<$BlogRSDUrl$>

11.6.09

Salmebokdebatten 

I dag er BlixBlog dregen inn i salmebokdebatten i Vårt Land. Sluttsetninga i dette innlegget er sitert i eit lesarbrev med overskrifta "Heller eit salmetillegg?" underteikna av ei gruppe på fire personar frå Suldal. Eg kjenner dei frå før og veit at dei arbeider svært seriøst med salmeboksaka. Eg siterer nokre utdrag
Vårt Land melder, 28. mai, at leiaren i Kyrkjerådet er irritert på bispedømmerådet for Agder og Telemark som vil utsetja salmebokreforma. Nils-Tore Andersen sukkar over folk som ikkje har følgt med i timen, og karakteriserer desse som lite seriøse. Det er ikkje grasrota som har kravd endringar. Det blir stadig tydelegare at verken forslaget til ny salmebok eller til ny liturgi skaper stor entusiasme ute mellom folk. Anders Aschim, prest, forfattar og bibelomsetjar seier det slik på bloggen sin: «Ein ting uroar meg: Eg har møtt mange ulike forsamlingar for å snakke om salmar. Eg finn ingen, eg tek opp att: Ingen, entusiasme for det nye salmebokframlegget.»
...
Kyrkjerådet har vore særleg misnøgde med at nynorskprosenten er for låg i salmebokframlegget. Det kjem mellom anna av at så mange nynorske salmar er tekne ut. Med å halda på dei noverande bøkene, vil ein ha eit betre utgangspunkt for å styrkja nynorskprosenten.
...
Det er stor semje om at trusopplæring er den største og viktigaste utfordringa for kyrkja i dag. Skulen er i praksis ute av biletet, og kyrkja må sjølv ta ansvar for opplæringa. Det er ikkje nok å læra opp ungane. Foreldre og fadrar treng og å rustast for å kunna halda dåpsløftet. Sidan me ikkje har uendeleg med pengar, blir me nøydde til å prioritera. Spørsmålet blir då om nye salmebøker er det som skal koma fyrst. Eller om me til dømes heller skal tilby dåpsskule for foreldre.

Det er inga skam å oppdaga at det er lurt å snu. Det er ikkje dumt å verkeleg lytta til kyrkjemedlemmer ute i landet som engasjerer seg i eit høyringsutkast. Me er bedne om å svara på oppsette spørsmål. Det første er om me er einige i at salmeboka skal koma i to bind, kjernesalmar og tillegg. Me reknar med at også me som seier at det held med tilleggsbind, vil bli tekne seriøst.

Wenche Haugen Havrevoll, Wenche Nygaard, Ingvar Olimstad, Judith Sørhus Litlehamar, Suldal
Innlegget frå Suldal ligg ikkje på nett, men les gjerne denne kommentaren og den påfølgjande debatten.
# lagt inn 11.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?