<$BlogRSDUrl$>

31.8.10

Studentjubileum 

Og Udfaldet gik over Forventning. Den 31ste August [1860] var jeg Student med 'Laudabilis' eller den saakaldte 'bedste Karakter'.
Eg hadde først tenkt å skrive "russejubileum" over dette sitatet frå eit brev Elias Blix skreiv til Johan Amundsen, skolekamerat frå lærarseminaret i Tromsø. Men det er ikkje rett, i 1860 var "russelaget" ei punktmarkering etter skriftleg examen artium, alt 11. august. Først 31. august var siste muntlege eksamen unnagjort, følgt av immatrikulering 3. september.

Eg seier gjerne at av alle nålauge ein bondestudent anno 1860 måtte forsere, var kanskje examen artium det trongaste. Dette var ei tid da om lag 100 personar årleg tok slik eksamen - på landsbasis. Om lag ein handfull av dei kom frå bonde- eller arbeidarbakgrunn. Examen artium var opptaksprøva til universitetet og blei arrangert ved universitetet, ikkje ved dei lokale høgre skolene.

I historisk perspektiv er det mykje godt å seie om norsk skolepolitikk dei siste 150 åra.
# lagt inn 31.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.8.10

Fedrelandssalmen, post festum 

Da skal visstnok fedrelandssalmen ha vore på lufta att ved programstart i NRK P 1. Av dei lesverdige kommentarane er det grunn til å nemne Per Anders Madsens i Aftenposten torsdag 19. august: "Større enn NRK selv".
Det [kanalsjef Jon] Branæs og hans kolleger måtte innse, var at NRK her hadde fiklet med noe som er større enn NRK selv, noe med nasjon og historie og kristenarv, noe diffust og vanskelig målbart, men som allmennkringkastingen like fullt må forholde seg til hvis den ønsker å være akkurat det. Selv når det handler om en programpost søndag morgen kl. 06.57.
...
Ritualet er ikke bare å høre "Gud signe vårt dyre fedreland" tidlig søndag morgen. Kjernen i ritualet er å slå på radio, lytte til salmen der, og vite at landsmenn over hele landet i samme stund kunne gjøre likedan og høre de samme, malmfulle strofene, kjent fra radiosendinger i 70 år.

Vi lever i en flimrende, fragmentert medietid; det er mye mer snakk om særpreg, egenprofilering og målgrupper enn historie, fellesskap og det nasjonalt konstituerende.

Men i denne konflikten er det nettopp slike funksjoner som er vakt til live, innenfor den felles referanseramme og tolkningshorisont som NRK gjennom sin historie har vært en av nasjonens viktigste pilarer for. Det handler mer om kulturarv enn offisielt preg, mer om nasjon enn om stat.
# lagt inn 22.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.10

Fedrelandssalmenytt 

NRK tar Fedrelandssalmen tilbake

NRK tar Fedrelandssalmen inn igjen som fast radioritual søndag morgen.

Reaksjonene var sterke da det tidligere i sommer ble kjent at Elias Blix sine kjente vers ikke lenger avspilles på NRK Radio tre minutter på sju på søndagene.

300 reaksjoner direkte til NRK og en betydelig medieoppmerksomhet om saken har fått P1-ledelsen til å gjøre retrett.

Ny vurdering. – Reaksjonene ble så omfattende at kanalledelsen fant det naturlig å ta en ny vurdering, sier kanalsjef Jon Branæs.

Resultatet på denne prosessen er at Fedrelandssalmen blir tatt inn igjen som fast innslag på sendeplanen.

På spørsmål fra Vårt Land bekrefter kanalsjef Jon Branæs at salmen skal avspilles på det tradisjonelle tidspunktet, 06.57 søndag morgen.

Programsjef Petter Myhr i NRK Trøndelag lover at tradisjonen gjenopptas allerede fra førstkommende søndag.

