26.6.09
Allkunne
Det kulturhistoriske leksikonet Allkunne.no blir først lansert i haust, men alt no kan du bla i pilotversjonen.
Eg har skrive ei handfull artiklar for Allkunne, størst er den signerte artikkelen om Elias Blix. Og sanneleg har ikkje biografen fått sin biografi, det er ei uvant oppleving.
Eg har skrive ei handfull artiklar for Allkunne, størst er den signerte artikkelen om Elias Blix. Og sanneleg har ikkje biografen fått sin biografi, det er ei uvant oppleving.
Sommarlektyre
I dag har eg vore i bokhandelen for å hamstre sommarlektyre. Avhengig av vêret og humøret har eg i sommar planar om å lese (alfabetisk etter tittel):
- Adjutanten (Jørgen Norheim)
- Gjøre godt (Trude Marstein)
- Is-slottet (Tarjei Vesaas)
- Siss og Unn (Inger Bråtveit)
- Tekst og historie (mange forfattarar)
24.6.09
Festspel
Dei nynorske festspela er i gang. Vi som ikkje er i Hovdebygda og omegn desse dagane, kan følgje med virtuelt på ymse vis, i Festspelsymra, på Fjesbok og på Flickr. Om ein òg kan følgje dei på Twitter, har eg ingen planar om å finne ut.
19.6.09
Bispenytt
Så er det avgjort at den nye Stavanger-biskopen heiter Erling Pettersen. I tillegg til å vere bergensar og sokneprest i Nordstrand med allsidig og tung kyrkjeleg erfaring er E.P. gift med sjefen min, forlagssjef Turid Barth Pettersen i Bibelselskapet. BlixBlog gratulerer. Den nye Stavanger-bispinna blir nok pendlar, så vidt eg veit har ho planar om å vere med på fullføringa av den nye bibelomsetjinga til 2011 på bokmål og nynorsk. Det kan vere bra for nybispen i eit av dei sentrale nynorskstifta å ha slik kompetanse med seg på heimefronten.
Elles er det to ting å seie om utnemninga: At Stavanger får ein høgst kompetent biskop, og at kyrkjestatsråden som vanleg har erta på seg det kyrkjelege demokratiet ved å velje ein annan kandidat enn den som har hatt størst oppslutning.
Men, som alle lesarar av Ein betre vår ein gong veit så vel: Det er lang tradisjon for turbulens rundt bispeutnemningar.
Elles er det to ting å seie om utnemninga: At Stavanger får ein høgst kompetent biskop, og at kyrkjestatsråden som vanleg har erta på seg det kyrkjelege demokratiet ved å velje ein annan kandidat enn den som har hatt størst oppslutning.
Men, som alle lesarar av Ein betre vår ein gong veit så vel: Det er lang tradisjon for turbulens rundt bispeutnemningar.
16.6.09
Biografinytt
Dagsavisen i går kunne presentere biografihausten 2009. På toppen tronar Edvard Hoems Bjørnson-biografi, band 1. Eg er meir oppteken av neste avsnitt:
JølsenDette ser eg fram til, som sambygding både av biografiens subjekt og objekt, eller, som eg liker å framstille det, både det levande og det skrivande subjektet.
Bokhøsten 2009 tegner ellers ikke til å bli oppsiktsvekkende på biografifronten. Men i september kommer Arnhild Skres store biografi om forfatteren Ragnhild Jølsen (1875-1908). «La meg bli som leoparden. Ragnhild Jølsen – en biografi» er tittelen på boka. Skre forteller om Jølsens rusbruk, om tungsinnet, om finanskrisen og om hennes «beryktede» forfatterskap.
