<$BlogRSDUrl$>

30.8.03

Kulturminister 

Det må vel til eit apropos til Kulturmeldinga her òg. Rett nok har eg ikkje lese meldinga (ikkje eg heller; eg har ei utrygg kjensle av at det gjeld fleire av kommentatorane. Men ein har jo pressemeldinga). Heldigvis reklamerer NRK med at dei gjev deg "alt om kulturmeldinga" her. Eg noterer meg at sakprosa på nynorsk må vere noko av det mest politisk korrekte å sysle med for tida.

Frå sak til person: Det er stritt å vere kulturminister. Vår helt Elias Blix hadde og den rolla, i Johan Sverdrup si regjering frå 1884 til 1888. Men den tidas Valgerd Svarstad Haugland var likevel kollegaen og rivalen hans, Jakob Sverdrup, som hadde jobben i 1885-1886 (medan Blix var norsk statsråd i Stockholm), og som tok over etter han da han forlet regjeringa i 1888.

Ein vestlandspietist som kulturminister. Den gongen som no framkalla det allergiske reaksjonar hjå dei kultiverte i hovudstaden. Nevø Sverdrup gjekk gjerne under nemninga "den lille sort-gule intrigant." Den har ingen enno nytta om Valgerd.

Tilhøvet mellom Blix og Jak. Sverdrup skal skaffe meg ein del hovudbry. Det biletet som vart skapt alt i samtida, var at den siste var opphav til mest alle gode og dårlege initiativ som den første deretter fekk ansvaret for å setje i verk: Skolelov-kommisjon, Kielland-sak, sokneråds-sak .... Eg trur Blix har fått meir kjeft og mindre ære enn rimeleg er, men vi får sjå - neste år.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Far utor / Dine Skor! / Her du stender paa heilag Jord:
Her er Staden av Herren vard, / Her er Himmelens Fyregard.
Her er Guds Kyrkja og Hus, / Her er Guds Kyrkja og Hus.

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Denne er interessant! Det er ein original Blix-tekst, som spelar saman med ei rad ulike bibeltekstar. Det er ein kyrkjesalme, tvers gjennom "gammalkyrkjeleg," men sett på ein (for samtida) ny og lågkyrkjeleg melodi. Blix oppgjev tonen "Våga dig" (to vers av songen nedst på sida), ein song skriven i 1854 av den kjende svenske vekkingsforkynnaren Carl Olof Rosenius (1816-1868). No har Rosenius nytta andre sitt arbeid i denne songen (rull ned til overskrifta "Vem skrev vad?"); versemål og opphavsmann peikar i retning av den danske presten Hans Agerbek (1798-1869) sin song "Uforsagt, vær på vakt." Alle seinare Blix-utgåver oppgjev denne som tone; problemet er berre at det finst mange ulike melodiar til "Uforsagt, vær på vakt." Eg har att eit godt stykke detektivarbeid her, som det ikkje er tid til no.

Bruken av ein moderne melodi frå lågkyrkjeleg song er eit interessant og - trur eg - radikalt trekk. Salmen står i Norsk Salmebok på nr. 538 som "Heilag er kyrkja her," med nyskriven melodi av Terje Kvam. Men eg saknar det opphavlege første verset sårt.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 30.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.8.03

Bokhandlaren 

"Åsne Seierstad har sveket Bokhandleren i Kabul. Hun valgte å fortelle historien fremfor å beskytte kilden," seier Katrine Aspaas i Aftenposten i dag. Ho kommenterer: "Det har skjedd før, og det må skje igjen." Diskusjonane er høge og kommentarane djupe (til dømes i NRK, Dagbladet eller VG ...).

Men spørsmålet som sit att, er: Kvifor kom ikkje denne debatten, og desse kommentarane, med det same boka kom? Kva fortel denne kollektive etterpåklokskapen om tilstanden i norsk kulturliv?

Å jo, unnataket finst: Walid al-Kubaisi i Dag og Tid 26. april.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fraa Himmelen Guds Ande for, / Guds Ande for,
Og løyste Tungeband paa Jord. / Halleluja, Halleluja!

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Ein av dei mange pinsesalmane signert Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872), men langt frå den mest kjende. Grundtvig har to ulike tekstar med førstelinja "Fra Himlen kom den Helligaand". Denne er datert 1845.

Det var Wilhelm Andreas Wexels som introduserte Grundtvig-salmane i Noreg, gjennom Christelige Psalmer (1840). Denne salmeboka fekk ikkje noko stort gjennomslag. Det gjorde derimot det såkalla Christiania-tillegget til Evangelisk-christelig Psalmebog, som kom i 1853, utgjeve av Wexels, Andreas Grimelund og Jørgen Moe (halvparten av Asbjørnsen og Moe, ja).

Eg veit for lite om resepsjonen av Grundtvig-salmane i Noreg. Men eg veit at "grundtvigianisme" var suspekt ved Det teologiske fakultet på 1860-talet, rett nok av andre grunnar enn salmane. Dei dominerande professorane, Johnson og Caspari, var ihuga anti-grundtvigianarar. Blix stod Caspari svært nær.

Landstads Kirkesalmebog (1869) har ikkje denne Grundtvig-salmen med. Derimot har Landstad sjølv dikta "Fra Himlen kom et veldigt Veir" - på same melodi, "Et Barn er født i Betlehem" (moll-melodien, ikkje den du syng julaftan)!

