<$BlogRSDUrl$>

9.5.05

Dagens Blix 

Den Veg til Livet er so trong, / Der sjeldan Rosor anga;
Men Klungrar veksa mangeing Gong / Og fast ved Foten hanga.
Det sting og brenn, / Og Blodet renn, / So tidt eg saar og magtlaus stend
Og kvider fyr aa ganga.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 89

Utelatinga av denne Blix-klassikaren i Norsk Salmebok er ei synd eg ikkje veit om det er tilgjeving for. Dette er Blix på sitt mest Brorsonske, trur eg. Salmen avslutta det første heftet, og den stod sentralt i den tidlege Blix-resepsjonen. Jørgen Olafsen valde å sitere nett denne som døme på arbeidet til den nye salmediktaren i den første Dagblad-meldinga 27. april 1869. Og den kom med i Birger Halls Kirkeklokken (1890).

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?