<$BlogRSDUrl$>

30.11.08

Elstad VIII: Teologen 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 267:
Teologen Blix er merkeleg fråverande i denne biografien. Det kunne vore spennande om biografen hadde freista å teikne ein teologisk profil av Blix ut frå salmane hans. Truleg ville òg ein grundigare analyse av eksamenssvara hans til teologisk embetseksamen ha kasta noko av seg. ... Og kva med tilhøvet til grundtvigianismen?
Dette må eg ærleg vedkjenne at eg ikkje forstår. Kva i all verda meiner Elstad med at "teologen Blix" er "fråverande"? Eg vil meine at eg har gått grundigare inn på hans formatio som teolog enn nokon annan biograf hittil, Elstad inkludert. Den handlar slett ikkje berre om teologisk embetseksamen, men la meg no ta unna dette først. Elstad:
Svara til Blix blir karakterisert som "flinke", men utan at Aschim tek seg bryet med å gå nærare inn på det innhaldsmessige i dei. Han konstaterer at Elias Blix er "solid fundert i den luthersk-ortodokse skolastikken, slik den er formidla gjennom Gisle Johnsons teologisk-psykologiske system" (s. 144). Som lesar er eg nyfiken på korleis denne profilen kjem til uttrykk i eksamenssvara.
No er eg ikkje sikker på at andre lesarar er like nyfikne som Elstad på dette punktet, men OK. Eg har faktisk teke bryet med å transkribere, lese og tenkje gjennom desse eksamenssvara, og eg meiner min samanfattande karateristikk er adekvat. Elstad og andre er velkomne til å etterprøve, eg har kommentert samtlege eksamenssvar her på bloggen, ein kan ta til her og nøste seg bakover. Fleire av svara ligg også ute i fulltekst, mellom anna svara i kyrkjehistorie og etikk.

Forminga av teologen Elias Blix begynner mykje tidlegare, i heimen, skolen og kyrkja i Gildeskål, for ikkje å snakke om på seminaret i Tromsø. "Seminarist-teologien" er karakterisert på s. 68-69, det johnsonske systemet på s. 130-131. Ein kan innvende at eg gjer for lite ut av skilnaden mellom Caspari og Johnson, særleg når det gjeld kyrkjesyn. Det er vel rimeleg å karakterisere C. som meir høgkyrkjeleg og mindre pietistisk enn J.

Og eg har "teikna ein teologisk profil ut frå salmane" til Blix. Den er samanfatta på s. 173, under analysen av "I Edens sæle Sumar": "Elias Blix er ein norsk rabbinar som ser verda frå Edens hage."

Eg har ein mistanke om at det er i setninga om grundtvigianismen Elstads agenda kjem til syne. Eg har ikkje sett Blix i bås, eg har ikkje låst han til nemningar som "pietist" eller "grundtvigianar".

Vel, må eg det, så er Blix meir av det første enn av det siste. Men han har meir med seg av den tradisjonelle oppsedingskristendommen frå statspietismens og Pontoppidans tid enn av dei nye vekkingsrørslene, sjølv etter fleire år under Gisle Johnsons kateter. Meiner eg. Dette trur eg også er noko av grunnen til den breie populariteten salmane hans har oppnådd. Teologisk formidlar han ein felles arv frå den statspietistiske folkekyrkja på 1700-talet meir enn dagsaktuelt 1800-talskonfliktstoff. Dette "gammalkyrkjelege" preget er det fleire kommentatorar som har peikt på, mellom andre Eivind Berggrav.

Når det er tale om kjelder: Eg trur det er meir teologi å få ut av førelesingane til Blix enn av eksamenssvara hans. Her er det enno arbeid å gjere. Alle som har prøvd å lese gamle eksegetiske førelesingar, veit at ein skal gjennom mykje knastørr filologi før ein finn eventuelle gullkorn. Men manuskripta finst i Nasjonalbiblioteket i Oslo, det er berre å gå i gang, for den som har mot til det. Eg har berre gått systematisk gjennom ein del av manuskriptet til 1. Mosebok; det finst nokre nedslag av det i boka. Der handlar det mest om møtet med moderne kritisk bibelforsking, som Blix nok aldri heilt greidde å ta inn over seg.

Med dette sluttar eg diskusjonen av meldinga til Hallgeir Elstad, ei lesing eg altså er djupt usamd med på viktige punkt, men som eg alt i alt likevel er svært takknemleg for. Eg kostar på meg avslutninga hans:
Til slutt: Det er samla sett eit solid arbeid Anders Aschim har levert. Elias Blix - ikkje minst salmane hans - spelar ei viktig rolle i den norske kulturhistoria. Biografien fortener å bli lesen av alle med interesse for denne historia.
Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 30.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?