<$BlogRSDUrl$>

11.6.09

Blix på Nesflaten 

I dag gjer eg merksam på ein hyggeleg kommentar ein annan stad på bloggen. Eg tillet meg å sitere heile her på framsida:
Hei,
Me i 5. klasse på Nesflaten skule har eit songhefte som me brukar i 1.time på skulen. I dag ville me synga ”No livnar det i lundar”. Det var Kent Runar som foreslo det, for det er den finaste songen han veit. Det er me andre einige i, men me likar mange andre songar og.
No livnar det i lundar har så fin tone, og så er han fin fordi han er på nynorsk. Me har snakka om kva for ei linja me tykkjer er finast. Ådne, Eina og Christina synest ”Du vår med ljose dagar” er finast. Kent Runar likar aller best ”den heile skapning stundar no fram mot sumars tid” og Kevin likar desse linjene best: ”alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår.”

Helsing Kent Runar, Ådne, Kevin, Eina og Christina
5.klasse
Det var ei fin helsing. Eg synest alle linjene de føreslår er fine, men eg er kanskje mest samd med Kent Runar, trur eg. Fint å høyre at de både les, skriv og syng, særleg det siste. Mange stader syng dei for lite på skolen for tida, meiner eg.

Nesflaten skule ligg i Suldal kommune i Rogaland, for dei som måtte lure. Tek eg ikkje mykje feil, er dette skolen til forfattar og bibelomsetjar Inger Bråtveit (sist sett her).
# lagt inn 11.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?