Ekte engasjement. Branæs sier han er «ganske overrasket» over styrken i lytterreaksjonene

NRK tar Fedrelandssalmen tilbake - Vårt Land

# lagt inn 16.8.10 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.8.10

Blix på CD 

Fint tips frå ein lesar nordpå! Fleire Blix-innslag er å finne på "Salme, segn og solbøn", plata til søskenparet Buen Garnås som har fått framifrå mottaking hos meldarane. Frå presentasjonen:

Salmar og bedehussongar blei etter kvart integrert i folkesongtradisjonen, i somme tilfelle på kostnad av eldre stoff. Ein får høyre spennet frå eldgamle solbøner, kivlemøyar og domedagsslått til mellomalderballader og meir kjende salmer av Hans Adolph Brorson, Peter Dass og Elias Blix. Ingvill Marit Buen Garnås (kveding) og Per Anders Buen Garnås (hardingfele) er idag rekna for å vera to av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Dei er sterke tradisjonsberarar med rotfeste i Telemark, og har tidlegare gjeve ut fleire cd-ar. Båe to har også inngåande kjennskap til tradisjonen og historiene knytt til musikken og tekstane.

Ta:lik - TA81 Garnås og Garnås

For å vere heilt presis: På plata finn du Blix si gjendikting av Brorson-salmen “Upp alle Ting som Gud hev gjort” (ei gjendikting eg personleg meiner er betre enn originalen) og den fine kveldssalmen “Dagsens Auga sloknar ut”.

# lagt inn 13.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.8.10

Poker 

Eg trur ikkje Elias Blix var særleg flink med pengar, men hasardspel var definitivt ikkje hans stil, følgjeleg er det eit heller sjeldsynt emne på BlixBlog. Agnes Ravatn sitt framlegg til ny norsk/nynorsk pokerterminologi i Dag og Tid denne veka må likevel siterast:
(Eit lite apropos: Det er ein skrikande mangel på norsk pokerterminologi. Her ser eg ein liten sjanse for nynorsken. Eg føreslår følgjande ordliste, beståande av korte og fengjande nynorskrelaterte ord som erstatning for dei engelske, og om folk går saman om å bruke dette, vil det raskt spreie seg:
    check = koht
    call = skard
    bet = blix
    raise = parr
    fold = sivle (morbid humor)
    flush = ross
    straight = vinje
    royal flush = storegut
    flop = midtbø
    all-in = aasen

Klypp ut og pugg)
Parentesen finst i ein dramatisk pokerreportasje, vekas kapittel i serien "Frå hand til munn. Moderne måtehald med Agnes Ravatn", visstnok utløyst av ein større baksmell på skatten, men nyttig jamvel for gjeldsslavar og fattige studentar.
# lagt inn 7.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bjørn Sortland festspelforfattar i 2011 

blank

Bjørn Sortland (Foto: Aschehoug forlag)

Bjørn Sortland (Foto: Aschehoug forlag)

Forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspelforfattar under Dei nynorske festspela 2011. Han er den attande forfattaren som får denne æra. Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Bjørn Sortland er fødd i 1968, og han debuterte i 1992 med boka Det er ikkje natta. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne. Sortland har markert seg internasjonalt, og bøkene hans er omsette til mange språk og har kome ut i svært mange land, mellom anna Tyskland, USA og Taiwan. Bjørn Sortland skriv bøker både på nynorsk og bokmål. Langt dei fleste er på nynorsk, og det er naturleg nok desse det blir lagt vekt på under Dei nynorske festspela. Forfattarskapen som heilskap blir det òg sett lys på.

Ivar Aasen-tunet - Bjørn Sortland festspelforfattar i 2011

BlixBlog gratulerer! Utan å undervurdere resten av produksjonen til Sortland: Fint at ein skikkeleg ungdomsbokforfattar blir festspeldiktar.