11.6.09
Salmebokdebatten
I dag er BlixBlog dregen inn i salmebokdebatten i Vårt Land. Sluttsetninga i dette innlegget er sitert i eit lesarbrev med overskrifta "Heller eit salmetillegg?" underteikna av ei gruppe på fire personar frå Suldal. Eg kjenner dei frå før og veit at dei arbeider svært seriøst med salmeboksaka. Eg siterer nokre utdrag
Vårt Land melder, 28. mai, at leiaren i Kyrkjerådet er irritert på bispedømmerådet for Agder og Telemark som vil utsetja salmebokreforma. Nils-Tore Andersen sukkar over folk som ikkje har følgt med i timen, og karakteriserer desse som lite seriøse. Det er ikkje grasrota som har kravd endringar. Det blir stadig tydelegare at verken forslaget til ny salmebok eller til ny liturgi skaper stor entusiasme ute mellom folk. Anders Aschim, prest, forfattar og bibelomsetjar seier det slik på bloggen sin: «Ein ting uroar meg: Eg har møtt mange ulike forsamlingar for å snakke om salmar. Eg finn ingen, eg tek opp att: Ingen, entusiasme for det nye salmebokframlegget.»Innlegget frå Suldal ligg ikkje på nett, men les gjerne denne kommentaren og den påfølgjande debatten.
...
Kyrkjerådet har vore særleg misnøgde med at nynorskprosenten er for låg i salmebokframlegget. Det kjem mellom anna av at så mange nynorske salmar er tekne ut. Med å halda på dei noverande bøkene, vil ein ha eit betre utgangspunkt for å styrkja nynorskprosenten.
...
Det er stor semje om at trusopplæring er den største og viktigaste utfordringa for kyrkja i dag. Skulen er i praksis ute av biletet, og kyrkja må sjølv ta ansvar for opplæringa. Det er ikkje nok å læra opp ungane. Foreldre og fadrar treng og å rustast for å kunna halda dåpsløftet. Sidan me ikkje har uendeleg med pengar, blir me nøydde til å prioritera. Spørsmålet blir då om nye salmebøker er det som skal koma fyrst. Eller om me til dømes heller skal tilby dåpsskule for foreldre.
Det er inga skam å oppdaga at det er lurt å snu. Det er ikkje dumt å verkeleg lytta til kyrkjemedlemmer ute i landet som engasjerer seg i eit høyringsutkast. Me er bedne om å svara på oppsette spørsmål. Det første er om me er einige i at salmeboka skal koma i to bind, kjernesalmar og tillegg. Me reknar med at også me som seier at det held med tilleggsbind, vil bli tekne seriøst.
Wenche Haugen Havrevoll, Wenche Nygaard, Ingvar Olimstad, Judith Sørhus Litlehamar, Suldal
Blix på Nesflaten
I dag gjer eg merksam på ein hyggeleg kommentar ein annan stad på bloggen. Eg tillet meg å sitere heile her på framsida:
Nesflaten skule ligg i Suldal kommune i Rogaland, for dei som måtte lure. Tek eg ikkje mykje feil, er dette skolen til forfattar og bibelomsetjar Inger Bråtveit (sist sett her).
Hei,Det var ei fin helsing. Eg synest alle linjene de føreslår er fine, men eg er kanskje mest samd med Kent Runar, trur eg. Fint å høyre at de både les, skriv og syng, særleg det siste. Mange stader syng dei for lite på skolen for tida, meiner eg.
Me i 5. klasse på Nesflaten skule har eit songhefte som me brukar i 1.time på skulen. I dag ville me synga ”No livnar det i lundar”. Det var Kent Runar som foreslo det, for det er den finaste songen han veit. Det er me andre einige i, men me likar mange andre songar og.
No livnar det i lundar har så fin tone, og så er han fin fordi han er på nynorsk. Me har snakka om kva for ei linja me tykkjer er finast. Ådne, Eina og Christina synest ”Du vår med ljose dagar” er finast. Kent Runar likar aller best ”den heile skapning stundar no fram mot sumars tid” og Kevin likar desse linjene best: ”alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår.”