Oppdatering, 09.12.2003: heile salmen.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 29.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.8.03

Språkdirektøren 2 

I Morgenbladet denne veka har Håkon Gundersen eit intervju med den nytilsette språkdirektøren Sylfest Lomheim. På konservativt bokmål ...
# lagt inn 28.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brende brev 

Eg har tidlegare etterlyst brevskiftet mellom Elias Blix og læraren hans i Gildeskål, Hans Hanssen. I dag fann eg denne passasjen på side 203 i Charles Ellingsen, "Professor, dr. philos. Elias Blix og hans avstamning m.v.," Norsk slektshistorisk tidsskrift 23 (1972), 200-211:
Klokker Hans Hanssen i Gildeskål som var Blix' gamle lærer og sikkert også et forbilde for ham, korresponderte med Blix under hele Tromsø-tiden, under de senere studieårene i Kristiania og like til 1891, ifølge klokker Hanssens sønnesønn, Harald M. Hanssen, Indyr, som hadde lest all korrespondanse og funnet meget av interesse i den. Det var 21 brev i alt. Da klokker Hanssen døde i 1892 kom brevene til datteren, Edda Hanssen. Hun døde i 1922 og det kom vaskekoner som skulle gjøre rent og rydde opp. De gjorde arbeidet grundig og brente rubb og stubb, også brevene fra Blix. Tre brev overlevde omveltningene. De hadde vært utlånt til interesserte sambygdinger. Disse brevene kom i Harald Hanssens besiddelse og er kanskje nå sendt til UB.

Ellingsen attgjev eit av desse breva in extenso. Kvar breva er no, veit eg ikkje. Dei er i alle fall ikkje i Nasjonalbiblioteket.

Eg gjekk ut og gret ein skvett.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Statt upp, mitt Hjarta, gjer deg klaar! / No byrjar Andens Naadeaar.
No renn hans Dag so ljos og fjelg, / Den blide sæle Pintsehelg!
Di lat oss lova Jesum Krist: / Sin Lovnad heldt han sant og visst!

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Kingos (1634-1703) pinsesalme "Klaer op mit Hjerte, Sjæl og Sind", i Blix si omsetjing, eller heller: Gjendikting. Tone: "Fader vor udi Himmerig."

Oppdatering, 08.12.2003: heile salmen.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 28.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.8.03

Heimbygda 

Ikkje akkurat siste nytt, men frå Aftenposten 4. januar i år:
Satte hjembygda på kartet
Roger Ruud, Bjørnstjerne Bjørnson, Herborg Kråkevik, Gjermund Eggen, Sputnik, og Cowboy-Laila har alle noe til felles - de har gjort hjembygda kjent for hele nasjonen.

Magne Johansen er så venleg å gje oss eit alfabetisk oversyn over nærmare 70 norske småstader og namna som har gjort dei kjende. Namnet for Gildeskål er Elias Blix. Og for heimbygda mi, Ytre Enebakk? Fridtjof, alias Øivind Blunck, sjølvsagt.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kva kunne han ha blitt? 

I løpet av tida Elias Blix var elev ved Tromsø Skolelærerseminarium, dei to skoleåra 1853-1855, var i alt 42 elevar innom seminaret i Tromsø. Av desse var det 36 som fullførte og fekk dimisjonsattestane sine. Gjennom opplysningar i seminarets arkiv og Christian Wiik sitt store biografiske arbeid Tromsø-seminarister (1948) veit vi mykje både om bakgrunnen og om det seinare livsløpet til desse personane. Dermed får vi ikkje berre eit bilete av miljøet Blix høyrde heime i på seminaret, men òg av kva for val og vegar som stod opne for seminaristar etter dimisjon.

Nøyaktig halvparten, 18 av dei 36, hadde heimstaden sin i Nordlands amt, som svarar til dagens Nordland fylke. Tredjedelen, 12, kom frå Senjen og Tromsø fogderi, tilsvarande Troms fylke, berre tre elevar kom frå "det egentlige Finnmarken", og dei tre siste kom frå Sør-Noreg. Ved opptak skulle elevane vere i alderen 18-25 år. Elias Blix vart teken opp alt som 17-åring, men han var einaste unnataket på denne sida av skalaen. 12 av elevane var 18 år ved opptak. I gruppa 19-22 år finn vi 11, medan 10 elevar var 23-25 år. På den andre sida av grensa finn vi ein 27-åring og til og med ein 32-åring, Adam Knudsen. Men han hadde heilt særskilte føresetnader, med meir enn ti år bak seg som lærar i Karlsøy prestegjeld frå før, og han gjennomførte utdanninga på eitt år. Normal læretid var to år, men berre 16 elevar greidde dimisjonseksamen på den tilmålte tida, mellom dei Blix. Vel så vanleg var det å gå tre år på seminaret, slik 17 av elevane gjorde. To trong heile fire år. Og seks kom altså, av ulike grunnar, ikkje gjennom.

Arkivmaterialet inneheld òg opplysningar om etnisk bakgrunn og om kven som hadde fått friplass mot bindingstid i samiskspråklege strøk. Dette materialet har eg ikkje bearbeidd enno.