# lagt inn 7.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Enda meir om fedrelandssalmen 

BlixBlog har gått nokre dagar på Hardangervidda (ja, Blix sjølv har vore der før oss, sommaren 1861, for å vere presis, på fottur saman med venene Ole Tobias Olsen og Carl Johan Nielsen). I mellomtida har debatten om Fedrelandssalmen og NRK halde fram. 5. august nådde den Odins ramnar i Vårt Land, Hugin og Munin:
SALMESLUTT
NRK skal slutte å spille Elias Blix’ fagre fedrelandssalme Gud signe vårt dyre fedreland på P1 hver søndag morgen. Dette har vakt sterke reaksjoner. Underskrifter er samlet inn og arge lederartikler er skrevet (men merkelig nok ikke i Fædrelandsvennen). NRK begrunner avgjørelsen med at «tiden har gått fra avspillingen av fedrelandssalmen», men hvordan kan de si det? Norge har aldri vært et dyrere land enn nå.

Roald Martinussen minner om at NRK har mange gode fedrelandssalmer å velge mellom:

- «Reis deg, Guds menighet » er også en gammel fedrelandssalme, kjent under navnet Tsar-hymnen. En annen mulighet for NRKs søndagsprogramstart er jo Haydns gamle keiserhymne. I et forsøk på overdøve Marsaillaisen åpnet den aldrende Haydn vinduet sitt og spilte demonstrativt sin keiserhymne da Napoleons soldater hadde invadert Wien.

Keiserhymnen ble senere melodi til den tyske nasjonalsangen «Deutschlandlied», med åpningsordene «Deutschland, Deutschland über alles».

Den vil nok få P1-lyttere opp på søndagsmorgenen.
Eg har ei kjensle av at krigshistorikar Ragnar Ulstein ikkje finn sluttpoenget særleg morosamt. Dagen før, altså 4. august, hadde han ei heilside i Sunnmørsposten. Eg siterer eit par utdrag, innlegget er ikkje publisert på nett, det eg kan sjå:
Arvesølv. Er Fedrelandssalmen utgått på dato?

Kan arvesølv gå ut på dato? Ved frigjeringa av landet i mai 1945 song eit samla folk frå tusentals grender, i alle byar og tettstader i glede og tårer denne salmen, Ved avdukinga av hundretals minnesteinar over våre falne i 1940-50-åra song folk denne salmen. Ved kvar minnehøgtid over dei ti tusen landssmenn som gav sine liv for fedrelandet og, for dei langt fleiremed livsvarige sår .har Fedrelandssalmen tona over bygd og by.

Ein slik song er Fedrelandssalmen.

Under Haldningskampen i okkupasjonstida vart den sungen i stuvfulle kyrkjer. Ein veldig skare song den framfor Nidarosdomens stengde dør i 1942. Det var det året då åndskampen mot nazismen i Norge nådde eit klimaks og vart vunnen.

Fredens sigerssalme. Salmen er fredens sigersalme. Den har lydd på fredsdagen, 8. mai og på kvar 17. mais morgon. For mange er Fedrelandssalmen og Nasjonalsongen alt dei treng for nasjonaldagen. Her blir det aktuelle og det varige sunge inn i folket.
Dette er synspunkt eg har respekt for. Men Ulstein har òg synspunkt som gjer meg uroleg:
Der er eit men: I denne minoriteten av innvandrarar er muslimane ei stor gruppe Og i denne finst ein kjerne av islamistar som vil ha bort både denne salmen og dei verdiane den står for. Målet dei har, som ikkje kan vere ukjent for NRK, er gradvis å svekke det opphavleg norske, og fylle tomromet etter det med islamsk religion og kultur.

Det må kome som ei gåve til denne kjernen i islam, når den ansvarlege i NRK fjernar nordmenns fedrelandssalme i det største av alle media, vårt eige NRK.
Her melder dessverre Ulstein seg inn i ein klubb av konspirasjonsteoretikarar som eg er djupt usamd med.

