<$BlogRSDUrl$>

27.3.11

Blix i Skånevik 

Kveldsete i Skånevik med fedrelandssalmens far

Skånevik Mållag: Serien av vellukka kveldseter i Skånevik Mållag sin regi held fram.  I år er det 175 år sidan  ein av landets aller fremste salme- og songdiktarar, Elias Blix,  var fødd. Vårens kveldsete blir vigd hans liv og dikting.   Kveldseta blir på Skånevik Fjordhotell torsdag 31. mars.

Den fremste Blix-kjennaren i landet,  Anders Aschim,  kjem for å halda foredrag om mannen og verket.  Aschim gav for to år sidan ut ein omfattande biografi om Elias Blix,  og han vil på kveldseta fortelja om arbeidet med biografien og om interessante oppdagingar han gjorde undervegs.  Det vil bli høve til å få kjøpa boka på kveldseta.

Skånevik nett

# lagt inn 27.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.3.11

DagenMagazinets Blix 

Egil Sjaastad held fram serien med Blix-andaktar i DagenMagazinet.

Mitt dåpsvers - DagenMagazinet

# lagt inn 22.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i morgonandakten 

Per Anders Nordengen var andaktshaldar i går:

En av dem som har satt noen av de fineste ordene på våren, er salmedikteren Elias Blix som vi i år feirer 175 års jubileum for. Biografien hans som kom for noen år siden, hadde da også undertittelen ”Ein betre vår ein gong”, som er en strofe fra hans kjente og mye brukte salme ”No livnar det i lundar”. Den vakre salmen er ikke bare en lovprisning og takk for våren, men det er også en salme full av kjærlighet til et land som våkner til nytt liv etter en lang vinter. Og bedre kan det vel ikke sies enn når han i det andre verset uttrykker det slik; ”Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror”.

Morgenandakten mandag 21.mars - Andakten - NRK

# lagt inn 22.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.3.11

DagenMagazinets Blix 

Egil Sjaastad  i dag:

Dogg på tørr jord

Misjon er å kome med dogg og regn på tørr jord. Misjon er å lyse inn i eit beksvart mørker. Misjon er å hauste Guds grøde. Å «sprengje fangebur»! Å vekkje opp døde. Misjon er å kalle villfarne inn til den gode hyrdingen.
Slik tenkte Elias Blix om misjonen.

Dogg på tørr jord - DagenMagazinet

# lagt inn 17.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.3.11

Blix i DagenMagazinet 

Førstelektor Egil Sjaastad (Fjellhaug) i DagenMagazinet (papir):
I ti påfølgjande vekedagar vil eg nedanfor skrive ein andakt med utgangspunkt i eit eller fleire vers av salmediktaren Elias Blix.

Kvifor?

Fordi det i år er 175 år sidan Blix vart fødd. Og fordi salmane hans er oppbyggelege.
...
I jubileumsåret er det verd å hente fram salmar som er i ferd med å bli gløymde. Blix er meir enn banebrytar for nynorsken i kyrkjelivet. Han er ein språkets og poesiens meister, med sterk forankring i Bibelen, ikkje minst i Johannesevangeliet og forteljingar frå GT.
Serien tek til med "Jesus, du er den himmelveg" i dag.
# lagt inn 14.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.3.11

Blix-gløymsle 

Kurt-Johnny Olsen i Avisa Nordland og på sin eigen blogg i dag:

Elias Blix for de store anledninger

“175-årsjubilanten” Elias Blix (1836-1905) er åpenbart salmedikteren for de store anledninger, så som 17. mai og andre nasjonale merkedager, når Bodø/Glimt skal piske opp stemningen i Nordlandshallen og når nordlendinger flest mimrer om sine «heimlege strender» i festlig lag i Oslo og andre byer.

For øvrig synes han dessverre å være på vei ut av den kirke han ønsket å tjene!

Les meir her: A-BLOGGEN : Elias Blix for de store anledninger

# lagt inn 12.3.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.3.11

Blix-revolusjon 

Siste nytt i Facebook-revolusjonar er Facebook-gruppa "Revolusjonen for Blix & Co." Eg støttar heilhjarta opp om kampen for utryddingstruga Blix-salmar. Trond Kverno har valt rett taktikk: Ta opp konkrete enkeltsalmar, ikkje sjå seg blind på tal. Første kamp gjeld kyrkjesalmane "Heilag er kyrkja her" og "Det er så godt å vitja". Eg vil kjenne det som eit stort tap om desse sterke salmane - særleg den siste - forsvinn frå salmeboka.
# lagt inn 11.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.3.11

Blix under open himmel (2) 

Du kan sjå programmet om Elias Blix med Kine Hellebust og Bjørn Andor Drage på nett-TV her.
# lagt inn 10.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Post festum 

frå Meløyavisa, om arrangementet laurdag 26. februar:

Han så tilværelsen fra den lyseste side

GILDESKÅL: -Blix hadde et usedvanlig godt humør og så tilværelsen fra den lyseste siden, sa historiker og forfatter Anders Aschim under samtalen om salmedikteren i Gildeskål hovedkirke.

Meløyavisa

# lagt inn 10.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Himmelske Fader 

"Vi kommer sent, Hr. Kunsel, men vi kommer godt!"

Voldaminne er årsskriftet til Volda Sogelag. I 2010-årgangen, som eg skulle omtala for lengst, har Terje Aarset - ja, han med Den nynorske songskatten - ein fin artikkel om Blix-salmen "Gud Fader", meir kjend etter førstelinja "Himmelske Fader, herleg utan like". Her gjennomgår han, i kjend stil, teksten og dei ulike tonane som har vore knytta til denne salmen, "Vingede skarer" (den lærte eg først, på kyrkjebenken i Tromsø domkyrkje) og tonen til Olav Sande, som no er den mest brukte.