Av dei 36 uteksaminerte seminaristane var det minst 16 (kan hende heile 18) som vendte attende til heimbygda som lærarar. Åtte av desse, pluss to til, hadde alt lærarerfaring frå omgangsskole på heimstaden før dei byrja på seminaret. Seminaristane hadde normalt plikt til minst sju års teneste i Tromsø stift. Av dei 36 er det berre to av "søringane" som ikkje har tenestetid i stiftet å vise til. Men langt færre oppfylte heile plikttenesta si. Om vi ser bort frå dei fem som døydde i Tromsø stift før dei sju åra var gått, var det åtte som flytta frå stiftet før tida var ute (mellom dei Blix), og endå eit par som gjekk ut av teneste i skolen.

Fleire forlet lærargjerninga. Vegen til å bli (fiskar)bonde var ikkje lang. Lærarar på landet måtte stort sett drive med ein jordlappp og noko fiske attåt, og skoletida var langt frå heile året. Minst fem slutta som lærarar og gjekk heilt over i primærnæringane (to av dei i USA). Tre andre vart prestar, ein i Noreg, to i USA. To gjekk over i politi- eller lensmansstillingar i Nord-Noreg. Ein, Blix sin jamaldring og sambygding Hans Hansen Sandnes, byrja på Misjonsskolen i Stavanger, men døydde før han fekk reist ut. Ein vart fattigforstandar i Kristiania. Og Blix vart professor i hebraisk.

For dei som flytte ut av stiftet, var Kristiania den vanlegaste staden å flytte til. Sju av seminaristane hamna der, fire for godt. Elias Blix var altså ikkje den einaste Tromsø-seminaristen i hovudstaden på 1860-talet. Mange av desse skolekameratane, pluss nokre eldre (den legendariske Ole Tobias Olsen, "Nordlandsbanens far") og nokre yngre (Carl Johan Nilsen, John Klæbo, Anton Chr. Bang) heldt saman og støtta kvarandre. Fleire prøvde seg, med vekslande hell, som studentar. Dette miljøet skal eg gå nærare inn på seinare.

Endeleg hamna fire andre stader i Sør-Noreg, og fire endte i USA. To av emigrantane vart prestar, dei andre gardbrukarar.

Minst tre av seminar-kameratane til Elias Blix hadde ordførarverv, ein vart stortingsrepresentant, og sjølv vart han statsråd.

Så kan ein stille opp kontrafaktiske hypotesar: Kva om Elias Blix hadde valt annleis hausten 1855? Han kunne blitt omgangsskolelærar og kyrkjesongar, i heimbygda eller ein annan stad. Eller han kunne ha emigrert til Amerika og blitt prest der; fleire seminaristar valde den vegen seinare.

Men i første omgang klora han seg fast i Tromsø.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tromsø-seminarister 

I dag vil eg dra fram Christian Wiik (1859-1945) si bok Tromsø-seminarister: Biografiske oplysninger om seminarister som er dimittert fra (Trondenes og) Tromsø seminar 1829-1879, utgjeven posthumt i 1948. Det er eit utruleg prosjekt: Her har ein mann samla opplysningar, frå vidt spreidde kjelder, om dei nesten 600 lærarane som var utdanna frå denne institusjonen i løpet av dei første femti åra! Slikt arbeid gjev diverre lite prestisje. Forfattaren fortener eit minnesmerke. For boka er ein unik database til kunnskap om nordnorsk skolestell og kulturhistorie. Eivind Bråstad Jensen har nytta dette materialet i artikkelen "Tromsø seminar og seminaristene" (s. 13-29 i boka Lærerutdanninga i Tromsø: Seminarium - lærerskole - høgskole, red. Mary Brekke, 1999). Men ein elektronisk database med desse opplysningane kunne sikkert gje kjeldemateriale til mange fleire viktige undersøkingar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lyd 

Nokre ettertankar om lyd etter møtet i Norsk Biografisk Selskap: Det er stadig tydelegare for meg at den musikalske dimensjonen er sentral ved Blix sin poesi. Salmar skreiv han alltid til kjende melodiar. Korleis det er med songane, har eg ikkje undersøkt enno. No endra lydbiletet av norsk salmesong seg mykje i løpet av 1800-talet, ikkje utan sverdslag ("Salmesongstriden" er eit etablert omgrep i norsk musikkhistorie), og det vil vere ei oppgåve å kartleggje ikkje berre inspirasjonskjeldene for Blix sine tekstar, men òg den musikalske bakgrunnen hans. Lærarseminaret er ein viktig del av denne. Med opplæringa i song, salmodikon- og orgelspel var seminaret ein viktig reiskap for standardiseringa av kyrkjesongen, noko som sannsynlegvis gjekk ut over den folkelege songen. Biletet er ikkje eintydig: L. M. Lindeman (1812-1887) var ikkje berre den som sette standarden for salmesong i kyrkja gjennom koralboka si, han var òg ein av dei viktigaste samlarane av folketoner.

Men det er vanskeleg å fange lyd i skrift.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografisk selskap 

Alt under himmelen har sin organisasjon (fritt etter Forkynnaren 3,1) - så òg biografar og biografi-interesserte. Eg våga meg i går for første gong på møte i Norsk biografisk selskap. Temaet var radiodokumentaren, meir presist: "Hva skiller portrettet i radiodokumentaren fra portrettet i skrevet form?" Det vart ein interessant presentasjon ved Charlotte Thiis-Evensen og Kari Hesthamar, programskaparar i NRK P 2, med lydeksempel, analyse og diskusjon. Medan formatet set grenser, tilfører faktorane stemme og musikk dimensjonar som ein skriven tekst vanskeleg kan formidle.

