<$BlogRSDUrl$>

2.1.09

Segtnan II: Politikk 

Det eg kanskje var mest spent på i bokmeldinga til Jon Segtnan i Historisk Tidsskrift, var responsen på handsaminga mi av Blix som politikar. Her har Segtnan sjølv spesielt mykje kunnskap og kompetanse. Til mi store glede er han positiv.

Mot eitt punkt rettar han velgrunna kritikk: Han synest eg tek for lett på innsatsen til Blix i soknerådssaka, lovframlegget som førte til Sverdrup-regjeringas største politiske nederlag og som var den viktigaste enkeltfaktoren som førte til splitting av regjeringa vinteren 1888. Det er ikkje heilt rett når Segtnan (s. 717) skriv at "[f]orfattaren går ikkje inn på Blix sin dissens i 1886", den er nemnt (men ikkje analysert) på s. 345-346. Men eg skal innrømme at t. d. odelstingsdebatten i juni 1887 hadde fortent meir plass og analyse.

Eg trur eg vil sende ballen attende til Segtnan når det gjeld denne saka. Den er svært komplisert, her haglar det med kryssande interesser og vikarierande motiv frå ulike aktørar.

Mi oppfatning er altså at Blix svært halvhjarta la fram proposisjonen våren 1887 og forsvarte den i Odelstinget, meir av lojalitet enn av entusiasme. Dette var i all hovudsak eit Sverdrup-prosjekt, som Jakob Sverdrup hadde arva frå far sin (og bror til Johan Sverdrup), sokneprest H. U. Sverdrup. Terje Ellingsen har skrive godt om denne debatten, men eg trur ikkje siste ord er sagt på ei god stund enno. Mellom anna finst det eit omfattande apologetisk dokument i Jakob Sverdrups Nachlass der han gjer greie for denne saka (i si karakteristiske og tungt leselege handskrift). Dette er verd ei eiga studie, den kan Segtnan skrive minst like godt som eg.

Til slutt: I samband med politikaravsnittet skriv Segtnan: "Energisk og med pågangsmot har teologen kledd seg i historikarens gevantar." Lese med vrangvilje kan denne utsegna tolkast som eit snevert syn på historiefaget, historie = politisk historie. Eg trur ikkje det er slik meint, men eg vil gjerne presisere at eg meiner å ha lånt historikarens gevantar gjennom det meste av framstillinga mi, også dei som er meir kultur- og sosialhistorisk prega.

Med dette takkar eg Segtnan for hyggeleg respons og faglege utfordringar.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 2.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?