<$BlogRSDUrl$>

30.4.09

Fast Grunn 

BlixBlog ligg noko på etterskot når det gjeld tidsskriftdebatt (jfr. Kirke og Kultur), men no har eg endeleg blade meg gjennom Fast Grunn nr. 2 for i år og funne ei vurdering av "Salmebokframlegget" ved Siri og Arve Brunvoll. Siri er kantor, Arve er teolog og ein fin salmediktar og -gjendiktar (det er han som har gjendikta NoS 479 "Deg å få skode", for berre å ta eitt svært omtykt døme). Eg vel å sitere slutten av stykket deira:
Salmer vi kanskje misser
Vi skal ikkje drøfte framlegget om vidareføring og stryking av salmar frå NoS og S97, berre seie at det kunne vorte ei fullnøyande salmebok av det som ein vil stryke, og at mange av salmane jamt har vore på våre salmesetlar. Kva slags kjennskap har komiteen hatt til kyrkjegeografien? Mangt av det som går ut, står høgt over mangt av det som kjem inn. For å ta eit døme: Det er utruleg at så mange av dei klassiske og stadig brukte og umissande Blix-salmane som [SIC] skal ut, tilmed "Sjå, han gjeng inn til syndig mann", med Jakob Slettens vakraste melodi. Vi skal ikkje lenger få syngje:

Takk då, min Frelsar, at du kom
og ville inn til meg stiga,
og i mitt mørke hjarterom
lata ein solstråle siga.
Her er mykje anna å tenkje over òg i denne sympatiske, men likevel sterkt kritiske lesinga av salmebokframlegget.

Eg hadde gleda av å ha ekteparet Brunvoll og Stig Wernø Holter (Griegakademiet, leiar for Norsk Hymnologisk Forening) som tilhøyrarar til føredraget mitt i Bergen torsdagskvelden for ei veke sidan. Dei tok òg del i samtalen, den blei veldig interessant. Dessutan var Nils Aksel Mjøs innom ei stund, så den hymnologiske ekspertisen i riket var godt representert.

Ein ting uroar meg: Eg har møtt mange ulike forsamlingar for å snakke om salmar. Eg finn ingen, eg tekk opp att: Ingen, entusiasme for det nye salmebokframlegget.
# lagt inn 30.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.4.09

Klimarapport 

I løpet av gårsdagen gjekk Vågisen. Våg er i denne samanheng ikkje fødestaden til Elias Blix, men den vesle sjøen i nærmiljøet mitt i Ytre Enebakk. Isgangen på Våg er, som kjent, mitt personlege klimamål. Nesten to veker seinare enn i fjor, 24. april i år mot 11. april i 2008. Det er for tidleg å dra sikre konklusjonar om den globale oppvarminga, empirien er nok litt for spinkel til det.
# lagt inn 25.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Favoritten 

Dag og Tid 24.04.2009:
3. "Å EG VEIT MEG EIT LAND" av Elias Blix. Den er praktfull - både teksten og tonen. Blix er fiskarbonden som gjennom ein krunglete veg får examen artium, vågar seg frampå til å studera teologi og endar opp som professor. Det var ikkje fleire enn rundt 150 som tok artium på hans tid rundt 1860. Og nesten alle var embetsmannssøner, men altså ikkje Blix. At han i tillegg kunne skriva fantastiske dikt, fortel om eit stort geni. Diktet er gjennomsyrt av kjensler, er rett på sak og utan omvegar. Diverre høyrer eg songen altfor sjeldan.
Det er Dag Skogheim som har fått velje "Tre favorittar", denne gongen er temaet for spalta "Vårsongar". Somme venta kan hende ein annan Blix-tekst, men eg minner om linjene "Med den vaknande vår / vert min saknad so sår / so mest gråta eg kan".
# lagt inn 25.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.4.09

Andakten 

Siri Sunde i morgonandakten på NRK i dag:

Utover hele måneden er det konfirmasjoner og vårkvelder, turnstevner og speiderturer og mye mer. Og alt rammes inn av musikken og sangene, salmene og marsjene. Grieg og Blix og Wergeland og Sissel, skolekorps, gudstjenester, taler, sangkor og buekorps.