Viktig for meg var det òg å få stadfesta frå folk i Samlaget at dei er interesserte i å gje ut Blix-biografien, gjerne i 2005, i samband med jubileet for oppløysinga av unionen. Eg har det travelt.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Edens sæle Sumar / Eit Tre av Rotom rann,
Og fram av kvar ein Kumar / Sprang evigt Liv fyr alle Mann.

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Påskesalmen "I Edens sæle sumar" er ein favoritt mellom hymnologar, men så lite sungen i norske kyrkjelydar at han ikkje kom med i Norsk Salmebok (1985).

Den gjennomførte bruken av Eden-motivet, det tapte paradiset som vert attvunne, kan minne om Ingemann-salmen "I østen stiger solen op." Medan sola er sentralmotivet der, er det her Livstreet, eit motiv Blix ofte nyttar, men aldri så gjennomført og så originalt som her. Det er eit bibelsk sentralmotiv, som førekjem både i dei første og i det siste kapitlet i Bibelen.

Blix arbeidde vidare med denne salmen. Melodien som er oppgjeven, "O Jesu for din Pine" (ein Kingo-salme) er gått ut av bruk, kan hende alt i Blix si samtid? I andre utgåva av Nokre Salmar (1883) har salmen fått ny tone, "Min Sjæl, min Sjæl, lov Herren." Det gjev eit heilt anna versemål, med vers som er om lag tre gonger så lange.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 27.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.8.03

Ikkje DEN Blix 

Om nokon framleis skulle vere i tvil: BlixBlog er IKKJE bloggen til Hans Blix - som derimot skal vere bokaktuell på Kagge forlag.
# lagt inn 26.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Men no vart han Fyrstegrøda / Utav deim, som sovnad av:
No skal me i Herrens Løda / Eingong sankast or vaar Grav.
No hev Dauden mist sin Brodd, / Helvite sin Eiter-Odd.
No er Dauden gløypt til Siger, / Livet fram or Gravi stiger.

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

"'Er her nokon som vil høyra' er eit sers veikt evangelierim, som ikkje vart med i dei nyare salmebøkene" (Reidar Bolling, Elias Blix, s. 127).

Hymnologar likar ikkje evangelierim, som dette til fyrste påskedag, over Lukas 24 og 1. Korintarbrev 15. Så her kjem ein apologi for evangelierimet:

1) Det er ein vel etablert sjanger, dyrka mellom anna av Petter Dass (Alle Evangelia Sangviis forfattet). Det er ikkje sikkert notidas estetiske dommar er adekvate, til dømes kravet om originalitet. Eg har ikkje undersøkt evangelierimet, men det anar meg at dette er ei form for brukspoesi med pedagogisk sikte.

2) Det nynorske evangelierimet, som Blix skapte, er ein viktig reiskap i prosessen som skapte det nynorske bibelspråket. Dette har Reidar Djupedal sett: “Det var ikkje lett å finne det rette ordet når Blix skulle tale om religiøse emne som folk einast kjende frå dansk. Han skulle både dikte og kome med framlegg til nynorske ord for religiøse grunnomgrep. Mange salmar var dikta over bibelske tema og brukte ord og vendingar frå Bibelen. Blix hadde ingen landsmålsbibel å stø seg til, men måtte finne fram til orda på eiga hand” (Der eit fjell stig mot sky, 199-200).

Og visst finst det gullkorn her med, i dette verset "Herrens løda" som himmel-bilete, om samlingsstaden for alle som er døde og oppstadne med Kristus, "Fyrstegrøda".

Oppdatering, 28.11.2003: Sjå heile salmen.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.8.03

Språkdirektøren 

Gratulasjonar til Sylfest Lomheim, nytilsett direktør for "ein ny institusjon som skal avløysa Norsk språkråd. Institusjonen er førebels omtala som eit kompetansesenter for norsk språk." Språkdirektøren vil ikkje vere vaktbikkje, seier han til NRK i dag. Men utfordringar får han, mellom anna frå Noregs Mållag. Frå denne sida skal han berre få med seg eitt fromt ønske: At han ikkje legg til side engasjementet sitt for å gje Bibelen oppdatert norsk språkdrakt - i Blix' og Alexander Seippels ånd.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Som Kornet einslegt døyr i Mold / Men sidan gror med mange Foll,
So gav du herleg Groder:
Ein Her av Brøder utan Tal / Ved deg or Gravom ganga skal,
Vaar fyrstefødde Broder!
Daa ber / Guds Her
Fram eit Kvæde / Fyr det Sæde / Utan Like,
Som no blømer i Guds Rike.

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Tredje verset av påskesalmen "Upp Hjarta, rør din beste streng," den første originalsalmen av Blix i andre heftet av Nokre Salmar. Melodien er "Af Høiheden oprunden er" ("Wie schön leuchtet der Morgenstern"), ein mykje brukt koralmelodi både hjå Blix og andre.

