<$BlogRSDUrl$>

13.12.08

Historisk Tidsskrift 

Ei ny melding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix denne veka, og det i noko så prestisjetungt som Historisk Tidsskrift nr. 4-2008. Det er Jon Segtnan, Bergens-basert historielektor, som er forfattar.

Denne meldinga er svært viktig for meg, av to grunnar: For det første fordi den står i Historisk Tidsskrift, eit teikn på at boka blir registrert og teken på alvor i faghistorikarmiljø. For det andre fordi Jon Segtnan kjenner dette stoffet svært godt. Han har interessert seg for Blix minst like lenge som eg har, mellom anna heldt han eit radioføredrag i P 2-Akademiet alt i 1997 (publisert i bind L), same året som eg sjølv publiserte mitt første vesle arbeid om Blix som semittist.

Dette er, saman med NTT-meldinga til Hallgeir Elstad, den viktigaste faglege responsen på biografien hittil. Eg kjem til å diskutere eit par punkt med Segtnan og, men i langt mindre omfang enn diskusjonen eg har ført om Elstad-meldinga. Eg kan jo ikkje nekte for at meldinga til Segtnan er viktig for meg også av ein tredje grunn: Den er svært positiv.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 13.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?