Til slutt eit korrektiv til Vårt Land sitt oppslag om saka 15. juli. Der står det om "salmen som siden 2004 er blitt sunget klokken 6.57 hver søndag". Terje Aarset korrigerer i ein epost til Vårt Land. Eg tillet meg å sitere:
Dette med 2004 er ikkje rett. Salmen har vore brukt i NRK sidan 1938, med eit lite opphald i 1980-åra. Historia om "Gud signe vårt dyre fedreland" og NRK finn du i ei rammetekst i "Den nynorske songskatten" (s. 92). Kjelda mi er Lasse Dyrdal (f. 1923, tilsett i NRK 1949-91).
# lagt inn 7.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.8.10

Examen artium, skriftleg 

Eit viktig 150-årsminne bør markerast i desse dagar. Eg siterer meg sjølv, Ein betre vår ein gong s. 113:
I 1860 tek eksamen til fredag 3. august. Artianarane får tre skriftlege oppgåver, to stilar i ”Modersmaalet” og ei omsetjing frå latin. Den filosofisk-resonnerande oppgåva som blir servert ungdommen denne første eksamensdagen har ordlyden: ”Hvorledes bør vi forholde os i det Tilfælde, at andre have en altfor gunstig Mening om os?” Yngvar Nielsen finn oppgåva merkeleg og kommenterer: ”Tilfældet forelaa ikke i min tidligere Praksis, og jeg er forvisset om, at det samme gjaldt de fleste.” Det hadde vore interessant å vite kva perfeksjonisten Elias Blix svara på nett denne oppgåva. Han har store forventningar til seg sjølv, og han kan nok kjenne at andre òg har det, velgjeraren Carl Olsen, bygdefolket i Gildeskål, lærarane frå seminaret. Artiumssvara frå denne årgangen er gått tapt. Den historisk-forteljande oppgåva dagen etter er nok enklare å kome til rette med: ”En kort Skildring af Karl den XII’s Karakter.” Sundag er kviledag, måndag er det latinsk omsetjing.
# lagt inn 2.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir om fedrelandssalmen 

Debatten om Fedrelandssalmen i NRK tek vel til å stilne. Vårt Land er i så måte noko seint ute med dagens leiarartikkel "Gud signe". Men ikkje utan vesentlege poeng:
DET PRINSIPIELLE er krystallklart. NRKs sjefredaktør er ansvarlig for det institusjonen sender. Verken politikere eller andre kan overprøve hans beslutninger. Men opinionen kan sørge for at det blir debatt om NRKs prioriteringer. Det bør ikke bare være en debatt om selve beslutningen om å fjerne salmen, men like mye om hva som ligger bak en slik avgjørelse.

DET BØR gjøre inntrykk, selv på NRK, når en av Norges fremste kulturradikalere, professor Hans Fredrik Dahl, så tydelig gir uttrykk for et ubehag over at et så sentralt element i den norske nasjonsbyggingen fjernes fra statskanalen. For mange forsterkes dette ubehaget ved at de kjenner på en følelse av at norsk kulturtradisjon generelt er truet. Mye av denne frykten slår galt ut, for eksempel i fremmedhat. NRKs beslutning om å ta bort fedrelandssalmen kan dessverre forsterke slike følelser. Når det kjente og kjære plutselig forsvinner, uten at man får en god forklaring, legges det grunnlag for konspirasjonsteorier om at noen vil ødelegge nasjonens sjel.
Den gamle kulturradikalar Hans Fredrik Dahl har no elles dei siste åra vore like profilert i det offentlege rommet som praktiserande katolikk. Kronikken hans i Dagbladet, sitert tidlegare her på bloggen, er framleis etter mitt syn det beste og mest balanserte innlegget i debatten. I VL-leiaren vil eg særleg framheve det siste avsnittet eg har sitert - og forsterke ei åtvaring som ligg mellom linjene der.

Eg les sjeldan debattsidene til nettavisene. Generelt synest eg dei er uttrykk for redaksjonell latskap under dekke av "ytringsfridom". Denne gongen har eg gjort nokre stikkprøver. Eg er uroleg. Lat meg seie to ting med store bokstavar: DET ER IKKJE MUSLIMAR SOM FJERNAR FEDRELANDSSALMEN FRÅ SØNDAGSPROGRAMMET I RADIO, og DET ER IKKJE DEN RAUDGRØNE REGJERINGA HELLER.
# lagt inn 2.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?