Verset er eit fint døme på Blix sin evne til å kombinere bibelske bilete på slåande måtar. Utgangspunktet er Jesu ord om sin eigen død i Johannes 12,24: "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde." Men dei "mange Foll" får ein samstundes til å tenkje på den velkjende likninga om såmannen, Markus 4,1-20 / Matteus 13,1-23 / Lukas 8,4-15. Og dei neste linene spelar på tekstar der Kristus er omtala som den "fyrstefødde" (Romarane 8,29) eller "fyrstegrøda" (1. Korintarbrev 15,20). Denne forma for tekstsamspel (nynorsk for intertekstualitet, Ottar Grepstad) er karakteristisk for mange Blix-salmar. Det handlar ikkje berre om samspel mellom salme og bibeltekst. Lik ein god rabbinar evnar salmediktaren òg å setje i spel element frå ulike bibeltekstar, på måtar som kan vere både tradisjonelle og originale.

Oppdatering, 26.11.2003: Sjå heile salmen.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 25.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.8.03

Ressursar 

Det er berre å innrømme: Det er vanskeleg for ein nybyrjar innan biografiproduksjon ikkje å misunne tungvektaren Ingar Sletten Kolloen (sist sett på haustlanseringa til Gyldendal) dei ressursane han har hatt til disposisjon i arbeidet med Hamsun-biografien:
Da Kolloen sensommeren 2000 fikk i oppdrag av Gyldendal å skrive Hamsunbiografien satte han derfor helt klare krav til forlaget: Prosjektet skulle organiseres i to faser, først som et rent forskningsprosjekt og deretter som et narrativt prosjekt. Kolloen fikk sette sammen et team av Hamsunforskere og litterater, som bidro i begge fasene. -Ledende forlag som Gyldendal skal tjene som litteraturens toppidrettssenter, hvor utøveren settes i stand til å yte det beste på sitt område, sier Kolloen.
(NFF - Medlemsnytt)

Kolloen opptrer i NFF sin ProSALONG onsdag 27. august. Tema: "Fortellingens fristelser - om å skrive Hamsun-biografi." Diverre har eg anna å gjere, men det blir nok gildt.
# lagt inn 23.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ver helsat, Hovud høge, / Som blodat er og hædt!
Du Hovud, som til Løge / Med Tornekrans er klædt!
Du Hovud, som er saarat / Og fram med Spottord synt,
Men lyser no forklaarat / Med Sømd og Siger krynt!

Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Attom Paul Gerhardts (1607-1676) kjende pasjonssalme "O Haupt, voll Blut und Wunden" står den latinske mellomalderteksten "Salve caput cruentatum." Ein har meint at Bernhard av Clairvaux (1091-1153) var opphavsmann til denne, men i Norsk Salmebok (nr. 150) er Arnulf frå Louvain (d. 1250) oppgjeven. Den danske teksten er ved Fredrik Rostgaard (1671-1745).

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.8.03

Sundagane 

Kva gjorde Elias Blix om sundagane?

Vel, det var høgmesse i Tromsø kyrkje kvar sundag, og der var han nok. Men resten av dagen? Avisa for 1854 fortel om fleire konkurrerande tilbod.

Det var i regelen "Bibellæsning" i kyrkja klokka 16.15 om ettermiddagen. Så hadde "Tromsø Forening mod Brændevinsdrik" møte på almueskolen, oftast kl. 17.30, så godt som kvar einaste sundag. Men det var òg møte i "Arbeiderforeningen" kvar sundags ettermiddag, frå 16 til 21.

Det siste var slett ikkje noko radikalt eller ukristeleg alternativ. I høgtidene vart det annonsert med opplesing frå Luthers postill på møta. Rektor Hans Blom, som av Tromsø-Tidende vert omtala som byens "sorte Skjørt" (det kan, som kjent, nyttast til alt), var engasjert både i avholdsforeininga og arbeidarforeininga, forutan at han dette året var byens ordførar.

Eg veit ikkje, men eg tippar at Blix var mellom dei mange seminarelevane som søkte til avholdsforeininga. I alle høve møtte han i Tromsø eit veksande foreiningsliv, eit typisk trekk i tida. Her ligg noko av bakgrunnen for den store organisatoriske innsatsen hans seinare.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Krimkrigen 

Det andre eg nytta tida til på Nasjonalbiblioteket, var avislesing: Tromsø-Tidende frå januar til august 1854. Eg veit ingen betre måte å leve seg inn i bylivet på. Det slår meg ikkje minst kor dårlege kommunikasjonslinene framleis var midt på 1850-talet. Nytt frå omverda kjem med sein og tilfeldig postgang. Rykte og spekulasjonar er det mykje av.

Denne våren er det ikkje minst utviklinga i krigen mellom Russland og Tyrkia, etter kvart òg England og Frankrike, som pregar avisa - det vi seinare har kalla Krimkrigen. Dei nordiske landa var nøytrale. Men krigsangsten sat like under huda på folk. Dei gamle hugsa vel Napoleonskrigane, tidleg i hundreåret; det hadde vore krigshandlingar på Tromsø hamn i 1812. Ein vart oppskaka av ukjende skip, nokre meinte dei høyrde skot frå havet, dei russiske båtane med handelsvarer kom seint og var få, det var engelsk blokade av hamnene i Kvitsjøen, ei militæravdeling på 300 mann frå Hordaland blir stasjonert i Tromsø. Astri Andresen har utan tvil rett: "Dette hører også med til rammene rundt Tromsø-vekkelsen" (Handelsfolk og fiskerbønder, s. 205). Og det høyrer med til ungdomsopplevingane til Elias Blix.