Snusfornuften vil si at dette er i meste laget, nasjonalromantikk og besteborgerlighet. Det lurer også en reell fare bak alle de gode mai-ordene: finner vi ikke den rette balansen mellom stolthet og selvgodhet, mellom fedrelandskjærlighet og det å ha nok med oss selv, kan alle de gode ordene rørt sammen til en saus, få en skremmende farge: brun!

Kjære mai, du skjønne, milde og fargerike – velkommen i 2009! Igjen er det tid for å la seg rive med og la seg begeistre. Tid for å undre seg over dette skaperverket vi er en bitte liten del av sammen med uendelig mange andre. Ta imot maimåneden fra en raus Skaper. Fylles av takknemlighet for livet og våren og alle gode gaver.

Gledelig mai!

Oppdatering, 25.04.2009: Om nokon finn Siri Sunde litt vel profetisk, kan eg gjere kjent at det er NRK som står for det profetiske innslaget denne gongen. Dei har lagt ut andakten for 30. april ...
# lagt inn 24.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Det livnar meir 

Nordlys 21.04.2009:
Romantisk i Nord-Norge
Topper kjærlighetskåring

- Det livnar i lundar, lauvast i li, og redaksjonen i Reiser & ferie er så våryr at det nesten blir pinlig.

Sitatet er hentet fra magasinet Reiser & feries kåring av Norges aller mest romantiske steder.

Da varmer det kanskje vinterkalde nordlendinger at hele tre steder fra landsdelen har fått en plass på listen.
Tysnes 21.04.2009:
Medlemene byrja med ein kort presentasjon av Uren Luren og seg sjølve, før dei framførde høglytt 4H-lovnaden for dei eldre.

Fellessong med «No livnar det i lundar» og «Fotsporene» opplesen av Tina Muni Tveit stod også på programmet før mat denne flotte vårkvelden i april.
Uren Luren 4H har hatt lagsmøte på Hovland bu- og omsorgssenter.

Helgeland Arbeiderblad 23.04.2009:
Mot slutten av konserten slo de to korene seg sammen og gjorde en felles innats på vårlåter som "No livnar det i lundar" og den obligatoriske "Danse mot vår". Det virket som om publikum koste seg og stemte godt i når tiden kom for allsang.
Kor uten grenser i Mosjøen har hatt besøk av seniorkoret Exsultate frå Mo i Rana og halde vårkonsert i Dolstad kyrkje.
# lagt inn 24.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Urefusert 

Eg oppretta for ei tid sidan spalta "Refusert" her på bloggen, ei slags papirkorg for ting eg har skrive, men ikkje fått publisert. I dag kan eg melde om noko så uvanleg som eit urefusert lesarinnlegg frå mi hand, rett nok i vår høgst lokale lokalavis Enebakk Avis. Som ein forstår av innlegget mitt, der tek dei inn det meste.

Les innlegget "Human-etikk?" i Enebakk Avis.
# lagt inn 24.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.4.09