Helsing Kent Runar, Ådne, Kevin, Eina og Christina
5.klasse
Nesflaten skule ligg i Suldal kommune i Rogaland, for dei som måtte lure. Tek eg ikkje mykje feil, er dette skolen til forfattar og bibelomsetjar Inger Bråtveit (sist sett her).
9.6.09
Ver varsam
Norsk Faglitterær Forfatter- og oversetterforening inviterer til seminar i morgon om Etikk på sakprosa-plakaten. Her skal medieforskaren Paul Bjerke leggje fram utkastet sitt til ver varsam-plakat for sakprosa, etter modell frå pressa. I dette høvert blei han intervjua av Dagsavisen i går. Eg siterer den mest biografirelaterte delen av intervjuet:
– Når forfatteren ikke er part, går det an å bruke mange av pressens normer. Kildeidentifikasjon er for eksempel viktig. Leseren skal kunne finne ut hvor informasjonen kommer fra. Anonyme kilder brukes kun ved helt spesielle samfunnsmessige behov.
– Men hva om man skriver en biografi og ingen vil stå fram med det «alle» vet?
– Forfatteren vil nødvendigvis formes av det kildene sier. Men grunnregelen er at det ingen står inne for, setter man heller ikke på trykk. Et viktig prinsipp her er at alle mennesker har rett på et privatliv. Man framhever ikke personlige og private forhold når det er saken uvedkommende, selv om «alle» syns det er interessant eller «alle» allerede vet om forholdet.
– Da forsvinner jo selve poenget med en del biografier?
– Ja, og det er kanskje like greit? Det utgis en del bøker som ikke har noe i offentligheten å gjøre, sier Bjerke.
– Men hvis alle eier sin egen historie, blir det vanskelig å skrive noe kritisk om maktmennesker, slik journalistikken prøver å gjøre?
– Også sakprosaforfattere må selvsagt ha mulighet til å omtale personer som ikke ønsker omtale, men det må begrunnes. I en biografi har pikante detaljer fra privatlivet til den boka handler om sjelden noen funksjon utover å lage oppslag i media. Når forfatteren etterpå toer sine hender og er overrasket over at mediene kaster seg over nettopp disse pikante detaljene, er det i beste fall naivt. Som regel hadde kapitlet lite å gjøre i boka i utgangspunktet.
5.6.09
Å, eg veit ikkje det
Frå Lofotposten i går, spalta "Slydals corner" på sportssida:
Og med et 35.000 mennesker stort blandakor på Nye Bodø stadion, vil Elias Blix sitt «Barndomsminne frå Nordland» få håret til å reise seg på armene hos oss langt oppe mot nord- dersom Bodø får fotball-EM i 2016 og to unge lofotværingar blir henta inn og dresserte til toppspelarar ...
Snåsamannen
... no også på BlixBlog:
Tror på Gud. I april ble Gjerstad intervjuet i Vårt Lands spalte Min tro.Vårt Land i dag, i samband med at biskop Tor Singsaas har invitert Joralf Gjerstad til å tale i Nidarosdomen under Olavsfestdagane.
– Folk spør meg stadig: Hva tenker du om Gud? Jeg får tusenvis av brev. De skriver om Gud, ikke om Snåsamannen. «Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma», står det i Elias Blix fedrelandssalme. Om vi gjorde det, hadde alt blitt helt annerledes. Egoismen må vekk, kristendommen må fram, sa Gjerstad.
4.6.09
Biografnytt
Samlaget melder:
"Melsom-prisen 2009 går til Stephen J. Walton for boka Skaff deg eit liv! Om biografi som kom ut på Samlaget i 2008."
I grunngjevinga skriv juryen, Hilde Sandvik, Åshild Nordstrand og Brit Bildøen, mellom anna: "Han tematiserer også biografens ståstad ved å setje ting på spel. I desse personlege essaya pressar han både seg sjølv og språket utan at det verkar kalkulert eller utleverande."