Det avisoppslaget som mest direkte vedrører Elias, er elles denne vesle annonsen sundag 25. juni (Tromsø-Tidende kom to gonger for veka, torsdag og sundag):
"Onsdag den 5te Juli og de følgende Dage afholdes den aarlige Opflyttelses- og Dimissionsexamen ved Tromsø Skolelærerseminarium. Til at overvære den indbydes Almueskolens Velyndere," underteikna styraren, C. L. Rode.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nasjonalbiblioteket 

Endeleg har Handskrifsamlinga i Nasjonalbiblioteket opna att! Torsdag er langdag der, så eg var på bytur i går. Dei har ein del Blix-manuskript. Det viktige for meg nett no er breva frå Blix til skolekameraten hans frå seminaret, lærar og kyrkjesongar Johan Amundsen (1833-1925). Det er 40 brev, skrivne med ujamne mellomrom i tida 1856-1891.

Eg rakk berre gjennom dei tre breva frå året 1856 i går. Blix går for å vere lite personleg i breva sine. Heilt rettferdig er no ikkje den vurderinga. I glimt kjem både refleksjonar og kjensler til uttrykk. Brevet av 16. mai er prega av optimisme, men i eit langt meir personleg brev 15. oktober fortel Blix om uro over mora si sviktande helse, vanskar med å få arbeid, og tvil om framtidsplanar. Ambisjonar kjem og til uttrykk: Han blir i byen "ikke fordi jeg har ?? synderlig Lyst til at være længere her, men fordi jeg troer at faa bedre Anledning til at læse paa min egen Haand." Og her er sterke uttrykk for banda til seminarstyraren, teologen Christian L. Rode, som forlet Tromsø denne hausten: "Rode, vor ælskede Rode, der engang var vor fælles Lærer og siden har været mig en Fader baade med Hjælp, Raad og Veiledning - forlod Tromsø for 8 Dage siden for at reise til Lier, i Nærheden af Kristiania hvor han er bleven residerende Kapellan." Det var no elles det siste som løyste arbeidssituasjonen i året 1856-57 for Blix. Han fekk 15 vikartimar i veka ved seminaret.

Interessant er det òg kva som ikkje er nemnt. 1856 var det store utmeldings-året i Tromsø. Dei 12 første utmeldingane av Statskyrkja kom 19. mai, og ein "apostolisk-christelig" frikyrkjelyd vart skipa. Men "Nyheder er her slet ikke at fortælle fra det ensformige Tromsø" (21. november).

Eg har enno ikkje funne brevskifta mellom Blix og gamlelæraren Hans Hanssen, eller det med velgjeraren Carl Olsen. Kan nokon hjelpe meg på det punktet?

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa no vil Jesus draga / Inn i den Mordarstad,
Endaa dei honom laga / So harmelegt eit Blodebad.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Pasjonssalme av Kingo (1634-1703) originaltekst her. Vi er attende i den lutherske ortodoksien. Eg hadde trudd at "mordarstad" (om Jerusalem) blei i kraftigaste laget etter 1940-talet; antisemittismen er ikkje veldig langt unna; men salmen og ordet er framleis med i Norsk Salmebok frå 1985 (nr. 134).

Versemålet er interessant. I siste line har Blix to stavingar meir enn Kingo. Melodien i Kingos Graduale ("koralbok") har ei sløyfe her, eit par ekstratonar som Blix set tekst til. Samspelet mellom tekst og musikk er eit studieobjekt i seg sjølv. Det vil eg kome attende til. No får Blix eit problem seinare med si musikalske løysing. Melodien vart nemleg forenkla, og sløyfa i siste line teken bort. Så var det ikkje lenger plass til dei to ekstra stavingane. Dei forsvinn i neste utgåva av Nokre Salmar (1883).

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.8.03

Blix-kronologi 

1830-åra: Heimen
1836, 24. februar: Fødselsdag
1839: Faren, Peder, mistar livet i ei ulukke
1840-åra: Gildeskål. Oppvekst
1851: Konfirmasjon
1850-åra: Tromsø
1853-1855 Elev ved Tromsø Skolelærerseminarium
1855-1859 Lærar i Tromsø, les privat til artium
1857: Mora, Margrethe, døyr
1860-åra: Christiania. Student og lærar
Ymse timelærarpostar i heile studietida
1860: Examen artium
1860: "Frettnader um Livet i Nordland," i Dølen (anonymt)
1861: Andre eksamen (examen philosophicum)
1862: Den nordlandske Forening
1866: Teologisk embetseksamen
1866: Siste vitjing i Gildeskål
1868: Landsmålsrørsla organiserer seg. Det norske Samlaget
1868: Praktisk-teologisk eksamen
1869: Nokre Salmar, gamle og nye, 1. heftet (anonymt)
1870: Nokre Salmar, 2. heftet
1870-åra: Familie og karriere
1871, 19. juli: Giftermål med Emma Alvilde Marie, f. Hansen
1871-1872: Studieopphald i Leipzig (semittiske språk)
1872, 3. mai: Eldste sonen, Hans Peter, fødd (i Leipzig).
I 1872-1889 får Emma og Elias 9 barn, av dei døyr 2 som små.
1873-1879: Adjunktstipendiat ved Universitetet
1875: Nokre Salmar, 3. heftet.
1876: Filosofisk doktorgrad (semittiske språk). De viktigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog: Et Bidrag til semitisk Etymologi.
1877: Innvald i Videnskapsakademiet. Tillitsverv 1884-1901
1879: Ekstraordinær professor i hebraisk
1880-åra: Politikk og bibel
1882: Apostelen Pauli brev til romarane
1883: Nokre Salmar: Andre rettade og aukade Utgaava (framleis anonymt)
1884-1885 og 1886-1888: Kyrkjestatsråd i ministeriet Sverdrup
1885-1886: Statsråd ved statsrådsavdelinga i Stockholm
1889: Det nye Testamente (Blix, Belsheim, Skard og Aasen)
1890-åra: Trådane samlast
1891: Nokre Salmar, utgjevne av Dr. E. Blix: 4de aukade Utgaava
1892, 4. mars: Nokre Salmar vert autorisert til bruk i kyrkja
1899: Det nye Testamente: Ny, gjennomsedd Utgaava
1900: Ikon
1900: Salmar og Songar
1901, 19. mai: Stor Blix-fest i Christiania
1902, 17. januar: Elias Blix døyr