Retorikk 

Eg er innom Bergen Bibliotek og har ei roleg stund mellom slaga. Tre føredrag om tre ulike emne på tre ulike plassar i byen i løpet av éin dag. Det er lenge sidan eg har følt meg så effektiv. Hyggeleg vertskap, Vigdis Berland Øystese og Gunnar Johnstad ved Norsk Lærerakademi. Det er menneske det er godt å treffe. Blix-føredraget mitt i formiddag er eg middels nøgd med, innlegget om bibelomsetjing i ettermiddag gjekk slett ikkje så verst, men størst ambisjonar har eg for føredraget i kveld, "I Edens sæle Sumar. Blix-salmens litterære landskap". Her har eg tenkt å kartleggje grundig det eg meiner er den viktigaste tekst-staden i Blix-salmane sin topografi. Om nokon kjenner att Øyvind Andersens "I retorikkens hage" bak stammespråket eg nyttar, brenn tampen. Eg vil leggje ein retorisk synsvinkel på analysen. Da er "retorikk" vel å merke ikkje nytta i den vulgære og daglegspråklege meininga "berre retorikk" (som motsetnad til handling eller sanning eller kva det no kan vere), men om slike tekstlege strategiar alle språkbrukarar, og eg meiner alle, nyttar for å få fram ein bodskap.

Du kan framleis nå føredraget om du er nær Bergen. Kl. 19.45 i Mariakirkens kyrkjelydslokale på Dreggsalmenningen.
# lagt inn 23.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.4.09

Fallhøgda 

Kristiansands Avis:
KRISTIANSAND: - Sannsynligvis er det ett av de mest spennende religionsseminarene som er presentert på Sørlandet noensinne, sier førsteamanuensis og instituttleder ved Institutt for religion, filosofi og historie, Årstein Justnes, om det tredje seminaret i rekken om verdens hellige skrifter.

Denne gangen er det Bibelen som skal presenteres, av en av de beste i sitt felt, Anders Aschim, som er en av Norges fremste eksperter på Dødehavsrullene og Bibelen.
Sjå òg bloggen til Årstein Justnes

Oppdatering kl. 23.00: Det gjekk bra. Eg er storleg imponert over det dei får til i Kristiansand. 60-70 interesserte tilhøyrarar, ein svært sympatisk respondent (Akmal Ali, ingeniør og forstandar i ei av dei lokale muslimske forsamlingane), spørsmål frå salen og triveleg drøs med arrangørane etterpå.

I morgon: Bergen.
# lagt inn 22.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.4.09

Bibel i Kristiansand 

I morgon reiser eg på ein kort og hektisk føredragsturné. Første stopp er Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand. Onsdag 22. april kl. 19.00 held eg føredraget "Bibelen, kristendommens hellige skrift". Informasjon her.

Torsdag reiser eg altså til Bergen.
# lagt inn 21.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

In memoriam 

Far min ringte i kveld for å fortelje at biskop emeritus Ola Steinholt er død. Han blei 74 år. Nordlys har omtala dødsfallet her.

Steinholt var høgt respektert og vil bli djupt sakna. Eg kjente ikkje Steinholt så godt sjølv, foreldra mine hadde meir med han å gjere. Eg helste på han sist under lanseringsseminaret for Blix-biografien i Grønåsen kyrkje i Tromsø for eit år sidan. Den beste måten å minnast Steinholt på her på bloggen, må vere å minne om ein magisk augneblink på Blix-plata til Kine Hellebust: Partiet der Steinholt resiterer ei strofe eller to frå "Å eg veit meg eit land".

Et lux perpetua luceat eis.
# lagt inn 21.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Suppeteater 

Suppeteatret - Det Norske Teatret:
Fredag 24. april

NO LIVNAR DET I LUNDAR

Ei reise i tekst og tone gjennom vårlandskapet.
Song og opplesing ved Anne Lise Gjøstøl
og Ragnar Dyresen. Kristine Bratlie på piano og Anne Stine Dahl på cello.

MENY: BETASUPPE
# lagt inn 21.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.4.09

Kirke og Kultur 

Det er sjeldan eg kjøper tidsskrifthefte i laussal, men i går hadde eg litt god tid nær ein kiosk der dei faktisk hadde første heftet av gode, gamle "Kirke og Kultur" for i år (nei, eg er ikkje abonnent).

