at eg er litt naiv, men kan nokon som har vit på det forklare meg kvifor Per Lønning ville kutte ut verdet "No er det i Noreg atter dag"?, seier Pit Myklebust på Vartdal.
Møre-Nytt

Det Lønning sa frå preikestolen var at med den nye ekteskapslova er det ingen dag i Noreg lenger. Det er Per Lønning sitt syn, og det har han rett til å meine. Kor klokt det var å seie det han sa på den måten han sa det i denne festspelgudstenesta, får kvar og ein vurdere. Festspelgudstenesta blir arrangert av Volda og Ørsta sokneråd kvart sitt år. Arrangementsansvaret ligg såleis hos dei. Det var heilt ukjent for Nynorsk kultursentrum at biskopen ville sensurere fedrelandssalmen av Elias Blix nettopp i Aasen-tunet. Hadde vi visst det, ville vi teke affære. Det han sa om salmen i preika, kom altså like uventa på meg som på resten av kyrkjelyden. Då eg frå talarstolen takka for gudstenesta og ønskte vel møtt til kyrkjekaffi en, kunne eg ikkje gjere anna enn å seie: "Over oss er himmelen den same. Det kjennest rett å seie et nett no." Kva eg som ansvarleg for Ivar Aasen-tunet elles meinte om dette, sa eg både til biskopen og arrangøren etter gudstenesta. Nynorsk kultursentrum drøfta saka grundig på eit svært god måte måndag 7. juli. Vi er samde om at samarbeidet om festspelgudstenestene er svært positivt og bør førast vidare. Det er viktig at kyrkja ikkje kjenner seg bunden, at samarbeidet byggjer på gjensidig respekt, og at gudstenestene spelar breidda i Den norske kyrkja. Vi er også samde om at fedrelandssalmen til vanleg bør ha ein sentral plass som avsluttande salme ved festspelgudstenestene. Er det ein stad Blix skal kunne syngjast fritt, er det i Ivar Aasen-tunet. Slik blir det.
Ottar Grepstad, direktør, Nynorsk kultursentrum, i Møre-Nytt
Amen. Eg har høyrt om hendinga frå fleire som var til stades under festspelgudstenesta i Ivar Aasen-tunet 28. juni. Gamlebispen Per Lønning nytta altså høvet, i kjent profetisk stil, til å seie si hjartans meining om den nye ekteskapslova. Eg var ikkje der, men eg har vanskeleg for å sjå at dette var ein spesielt klok bruk av ein så eineståande preikestol. At ein ikkje tullar med Blix i Nynorsk kultursentrum, burde biskopen ha forstått, spør du meg.

Og om du spør meg om den nye ekteskapslova: Eg greier ikkje hisse meg slik opp over den. Eg er skeptisk til somme punkt, særleg det som gjeld rett til assistert befruktning for lesbiske par. No meiner eg at assistert befruktning med anonym sæddonor reiser ei rad etiske problem også når det gjeld heterofile par. På den andre sida skal eg, som lukkeleg far til tre barn, ikkje ha altfor bastante meiningar på vegner av dei som er i andre situasjonar. Men at likekjønna par kan få høve til ei forpliktande og offentleg ramme rundt samlivet sitt, ser eg på som eit gode.
# lagt inn 19.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?