<$BlogRSDUrl$>

30.1.10

Bibelnytt 

Helga 30.-31. januar blir Bibeldagen markert i mange norske kyrkjelydar. Denne gongen er det særleg fokus på bibelspreiing på Cuba. I høve dagen har Jan Arild Holbek eit fint intervju i Vårt Land med min øvste sjef. Tor Tjerandsen er leiar for adventistsamfunnet i Noreg, den første styreleiar i Bibelselskapet si historie som ikkje er biskop i Den norske kyrkja, ein mann eg respekterer høgt og arbeider godt saman med.
# lagt inn 30.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jubileumsnytt 

Avisa Nordland, Næravisa (30.01.2010):
Leder Blix-jubileet
GILDESKÅL: Styringsgruppa for Elias Blix-jubileet består av følgende personer fra lokalutvalgene: Monica Olsen fra Storvikbukta, Elsa Norum fra Sørfjorden, Sissel Minde fra Arnøyan, Gerd Næss fra Fleinvær og Runar Eilertsen fra Nordfjorden lokalutvalg. I tillegg består gruppen av hovedutvalget for undervisning, kultur og nærmiljø. Prosjektgruppen består av Laila Kildahl, Bjørnar Thoresen, Eva Fagermo, Oscar Berg, Trine Solhaug og prosjektleder Petter Kjærnes.
24. februar 2011 er det, som eg kanskje har nemnt før, 175-årsdagen til Elias Blix. BlixBlog kjem til å følgje førebuingane til jubileet med stor interesse.
# lagt inn 30.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.1.10

Blix i Os 

I morgon, altså sundag 24. januar, set eg meg på flyet til Flesland for å vere med på "Minnest du songen"-kveld i Nore Neset kyrkje klokka 19.00. Eg skal seie litt, det blir mykje allsong, dessutan medverkar Os blandakor og elevar frå Kongshaug musikkgymnas. Sokneprest Kaare Bakke skal leie kvelden. Han er ein gammal kjenning frå Hamar. Det skal bli triveleg å sjå han att. Musikalsk primus motor er Kongshaug-læraren Grethe-Inger Berge.

Måndag skal eg på skolebesøk på Kongshaug. Eg har lova eit tverrfagleg program som femner både historie, norsk, religion og musikk. Skolen satsar særleg på musikk, så eg kjenner meg trygg på at det blir solid allsong og fine solist- og ensembleinnslag.
# lagt inn 23.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Telemark 

I Telemarksavisa 21. januar hadde Kaare Bakken nokre fine barndomsminne frå Vest-Telemark. Eit par Blix-patriotiske klipp:
Far, skulemeisteren, starta alltid dagen med ei salme – sjølv hadde han skrøpeleg gehør, men henta støtte i eit pedalorgel og enkle notar (Skalaen var tydeleg merka av på dei kvite tangentane – C-D-E-F-G-A-H-C – og elles «grovspela» han nok det meste utan overdriven bruk av kryss og b!) Morgonsalma av Elias Blix var obligatorisk:

Syng i stille morgonstunder,
Syng Gud Fader lov og ros!
Sjå han gjerer nytt det under:
Kallar fram or myrkret ljos!
Sjå hans sol all skapning gylla,
alt med liv og lovsong fylla,
sjå hans kjærleik smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!


Denne salma hadde i alle fall to eller tre vers til, men så vidt eg hugsar greidde vi oss med fyrste verset og «koret» til fars orgel-akkompagnement var nok heller spinkelt med ein del reine ulåtar innimellom!

Men song høyrde med, og i ei lita grend i Vest-Telemark var repertoaret tufta på heilnorsk grunn i både skule og andre forsamlingar. ...

Elias Blix var tydeleg fars favoritt – skuledagen blei som oftast avslutta med denne høvelege salma:

No soli bakom blåe fjell sitt ljose andlet gøymer.
Og mørker over heimen fell og jordi ligg og drøymer.
Gud lat di åsyn lysa ned,
so heilag fred inn i vårt hjarta strøymer.