Men rosinen i pølsa er verkeleg kommentaren til tonen av Volda-komponisten Sivert H. Geitvik, og særleg historia om den legendariske innspelinga med Sunnmøre kristelege mannskor (1955), med Johan Sæter som dirigent, Randulf Saunes som solist og Georg Notøy ved orgelet. Terje har intervjua fleire av dei sentrale medverkande, spesielt organisten, som var 19 år gammal da innspelinga blei gjort. Denne innspelinga har ei utruleg fartstid i Ønskekonserten, og den har faktisk vore spelt i "Sangtimen" både 20. februar og 6. mars i år. Svært mange menneske har tydelege og gode minne om denne songen.
# lagt inn 10.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmedebatt 

Prosten i Nord-Gudbrandsdal, Paul Skuland, skriv eit debattinnlegg om "Fredede salmer?" i Vårt Land i dag (papir). Eg saksar nokre linjer:
PGS (prosjektgruppa for arbeidet med ny salmebok) har laget en liste på 355 salmer som blir "fredet" og skal danne grunnstammen for den nye salmeboken. Det er grunn til å reise en debatt om disse "fredede salmene" ut fra to kriterier. For det første har man fått en veldig overvekt av bokmålsalmer i forhold til nynorsksalmer. For det andre gir utvalget en klar overvekt av konservative salmer i forhold til mer "grundtvigianske" salmer.
...
Det er imidlertid de mange salmer som jeg savner i et utvalg som dette, jeg ønsker å slå et slag for. Det er først og fremst et langt større utvalg av Blix salmer jeg hadde forventet. Dernest et større utvalg av Grundtvig og grundtvigianske salmer. Disse skjevhetene bør rettes opp før man endelig bestemmer grunnstammen i vår nye salmebok.
# lagt inn 10.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.3.11

Blix til filmen 

Avisa Nordland (papir) i dag:
GILDESKÅL: Tilskudd til film
Inndyr skole har fått tilskudd på 20.000 kroner fra Den kulturelle skolesekken til prosjekt der det skal lages film om Elias Blix. Filmen får navnet «Spor av Elias Blix». Sweet Films i Oslo bidrar.
# lagt inn 7.3.11 4 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.3.11

Kine & Blix 

Meir om søndagsprogrammet:

«Åpen himmel»: Kine synger Blix

Kine Hellebust (Foto: Sylvi Inez Liljegren/NRK)

Møt Kine Hellebust i «Åpen himmel».

Foto: Sylvi Inez Liljegren/NRK

Tramteaterartisten elsker salmesang.

«Åpen himmel»: Kine synger Blix - Troms og Finnmark - NRK Nyheter

# lagt inn 4.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix under open himmel 

Eg held meg langt unna fjernsynet for tida, men eg gjer merksam på dette programmet:

NRK1, søndag 6.3.2011 kl. 17.30

Åpen himmel: Kine synger Blix

I år er det Blix-jubileum, og 175 år siden salmedikteren Elias Blix ble født. Og selv om skuepiller Kine Hellebust kanskje er mest kjent fra Tramteateret, er hun en varm fan/tilhenger av Blix og salmeskatten hans. Vi har møtt henne og domorganist Bjørn Andor Drage i den gamle kirka i Gildeskål, der salmedikteren trådte sine barnesko. Her synger Kine noen av hans kjente - og mindre kjente salmer.

Åpen himmel – NRK

Reprise måndag 7.3.2011 kl. 11.50 på NRK2.

# lagt inn 4.3.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.3.11

Blix-preika 

Biskop Tor Jørgensen har lagt ut preika si frå jubileumsgudstenesta på bloggen sin.

Preken i anledning Blix’ 175års jubileum, 26. februar 2011 i Gildeskål kirke

Biskopens Ark

# lagt inn 2.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.3.11

Søndag 27. februar 

var det festgudsteneste i hovudkyrkja i Gildeskål. Det var Kristi forklåringsdag, og Tor Jørgensen heldt ei svært treffande preike over evangelieteksten om "Jesus i ljosbragd på berget", sjølvsagt etter at vi hadde sunge Blix-salmen over teksten først. Både fjellet og Elias førekjem i teksten i Matteus 17, så bispen hadde mykje å spele på. Han hadde kollegial støtte av biskopane Per Oskar Kjølaas frå Nord-Hålogaland og Tor Singsaas frå Nidaros. Eg har noko respektlaust omtala dei som "dei tre bispane Bruse som skulle til Gildeskål og feire". I tillegg deltok domprosten, noverande og tidlegare prestar i Gildeskål, kyrkjeleg tilsette, ordførar og soknerådsmedlemmer, og ikkje minst konfirmantar. For meg var det to ting som gjorde denne gudstenesta heilt spesiell:

For det første det musikalske innhaldet. Trollmannen Bjørn Andor Drage sat ved orgelet og leia kammerkoret VocalART. Dei urframførte to tonar til Blix-salmar av Trond Kverno, ein av dei aller fremste komponistane i kongeriket: "Det er så godt å vitja" og "Himmelen med all sin her".

For det andre målforma. Endeleg har vi halde gudsteneste på nynorsk på heimstaden til han som skapte det nynorske kyrkjemålet.

Og så var det kyrkjekaffi på den vidaregåande skolen på Inndyr. Berre blide folk å sjå. Men prosjektleiar Petter Kjærnes og nokre andre nøkkelpersonar får forhåpentlegvis eit par fridagar ved inngangen til mars månad.

Takk for denne gongen. På gjensyn til sommaren. Helga 12.-14. august er det folkefest for Blix. Ta nokre feriedagar og reis til Gildeskål.
# lagt inn 1.3.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?