<$BlogRSDUrl$>

22.11.08

Salmar på Sand 

Fredagen fekk eg først låne eit kontor på Ryfylkemuseet før møtet på Sand i Suldal kommune. Her fekk eg høve til å helse på biografkollega Ernst Berge Drange (Rasmus Løland), til dagleg museumskollega av Trygve Brandal. Det sette eg stor pris på. Eg skal ikkje påstå at eg har lese heile boka hans, den er enda tjukkare enn mi, men mykje har eg lese med interesse og noko har eg jamvel sitert.

Eg var nokså spent på om det ville kome folk på eit møte ein blank fredag formiddag. Men det viste seg at det var stor interesse for salmebokforslaget, det må ha vore meir enn tretti personar til stades. Det blei ein engasjert samtale etter innleiinga mi, "'Me syngja skal den nye song.' Framtid for nynorsk salmesong?" Vi diskuterte ikkje berre strategiar for å ta vare på og utvikle den nynorske salmeskatten, men òg dei heilt grunnleggjande spørsmåla om kva ein salme eigentleg er og kva som eigentleg høyrer heime i ei salmebok. Det er fint å sjå at dette er spørsmål som engasjerer folk. Mållagsleiaren i Suldal, Wenche Haugen Havrevoll, er mellom aktivistane. Ikkje berre har ho fått dette møtet i stand, ho har til dømes òg fått Eyvind Skeie til å lage ein nynorsk versjon av adventssalmen "Tenn lys". Den er rykande fersk, teksten finn du på bloggen hans.

Ei stor glede var det å treffe att Ellen, ei ungdomsvenninne frå studietida som har slått seg ned i Suldal. Til stades på møtet var òg kvinna som eig den hagebenken Elias Blix skal ha sete på da han gjorde ferdig "Gud signe vårt dyre fedreland" under eit besøk på Fjellhaug (eg har nemnt denne versjonen av soga eit par gonger på bloggen, trur eg, sist her). Og så er jo Suldal heimbygda ikkje berre til forfattaren Rasmus Løland, som er død for lenge sidan, men òg til forfattaren Inger Bråtveit, som er høgst levande, aktuell med ny bok og omsetjarkollega i Bibelselskapet.

Gode hjelparar skyssa meg opp til Røldal. Eg hadde mykje å tenke på på bussen heim.
# lagt inn 22.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?