Mykje salmestoff i dette nummeret. Svært interessant for alle salmebokinteresserte er Trond Skard Dokkas gjennomgang av det nye salmebokforslaget under overskrifta "Den imøtekommende salme. Salmetradisjon i krise". På denne plasen må eg jo sitere følgjande avsnitt:
Det er først og fremst den norske salmediktnings store gullalder, fra midten av 1800-tallet til den første etterkrigstid, som kommer dårlig ut. Selv om Landstad, Wexels og Jensen er store taperre, går dette hardest ut over nynorskdikterne. Her mister mange salmediktere halvparten eller mer av sine tekster, så Barstad, Bjerkreim, Hovden, Skard og Støylen. Blix kommer relativt bedre fra det, og taper bare 22 av 51 tekster. Flere av disse forfatterne sto sentralt i Nynorsk Salmebok, og en kan vel si at FS representerer denne stolte tradisjonens definitive nederlag. FS har da også en klart lavere nynorskandel enn forutsatt.
Det er sterkt urettferdig mot Dokka å velje ut berre dette sitatet, det VERKELEG interessante er analysen av dei nye salmane i forslaget. Les, tenk og send respons til Kyrkjerådet!

Ein annan frisk artikkel er Rolv Nøtvik Jakobsens "Vorherre, stå mig honningbi", om den danske salmediktaren Simon Grotrian og hans høgst nyskapande salmespråk.

Men framfor alt skal bladet ha honnør for å ha utfordra norske diktarar til å skrive nye salmetekstar, fleire av dei har alt fått nye salmetonar. Her er gode tekstar av diktarar eg set stor pris på, som "Nattsalme" av Jon Fosse og "Ein gong kjem det ein morgon" av Odveig Klyve (begge kollegaer i bibelomsetjingsarbeidet), og to "salmeforslag" av Wera Sæther (ein skrivelærar eg set høgt). Men eg vel å sitere Sissel Solbjørg Bjugns "Bøn til Gud Fader". Etter vaskesetelen plasserer diktaren seg sjølv "ein stad mellom Dorothe Engelbrektsdatter og Kate Bush". Ei avhandling om førstnemnde har tittelen "Feminin barokk", kanskje er det ein høveleg karakteristikk også av dette teologiske korrektivet til det mannlege blikket:
BØN TIL GUD FADER

Å, du som viser lønnsam veg i ei diktinnes miner
[fotnote: "Miner" viser her til gruver, Job 28,1-5]
gi mødrer fred på begge sider av dei skrå gardiner.

Gi mødrer fred på begge sider av dei skrå gardiner
å, du som aldri tenker i brunetter og blondiner. Amen.
# lagt inn 19.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Det livnar 

Møtereferat frå Eina pensjonistforening 26. mars, Oppland Arbeiderblad 15.04.09:
Leder Ingrid ønsket spesielt velkommen til presten og til Tormod Høyme med trekkspillet. Til åpning sang vi «No livnar det i lundar», og Tormod akkompagnerte.
Møtereferat frå Tverved pensjonistforening, Tønsbergs Blad 16.04.09:
Nestleder Per Sakshaug, ønsket alle velkommen og introduserte videre om kveldens underholdning: musikk av Per Martin og besøk fra Frivilligsentralen v/daglig leder Annichen Hvorslev før vi sang åpningssangen «No livnar det i lundar».
Møtereferat frå Moss pensjonistforening 1. april, Moss Avis 17.04.09:
Vi åpnet med å synge «Nå livnar det i lundar». Deretter ble dagsorden og referat fra styremøte 25.mars opplest og godkjent uten bemerkninger.
For 60 år siden, Rogalands Avis 18.04.09
Organist Geburg Aasland er i disse dager i Kristiansand. Han er i byen for å holde foredrag om - kort sagt alt mulig, m.a. godt humør: - Jeg mener simpelthen at vi ikke behøver å ha tankene der hvor kroppen er. Om vinteren klager folket på kulden. Vi møter en mann på gaten, og han sier: I dag er det kaldt, i morgen blir det verre - i stedet for å synge «No livnar det i lundar».
# lagt inn 19.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.4.09

