<$BlogRSDUrl$>

10.10.08

JUBILEUM 

Det er sjeldan BlixBlog talar i store bokstavar, men 10. oktober 2008 er eit unntak. Det er på dagen 150 år sidan AASMUND OLAVSSON VINJE gav ut første nummer av bladet DØLEN, ei mediehending som saknar sidestykke i norsk pressehistorie. Om "Dølen" (felles nemning for bladet og opphavspersonen) har det vore meint mangt og mykje i løpet av desse åra. Sjølv har eg stor sans for Jon Haarberg si karnevalistiske lesing ("Vinje på vrangen"). Same det, det er neppe mogleg å overvurdere betydninga av "Dølen" for norsk (eg seier med vilje ikkje "nynorsk") journalistikk, lyrikk og essayistikk.

I Oslo skal dagen feirast med eit arrangement på Litteraturhuset i kveld. Eg kjem meg ikkje dit, og det er eg lei for, men eg har plikter i lokalsamfunnet her ute i skogen. Eg får nøye meg med å glede meg over dei mange kommentarane til jubileet, som Vinje-biografen Olav Vesaas' kronikk i Aftenposten. Særleg lesverdig er Oddmund L. Hoel sin rause og omfattande bloggpost i høve jubileet.

Bidraget frå BlixBlog får vere å minne om Elias Blix' artikkel i Dølen frå 1860. Blix var sjølvsagt tidleg abonnent.

I skammekroken: Dag og Tid, som presterer å kome ut på sjølve jubileumsdagen utan ein lyd om Vinje!?
# lagt inn 10.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?