<$BlogRSDUrl$>

17.9.09

Biografinytt: Bjørneboe 

Aftenposten:
- Bjørneboe undervurderes
Therese Bjørneboe er sterkt kritisk til at faren og andre i det antroposofiske miljø undervurderes menneskelig og intellektuelt i biografien om Jens Bjørneboe.
Den tidlegare nemnde fellesnemnaren mellom Olav Aukrust og Jens Bjørneboe - antroposofien - interesserer meg, ikkje minst biografane Jan Inge Sørbø og Tore Rem sine (re)konstruksjonar av fenomenet. Eg skreiv tidlegare: "Aldri før har påverknaden frå Rudolf Steiner og tilhengjarar vore så seriøst behandla som i desse to biografiane."

Dette står eg framleis ved. Eg har ikkje lese boka til Rem. Men av somme meldingar og av reaksjonane til Therese Bjørneboe i dag kan det sjå ut som om Rem har dårlegare gehør for metafysikk enn Sørbø. Eg ser ikkje bort frå at denne skilnaden kan ha noko med biografane sin biografi å gjere. Eit opplagt emne for ei komparativ undersøking. Eg melder meg ikkje til å utføre oppgåva, men det må da vere eit framifrå emne for ei mastergradsoppgåve i eit eller anna fag?
# lagt inn 17.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?