Blix i Bjørgvin 

Torsdag 23. april er eg i Bergen. I løpet av dagen skal eg snakke om Blix og om Bibelen på tre ulike arrangement. Eg har nett sendt frå meg eit støtteark til utdeling for føredraget "I Edens sæle Sumar. Blix-salmens litterære landskap". Det skal eg halde i kyrkjelydslokala til Mariakyrkja torsdag kl. 19.45. Før den tid er det kveldsbøn, vesper, i Mariakyrkja kl. 19.00. Arrangør er FBB Bjørgvin. For Bibel og Bekjennelse må reknast mellom dei meir konservative institusjonane i det lutherske kyrkjelandskapet her til lands, men til ein liberalar som Blix har dei plass. Vel, teologisk var han no berre måteleg liberal.

Før den tid skal eg til Norsk Lærerakademi, først til den vitskaplege høgskolen i Sandviken for å seie noko om Blix og biografi klokka 12, deretter til lærarhøgskolen på Breistein klokka 14 for å seie noko om ny bibelomsetjing. Temaet er "Fra begynnelsen igjen. Å oversette Bibelen på nytt".
# lagt inn 18.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.4.09

Filateli 

Framtid i nord kan melde om nytt frimerke i høve 150-årsjubileet for nasjonalsongen:
Da «Ja, vi elsker» ble skrevet, var «Sønner av Norge» den offisielle norske nasjonalsangen. Vår nåværende nasjonalsang er aldri offisielt blitt vedtatt som Norges nasjonalhymne, men folkelig aksept og praksis har gjort sangen til den ubestridte kongen blant norske fedrelandssanger. Men veien dit har ikke vært helt uten strid.

Både nynorskbevegelsen og arbeiderbevegelsen har tidvis hatt et anstrengt forhold til sangen. Målfolket søkte lenge etter et alternativ til riksmålsforkjemperen Bjørnson sin tekst.
På slutten av 1800-tallet ble det skrevet mange fedrelandssanger, blant annet skrev Arne Garborg «Gud signe Noregs land». Elias Blix kom med «Gud signe vårt dyre fedreland» og Anders Hovden skrev «Fagert er landet.» Arbeiderbevegelsen i Oslo arrangerte også på 20-tallet barnetog hvor «Internasjonalen» og ikke «Ja, vi elsker» ble avsunget.
# lagt inn 16.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.09

Dagens Blix 

Paaskesalm

(Tone: Jesu, dine dybe Vunder).

Er her nokon, som vil høyra
Største Under kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra
Til det sæle Englaord:
"Jesus Kristus er ei her,
Han or Grav uppstaden er!
Kvi vil de i Gravom aude
Søkja Livet millom Daude"?

Ja det er eit Himlens Under
Utan Like under Sol.
Verdi laag i djupast Blunder,
Jordi var eit Daudebol:
Sjaa, daa rann or Livsens Os
Ut ein Straum av Liv og Ljos.
Daudens Engel Sverdet vender,
Daa Guds Son av Daude stander [SIC].

Var vaar Frelsar ei uppstaden,
Tom og faafengd Trui var;
Syndesaaret, Hjartaskaden
Utan Helsevon me bar;
Jesu Namn og Kristendom
Var som Gravi aud og tom,
Utan Fred og utan Sæla;
Utan Von me maatte fæla.

Lat oss fylgja Magdalena!
Tidla ho ved Gravi stend.
Tru til Enden vil ho tena
Frelsaren i Dauden enn.
Saart ho ser i Gravi inn,
Taaredoggat Augat skin,
Saart av Saknad Hjartat brenner;
Daa ho honom ser og kjenner.

Alle Mann, som vilja vakna,
Kom og fylg til Jesu Grav!
Alle Mann, som Livet sakna,
Kom og drikk or Livsens Hav!
Kom kvar Syndar, som kann tru!
Og med Fred du heim skal snu.
Her er Veg til Livet funnen,
Her kann Dauden yvervunnen.

