<$BlogRSDUrl$>

20.1.07

Dagens Blix 

Vaar Herre Krist, / Du er den gode Hyrding visst!
Ein Hyrding god / Fyr Hjordi giv sitt Hjarteblod:
So gjorde du/ Fyr oss til Dauden tru!

---
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 46-48

Faste-, pasjons- og påskesalmane i Salmar og Songar har eg arbeidd meg gjennom før. Salmen "Den gode Hyrding" høyrer til 2. sundag etter påske og er ein grei evangeliesalme over Johannes 10,11-16. No har det seg slik at Blix alt hadde skrive ein mykje meir kjend salme til denne teksten og sundagen, "Vår Herre er ein hyrding god." Denne seine salmen kom aldri inn i noka salmebok.

Noko stort tap for norsk kyrkjesong er det kanskje ikkje, men salmen har fleire interessante trekk om ein les den som del av Blix' litterære verk.

For det første, det held sjølvsagt ikkje med EIN bibeltekst for gamle rabbi Blix. På same måte som i tilfellet "Vår Herre er ein hyrding god" gjev hyrding-motivet ein opning mot Lukas 15 og Salme 23 (meir om dette her). I tillegg har denne salmen ei fin kopling til ein annan evangelietekst til same sundag, Johannes 21,15-19 (særleg siste strofe, men òg tidlegare).

For det andre: Sjølv om koplinga til den tradisjonelle pastoralen ligg nær, er det òg ein del eigen erfaring frå gjetarliv i ei strofe som denne. Ikkje minst synest eg det hadde vore kjekt med ein skikkeleg lokk i salmeboka.

Din vesle Flokk / Du kallad med din Hyrdinglokk.
Du sankad deim / Og ved di Hand deim leidde heim
Inn i din Gard, / Som er av Anden vard.


Heile salmen
Førre Dagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
# lagt inn 20.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?