Ved skuleslutt, midtvinters, hende just dette: Sola gøymde seg verkeleg bak den mektige, tretoppa Røynbrekknuten i vest når songen tagna og den vesle flokken storma ut til ny skileik og moro - eit par timar til - før vinterkvelden sløkte dagsljoset og tende ein funklande stjernehimmel over grenda.
# lagt inn 23.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir om Blix i Grimstad 

"Ali Baba, Blix og Bye." Slik presenterer Teaterets Venner i Grimstad vårprogrammet sitt i Grimstad Adressetidende i dag. Utvalde høgdepunkt:
– Det vi har, er to forestillinger på Berge Gård som vi pleier å ha. Først ut er Huskestue tirsdag 9. februar. Da vil Astrid Austenå lese fra Nordahl Rolfsens lesebøker, og det vil være allsang fra Mads Bergs sangbok akkompagnert av Arnt Berner Imenes.
Dette er et samarbeid mellom Berge Gård og Teaterets Venner, og den neste kommer 13. april. Da er det Oddrun Vik og Terje Sandkjær som vil fremføre et program om den norske teologen, språkforskeren og forfatteren Elias Blix.
# lagt inn 23.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.1.10

Blix i Risør 

Agderposten:
ONSDAG
MUSIKK
Kine Hellebust har slått seg sammen med Risør motettkor for å synge salmer av Elias Blix, og de inviterer til konsert i Risør kirke onsdag 27. januar kl. 19.00.
# lagt inn 22.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.1.10

Årets nynorskbok 

i Dag og Tid:
Lesarane valde songskatten

Eit stort fleirtal av innsendarane meiner at Den nynorske songskatten er den beste nynorskboka som kom ut i fjor.

Boka er skriven av Terje Aarset (64) i Ørsta og gjeven ut av Fagbokforlaget i Bergen.
BlixBlog ønskjer hjarteleg til lukke. Allsongen var ikkje død!
# lagt inn 21.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.1.10

Tevlinga 

"- På 15 sider klarer Einar Økland å gjere det same som Karl Ove Knausgård må bruke 2500 sider på, meiner redaktør."
(NRK.no)

Redaktøren er Sverre Tusvik, Einar Økland er forfattar og fyller 70 i løpet av helga, og BlixBlog gratulerer!

Forfattaren, og eventuelle lesarar, av Ein betre vår ein gong har mykje å takke desse to for, den eine som redaktør, den andre som konsulent.

Økland har elles skrive min favorittkarakteristikk av Blix-salmane:
Salmane formidla fellesskap og høgtid, men også ei kontemplativ kjensle av å snakke fortruleg med seg sjølv eller med Gud i sitt indre. Røysta i dikta var nær og tilforlateleg, men ikkje påtrengjande. Og alle dikta var så rike på vellyd: Melodiske vokalskifte, snertne oppatt-takingar, aksentuerande inversjonar, tungevennlege bokstavrim, gode enderim. Det heile gir ei estetisk glede og ei kjensle av meining og trygg visse. Når ein går på den smale veg i Blix sine ordleggingar, kjennest det som å gå i eit par gode sko.
(Elias Blix' beste s. 6, Oslo: Samlaget 1995)
# lagt inn 16.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.1.10

Blix i Grimstad 



Annonse i Grimstad Adressetidende
# lagt inn 14.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.1.10

Kunnskapsløft? 

Nynorsk på sterk retur i lesebøker - Språkrådet

Dei nye lesebøkene som er laga for ungdomsskulen etter Kunnskapsløftet, har langt færre tekstar på nynorsk enn det lesebøkene hadde før.

Det går fram av ei ny gransking. Granskinga er gjord av tekst- og skriveforskar Norunn Askeland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold, og vert publisert i ei ny artikkelsamling frå Språkrådet.