Redigert 27.01.2010
# lagt inn 21.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den fagraste Rosa er funni, / Ho upp millom Klunger er runni:
Vaar Jesus den dyraste Blomen / Rann upp av ei Ætt under Domen.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Brorson att. Originalteksten finn du her. Brorson-salmane stod av naturlege grunnar ikkje i Kingo-salmeboka frå 1699; Brorson gav ut Troens rare Klenodie i 1739. Mange Brorson-salmar vart med i Guldbergs salmebok (1784), medan det åndelege klimaskiftet Evangelisk-kristelig Psalmebog (1798) representerte, gav mindre rom for pietisme generelt og Brorson spesielt. I Noreg på 1800-talet var både Kingo, Guldberg og Evangelisk-kristelig i bruk. Eit oversyn over den danske salmeboksituasjonen finst her.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 21.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.8.03

Korleis bli målmann i Tromsø? 

Det aller mest interessante spørsmålet er likevel: Korleis var det mogleg å bli målmann i Tromsø alt på 1850-talet?

Seint i livet skildra Blix, nesten som i ei religiøs omvendingssoge, korleis han fekk Ivar Aasens Det norske Folkesprogs Grammatikk i handa, las ho på strak arm - og vart målmann. Men kva for føresetnader var elles til stades i bakgrunnen og miljøet?

Tromsø er staden for to, tilsynelatande motstridande, språklege prosessar i livet til Blix. Den eine er "omvendinga" som er skildra over. Den andre er sosialiseringa inn i overklassens talespråk. For å bli teken alvorleg mellom elevane sine på Borgerskolen, måtte Blix slipe talemålet sitt.

Resten av livet levde han i denne spenninga, tala (og skreiv) "dannet" - og dikta salmar og songar på landsmål. Her er mangt som ropar på forklaring.


Send ein kommentar.
# lagt inn 20.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tromsø på 1850-talet 

Eg les Astri Andresens Tromsø-historie frå 1800-talet om dagen, Handelsfolk og fiskerbønder (1994). Det er ei god bok. Ho legg mykje vekt på samspelet mellom byen og omlandet. Framstillinga er brei. Her handlar historie om meir enn kongar og krigar! Elias Blix kom til ein ung by, mindre enn seksti år gammal. Tromsø fekk kjøpstadsprivilegium i 1794. Og han kom til ein by i enorm vekst. I 1801 hadde byen 84 innbyggjarar, i 1855 var talet 2958! Tilflyttinga var stor, befolkninga var ny, og dei sosiale mønstra var ikkje heilt sjølvsagte. Her var grobotn for ungdom med ambisjonar.

Slike faktorar er sannsynlegvis òg av stor interesse for forståinga av den religiøse vekkinga som gjekk over byen på 1850-talet, og som nok har sett sine spor i Blix si religiøse utvikling. Med si seminar-bakgrunn og engasjementet sitt i Tromsø Indremisjon må han nok reknast mellom dei "kirkelig Vakte" (uttrykket til rektor Blom, som skreiv ein tidsskriftartikkel om vekkinga så tidleg som i 1859) - eit fenomen som har fått langt mindre merksemd enn den frikyrkjelege delen av vekkinga, for ikkje å snakke om den læstadianske vekkinga, som byrja nokre få år tidlegare.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I denne søte Joletid / Me maa vel sæle vera
Og bruka all vaar Flit og Id / Guds Naade høgt at æra.
Ved den, som er i Krubba lagt / Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat søtt oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann! / So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Etter dei klassiske julesalmane frå reformasjonen sitt heimland er det Brorson sin tur. Originalteksten finn du her.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 20.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.8.03

Blix og det samiske 

Temaet Blix og det samiske opptek meg. Eg har enno ikkje funne ei einaste line i tidlegare Blix-litteratur om dette emnet.

Det kan ikkje skuldast at biografane ikkje har visst. Du skal ikkje lese mykje om lærarseminaret i Tromsø før problemstillingar knytte til det samiske dukkar opp. Frå starten på Trondenes i 1826 og i alle fall gjennom heile 1800-talet var seminaret ein sentral kulturpolitisk reiskap i det norske samfunnet sin strategi andsynes samefolket. Standardframstillinga til dette er vel framleis Helge Dahl, Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905 (1957), ei kort innleiing gjev denne artikkelen av Eivind Bråstad Jensen.

