11.5.09
Forskingsoppgåver
Eg har visst ikkje rapportert frå sist onsdags møte i Norsk forum for bibeloversettelse. Det blei ein gild kveld. Mellom dei femten eller vel så det frammøtte var det garva bibelomsetjarar (med røynsle frå to generasjonar norsk bibelomsetjing og frå Papua Ny-Guinea), framifrå filologar og teologar (inkludert ein språkdirektør og ein biskop emeritus). Særleg sette eg pris på å få tid til ein god prat med Per Halse.
Om sjølve føredraget skal eg ikkje seie stort, det meste står no spreidd rundt i biografien. Men eg har lyst til å nemne at eg avslutta med å lansere ei rad uløyste forskingsoppgåver i grenselandet mellom teologi, filologi og historie. Her er ledige emne både for doktoravhandlingar, masteroppgåver og meir avgrensa arbeid. Eg står gjerne til disposisjon om nokon er interesserte i meir informasjon. Ønskjelista mi ser slik ut:
Om sjølve føredraget skal eg ikkje seie stort, det meste står no spreidd rundt i biografien. Men eg har lyst til å nemne at eg avslutta med å lansere ei rad uløyste forskingsoppgåver i grenselandet mellom teologi, filologi og historie. Her er ledige emne både for doktoravhandlingar, masteroppgåver og meir avgrensa arbeid. Eg står gjerne til disposisjon om nokon er interesserte i meir informasjon. Ønskjelista mi ser slik ut:
- Bibelomsetjing til nynorsk 1899-1938. Per og eg har gått nokså grundig inn på arbeidet med landsmålstestamentet av 1889 (revidert 1899) frå ein historisk synsvinkel, og Jarle Bondevik har gjeve gode framstillingar av heile den nynorske bibeltradisjonen frå ein filologisk. Men spesielt når det gjeld Fyrebilsbibelen av 1921 ligg det føre eit ubearbeidd, men lett tilgjengeleg og svært interessant kjeldemateriale på Riksarkivet. Mellom anna finst det mange brev frå omsetjarar der dei gjer utførleg greie for omsetjarval og -strategiar.
- Nynorsk Salmebok er neste oppgåve. Her òg finst det eit fantastisk kjeldemateriale i den same samlinga, som eg har tillate meg å kalle "nynorskens dødehavsrullar".
- Peter Hognestads biografi. Hognestad er bondestudenten frå Jæren som både var sentral i den frilyndte ungdomslagsrørsla og var den første læraren i Det gamle testamentet ved Menighetsfakultetet. Han var mannen som diskuterte Jesus med Arne Garborg, fullførte omsetjinga av dei bibelske salmane etter at Blix var død, var primus motor i arbeidet med Fyrebilsbibelen, laga Nynorsk Salmebok saman med Bernt Støylen og Anders Hovden, som blei biskop i Bergen - og som har etterlate seg mykje av det kjeldematerialet som er nemnt under dei førre to punkta.
- Norsk bibelsyntaks 1889-2011. Doktoravhandlinga til Jarle Bondevik tok for seg det nynorske bibelmålet med vekt på morfologi og ordtilfang. Det hadde vore svært interessant om nokon tok på seg å studere korleis den syntaktiske sida av norsk bibelspråk har utvikla seg. Nybibelen som kjem i 2011 vil vere innovativ på ein del område her, trur eg.