# lagt inn 11.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.1.10

Årets bok 

Dei er vel snart over no, kåringane av årets "aller upperste", som det i si tid heitte da Knut Borge og han andre hadde ukentlege "Upper ten"-lister i radio. No gjeld det bøker. "2009 var eit godt år for nynorsk litteratur," kommenterer Dag og Tid, som held fram:
Skjønnlitteraturen dyrka nok helst dei tradisjonelle sjangrane, men likevel med noko eksperimentering, ny bruk av historie, frekke vriar, samarbeid over landegrenser og litt leikande tilhøve til eldre litteratur – som nokre titlar på lista nedanfor syner. Sakprosaen dekte eit stort tal emne og interesseområde og var overraskande ofte prega av heilt nye vriar, både sjanger-messig og tematisk, anten det handlar om kulturhistoriske arbeid, frodig essayistisk refleksjon, «kaffibordsbøker» eller meir underhaldande tekstar – sakprosaen ser såleis ut til å vere prega av fornyingsarbeid.
Her er verkeleg mykje å glede seg over. Terje Aarset sin nynorske songskatt har BlixBlog lenge heia fram, den Brageprisvinnande barneboka til Maria Parr, Aukrust-biografien til Jan Inge Sørbø, Bjørnsons ditto ved Edvard Hoem, essaysamlingane til Brit Bildøen og Kjersti Rorgemoen, Fosse-portrettet til Cecilie Seiness, Kjartan Fløgstads roman, estiske Aino Kallas i omsetjing, og Inger Bråtveit/Cecilia Hansson sitt "Loveprosjekt".

Morgenbladet har òg si "Årets bok"-votering. Det mest nynorske som er å finne der, er Morten Strøksnes sine Amerika-reiseskildringar, først trykte i Dag og Tid. Det mest biografiske er Tore Rem sin Bjørneboe - om ein da ikkje vel å lese Karl Ove Knausgårds kamp som (sjølv)biografi, og det bør ein ikkje. Mykje romanar på denne lista, ser eg. Kanskje held eg ein knapp på Ingrid Storholmen og Tsjernobylfortellinger.
# lagt inn 9.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.1.10

Meir Blix i Gildeskål 

Avisa Nordland (Næravisa) i dag:
Gildeskål kommune har et nasjonalt perspektiv når de nå går i gang med å planlegge Elias Blix-jubileet.
GILDESKÅL: Det opplyser Petter Kjærnes, som skal lede prosjektet de neste to årene.
– Jeg har på blokka en rekke nasjonale aktører det vil være naturlig å samarbeide med, blant annet Nasjonalbiblioteket og Den norske kirke utenfor Gildeskål, sier Kjærnes. Det er neste år 175 år siden Elias Blix ble født på Våg i Gildeskål. Blix fullførte teologeksamen i 1866, ble professor i hebraisk i 1879 og var kirkestatsråd i perioden 1884 til 1888. Mest kjent er han likevel for sin salmediktning. Hans fødsel skal markeres gjennom hele jubileumsåret. Mye av planene for hvordan og hvor vil bli lagt de neste to månedene, og en planskisse skal først ut på høring i lokalutvalgene før saken legges fram for kommunestyret i mars.
– Først skal vi etablere en prosjektgruppe bestående av representanter fra Salten Museum, Gildeskål kirkelige fellesråd og to representanter fra lokalutvalgene, forteller Kjærnes. Hvilke to som skal representere lokalutvalgene, vil bli avgjort i dag. Elias Blix-jubileet vil også bli markert over hele Salten, som en del av Salten Kultursamarbeid 2011.
# lagt inn 7.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.1.10

Blix i Gildeskål 

Salten Museum:
I forbindelse med at Salten Museum Gildeskål er flyttet inn i nytt kontor på biblioteket, har muséet og biblioteket laget en liten utstilling av gjenstander med tilknytning til Elias
Blix. Her kan publikum blant annet se salmeboka fra seminariet i Tromsø, vogga som han lå i, en bit av professorkappen og noen andre ”godbiter”. Utstillingen kan ses ut januar måned
Eit fotografi frå utstillinga finn du her.
# lagt inn 6.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.1.10

Rettskriving 

Frå Språkrådet:
Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.

Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.
Medlemmer i nemnda er Grete Riise, Unn Røyneland, Ragnhild Bjørge, Karin Magnetun, Tore Elias Hoel, Svend Arne Vee, Åse Wetås og Aud Søyland (sekretær)
# lagt inn 5.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?