24.12.05
Dagens Blix
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa,
Kalla og helsa med Fred Guds Born!
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Songar sæle, Englemæle,
Englemæle med livsæl Ljod!
Far gjenom Grender, strøym yver Strender,
Strøym yver Strender som Toneflod!
Songar sæle, Englemæle osv.
Englar kveda: Høyr den Gleda,
Høyr den Gleda, som her er hend!
Ljoset er runnet, Livet er vunnet,
Livet er vunnet: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den Gleda osv.
Sæle Stunder, store Under,
Store Under og Løyndoms Skatt!
Møyi vart Moder, Gud vart vaar Broder,
Gud vart vaar Broder i Jolenatt.
Sæle Stunder, store Under osv.
Barn er boret! Barnekoret,
Barnekoret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans Brøder,
Oss til hans Brøder, Guds Born som han.
Barn er boret! Barnekoret osv.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad,
Sælt det dagnad, og Ljoset rann:
Von yver Verdi, Ljos yver Ferdi,
Ljos yver Ferdi til Livsens Land.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad osv.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
Daa skal oss Kolkka leikande lokka,
Leikande lokka til Helg i Sky.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 15
Opphavleg publisert i Nordmannen 26.12.1889
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa,
Kalla og helsa med Fred Guds Born!
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Songar sæle, Englemæle,
Englemæle med livsæl Ljod!
Far gjenom Grender, strøym yver Strender,
Strøym yver Strender som Toneflod!
Songar sæle, Englemæle osv.
Englar kveda: Høyr den Gleda,
Høyr den Gleda, som her er hend!
Ljoset er runnet, Livet er vunnet,
Livet er vunnet: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den Gleda osv.
Sæle Stunder, store Under,
Store Under og Løyndoms Skatt!
Møyi vart Moder, Gud vart vaar Broder,
Gud vart vaar Broder i Jolenatt.
Sæle Stunder, store Under osv.
Barn er boret! Barnekoret,
Barnekoret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans Brøder,
Oss til hans Brøder, Guds Born som han.
Barn er boret! Barnekoret osv.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad,
Sælt det dagnad, og Ljoset rann:
Von yver Verdi, Ljos yver Ferdi,
Ljos yver Ferdi til Livsens Land.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad osv.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
Daa skal oss Kolkka leikande lokka,
Leikande lokka til Helg i Sky.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 15
Opphavleg publisert i Nordmannen 26.12.1889
BlixBlog ønskjer alle lesarar og vener ei god og fredeleg jul.