Var vaar Frelsar ei uppstaden,
Tom og faafengd Trui var:
Syndasaaret, Hjartaskaden
Utan Helsevon me bar,
Jesu Namn og Kristendom
Var som Gravi aud og tom,
Utav [SIC; skal vera "Utan"] Fred og utan Sæla;
Utan Von me maatte fæla.

Men no vardt han Fyrstegrøda
Utav deim, som sovnad av:
No skal me i Herrens Løda
Eingong samlast or vaar Grav.
No hev Dauden mist sin Brodd,
Helvite sin Eiter-Odd;
No er Dauden gløypt til Siger,
Livet fram or Gravi stiger.

IX.

Den Norske Folkeskole 03.04.1869
Transkripsjon: Anders Aschim, BlixBlog

Denne førsteutgåva har eg visst ikkje publisert på bloggen før. Den er temmeleg ulik dei seinare utgåvene. Merk det fiffige merket "IX".

God påske til alle lesarar av BlixBlog!

Seinare utgåver
# lagt inn 12.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.4.09

Vårløysing 

Eigedomsutviklar Leif Magne Kleppa i Hjelmeland har også ei kjensle av at det livnar i lundar att.

- Me hadde nyleg visning på sjønære hyttetomter på Fister og Randøy og responsen har vore god. For to veker sidan selde me også ei hytte som har ligge for sal i eit år. Me gjekk rett nok litt ned på pris, men me er nøgde med handelen, påpeiker Leif Magne Kleppa.
Stavanger Aftenblad 08.04.09, under overskrifta "Slutt på salstørken i Ryfylke?"
# lagt inn 8.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.09

Festspel 

No går det seint på BlixBlog: Programmet for Dei nynorske festspela 24.-28. juni er lagt fram for lenge sida. I år er omsetjing i fokus, ikkje minst ved festspeldiktar/gjendiktar Tove Bakke.
# lagt inn 3.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.4.09

Fagleg 

Gjengangeren, Horten:
Møte i Fellesforbundets Pensjonistforening
Leder Svein E. Fjeldheim ønsket 32 medlemmer velkommen til møte på Horten Eldresenter 24.03.d.å.
Sammen sang vi 'No livnar det i lundar'. Protokoll fra forrige møte ble lest og leder refererte skriv som var kommet inn. I forbindelse med kampanje fra Norsk Pensjonistforbund, ble det diskutert hvordan vi skal få med oss flere medlemmer i foreningen som vi opplever som hyggelig å få være med på en gang i måneden.
# lagt inn 2.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Språkleg samling 

Dagens lesarspørsmål: Fleip eller fakta?

Det var første april i går. Eg ser ikkje bort frå at denne meldinga kan ha noko med det å gjere, men det er altså i dag den går land og strand rundt. Eg siterer etter Nationen:
Norsklærar startar parti mot nynorsk
Bort med tvungen skriftleg nynorsk. Det er kampsaka til eit nystifta politisk parti i Akershus.

Partistiftaren er ein pensjonert norsklærar frå Sunnmøre
Før fristen gjekk ut tysdag ettermiddag, leverte 69 år gamle Einar Smørdal inn 500 underskrifter og ei liste med 19 kandidatar til stortingsvalet til hausten.
Partiet går først og fremst til kamp mot den obligatoriske sidemålsundervisninga i grunnskulen og i vidaregåande skular. Men dei vil også jobba for at Noreg skal ha eitt skriftleg språk i forvaltinga.
Partinamnet er ikkje oppgjeve, men eg reknar med at det må vere "Samnorskpartiet".
# lagt inn 2.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.4.09

Oscar & Blix 


Dette fine bildet av Oscar Berg i aksjon under Historisk onsdag på Ørnes nyleg har eg stole frå vevsida til Salten Museum.
# lagt inn 1.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?