<$BlogRSDUrl$>

9.1.09

Kåringar II 

Dag og Tid følgjer opp frå sist veke:
Ver med og røyst fram favorittboka di frå 2008. Du treng slett ikkje å leggje ved noka grunngjeving, men dette er kva nokre av lesarane har sagt om sine eigne favorittar så langt:

«Ein betre vår ein gong er spennande lesnad, fordi Aschim i eit lett språk, og likevel på ein grundig måte, fortel om ei vårløysing i norsk kultur.»

«Vente, blinke – ein frisk og nyskapande roman.»

«Kvartett er ikkje bare den beste nynorskboka i 2008, den vil vere i toppen blant alle bøkene gitt ut i Norge dette året.»
Da har eg altså fått ei røyst, eg seier takk for gode ord og godt selskap. Eg har tidlegare greidd ut om tilhøvet mitt til slike konkurransar. Eg tek opp att etterlysinga av Inger Bråtveits Siss og Unn.

I dag vil eg elles gratulere konkurrent Gunnhild Øyehaug med topplassering i ei liknande kåring i Morgenbladet, der lesarane har kåra Vente, blinke. Eit perfekt bilete av eit personleg indre til Årets bok, med konkurrent Marit Eikemo (Samtidsruinar) som ein god nummer to. Dei to nynorskbøkene på lista fekk altså dei to første plassane. Eg overlèt til sportskommentatorane å tolke resultatet, men det må vel tyde at det står bra til med nynorsk litteratur.
# lagt inn 9.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?