BlixBlog gratulerer prisvinnar Stephen Walton - i tillegg til å lese boka for tredje gong, stadig med større utbyte.
"Melsom-prisen 2009 går til Stephen J. Walton for boka Skaff deg eit liv! Om biografi som kom ut på Samlaget i 2008."
I grunngjevinga skriv juryen, Hilde Sandvik, Åshild Nordstrand og Brit Bildøen, mellom anna: "Han tematiserer også biografens ståstad ved å setje ting på spel. I desse personlege essaya pressar han både seg sjølv og språket utan at det verkar kalkulert eller utleverande."
BlixBlog gratulerer prisvinnar Stephen Walton - i tillegg til å lese boka for tredje gong, stadig med større utbyte.
1.6.09
Festivalrapport
Helgefreden er i ferd med å gå over, eg er heime etter ei svært effektiv familiær bursdagsfeiring (3 stk. nevøar/nieser på 20, 10 og 7). Kort oppsummering av laurdagens Lillehammertur saman med AM:
- Høgdepunktet: "Take My VOICE", Inger Bråtveit og Jenny Hval, i Amnesty-serien "Sannhetens pris". Eg skjøna nok ikkje alt (og det er ikkje berre fordi dette handla om kvinners erfaringar), men eg skjøna at dette er bra. Eg har høyrt forfattar og bibelomsetjarkollega Inger halde føredrag, men eg har aldri høyrt henne lese opp. Vel, dette var meir performance enn opplesing, og Inger viste seg som ein myndig og tydeleg sceneperson. Flott oppleving, og svært musikalsk. Ein kan ikkje seie at Jenny Hval, alias "Rockettothesky", spela på mange strengar, men ho spela på mykje anna, spesielt på den menneskelege stemma, med god elektronisk hjelp. Svært presist, svært uttrykksfullt.
- Nedturen: "Det norske essayet i sannhetens tjeneste", Gisle Selnes, Eldrid Lunden, Arve Kleiva, debatt i regi av "Vinduet", med Azdak Shafieian som programleiar. Eg kan ikkje seie at dette var dårleg, det skulle no berre mangle, med desse paneldeltakarane. Men det blei ein av desse paneldebattane ein synest ein har opplevd før, der tre innleiarar les opp kvar sine essays dei har skrive på førehand, held på akkurat litt for lenge og ikkje heilt greier å kome i dialog med kvarandre. Dette er ei vanskeleg form, og denne samtalen kom ikkje riktig i gang, trass gode oppspel, ikkje minst frå Arve Kleiva. Han prøvde å problematisere begrepet "Sanning" som flagga over heile Lillehammer førre veke.
- Overraskinga: Darren Shan hadde eg aldri høyrt om, men AM (16) har vener som er dedikerte lesarar. Det handlar om ein ire som skriv grøssarbøker for ungdom, om vampyrar og denslags. Fyren har selt ti millionar bøker, og eg hadde altså ikkje høyrt om han ein gong. Salen var prega av blodfans i alderen 13-19, såg det ut som. Mannen sjølv var høgst sympatisk, trass i det blodige innhaldet, og han tok seg god tid under signeringsøkta etterpå. Jon Ewo var ein fin programleiar.
- Bonussporet: Feminismens falitt i Aust-Europa? Sofi Oksanen og Stephen Walton førte ein svært interessant og perspektivrik samtale, leia av Syn og Segn-redaktør Bente Riise, om stillinga til kvinner og seksuelle minoritetar i det post-kommunistiske Aust-Europa. Eg veit ikkje heilt kvifor denne samtalen tok av på ein heilt annan måte enn essay-debatten. Kanskje var det ein føremon at det ikkje var formelle førebudde innlegg, her var vi nærmare intervjuet som form. Kanskje var emnet meir eigna til å få opp temperaturen. Kanskje hadde det noko med personkjemi å gjere. Ikkje veit eg.