Så må tidlegare tider ha oppfatta emnet som mindre viktig. Det gjer meg interessert (også fordi eg får sjansen til å leggje eit nytt trekk til biletet av Blix). Men det gjer meg og ettertenksam. Kvar tid har sine blinde flekkar. Det er ein av grunnane til at historie aldri vert avslutta, men stadig kan og må skrivast på ny.

I.
Blix kjende nok noko til samisk kultur alt frå barndommen. Den samiske busetnaden i Gildeskål kjenner eg lite til (nei, ingen har fortalt meg om det heller), men eg forstår at Gildeskål er pitesamisk område, med eit språk og ein kultur som skil seg mykje frå det nordsamiske.

II.
Blix hadde "finsk" (det vil seie samisk) som fag på seminaret i det første skoleåret, med framifrå resultat: Beste karakter, 1. Andrelæraren ved seminaret hadde som hovudoppgåve å ta seg av undervisninga i samisk. Det vart berre dette eine året på elevane, for andrelærar Lasson slutta i 1854 og vart sokneprest i Karlsøy, og det lukkast ikkje å finne nokon ny samiskkyndig andrelærar før året etter.

Blix møtte fram på Tromsø Seminar 6. august 1853. I Alta fall same dagen dommen i underretten over Aslak Hætta og 32 andre flyttsamar etter hendingane i Kautokeino 8. november 1852: Dei hadde gjort eit religiøst motivert opprør, drepe handelsmannen og lensmannen og piska presten (sjå Magnar Mikkelsen sin kronologi og Roald Kristiansen si analyse). Fire av leiarane vart overførte til fengsel i Tromsø, mellom dei Aslak Hætta og Mons Somby, som etter dom i Høgsterett vart avretta i Alta hausten 1854, og den berre 18 år gamle Lars Hætta (han vart seinare ein sentral person i arbeidet med samisk bibelomsetjing). Merksemda om denne saka, om læstadiansk religiøsitet og om samiske spørsmål i det heile må ha vore enorm dette året. Kva kan ein 17-åring på seminaret ha fått med seg av dette?

Reidar Bolling fortel i sin Blix-biografi at Blix fekk fritt opphald ved seminaret siste skoleåret sitt (s. 33). Eg er ikkje komen så langt i arkivmaterialet at eg har fått kontrollert dette. Men dersom Bolling har rett, kan det berre tyde ein ting: At Blix kunne tenkje seg å arbeide mellom samisktalande. Den einaste forma for friplassar seminaret rådde over, var heimla i kongeleg resolusjon 25. januar 1853, der det vart oppretta 8 friplassar for elevar som ville binde seg til 7 års teneste i samisktalande område, "med særlig Hensigt at bibringe Finnebørnene Kyndighed i det norske Sprog." Blix var aldri i nærleiken av slik teneste, og eg ser ikkje bort frå at Bolling kan ta feil.

Frå 1857 vart Fredrik Hvoslef styrar ved seminaret i Tromsø. Hvoslef var presten som hadde vore offer for Kautokeino-opprørarane. Blix var framleis i Tromsø som lærar, og han møtte Hvoslef i mange samanhengar.

Året før hadde den religiøse vekkinga i Tromsø fått ein skarpare og frikyrkjeleg karakter. Spørsmålet om ein eventuell samanheng med den læstadianske vekkinga er mykje diskutert, både i samtid og i ettertid.

III.
Det skulle vere interessant å vite noko om tilhøvet mellom professor i hebraisk ved Universitetet (frå 1879) Elias Blix og den 15 år eldre fakultetskollegaen hans, Jens Andreas Friis, professor i samisk og finsk frå 1874.

IV.
Aller mest interessant er likevel statsrådstida til Blix. I tre år, 1884-1885 og 1886-1888, sat han som kyrkjestatsråd i Sverdrup-regjeringa med ansvaret for norsk kultur-, kyrkje- og skolepolitikk andsynes samane (1885-1886 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm).

Eg veit ikkje kor mykje personleg engasjement han la ned i slike spørsmål. På politisk hald - jamvel i Venstre - var tendensen i tida ein heller handfast fornorskingspolitikk. Men det var andre røyster. Professor Friis ved Universitetet var ei, ei anna var biskop Skaar i Tromsø.

Dette er tida for nokre av landsmålsfolket sine viktigaste politiske sigrar. Den mest kjende er "jamstellingsvedtaket" frå 1885, som prinsipielt likestilte "Folkesproget" med "Boksproget". Men alt i 1879 var det (etter stortingsdebatt året før) fastsett at undervisninga i almueskolen så langt som mogleg skulle nytte talespråket til barna. Det var mogleg å nytte dette som argument for samisk opplæringsmål (og finsk, for kvenar), og det vart gjort. På 1880-talet var det likevel fornorskingspolitikken som sigra.

Såg landsmålsfolk parallellen mellom sin eigen språkkamp og den samiske situasjonen? (her er ein relevant artikkel av Svein Lund). Hadde Blix personlege meiningar om desse sakene, eller var han helst administrator av politiske vedtak?

V.
Endeleg slår det meg at eg veit fint lite om samisk salmesong og salmebøker. Har salmediktaren Elias Blix hatt noko nedslag på samisk språkområde?

Her er mykje eg ikkje veit. Kva veit andre?

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Or Høgdi ned i Verdi skin / Ei Morgonstjerna klaar og fin
Med Sanning og med Naade.
Du Jesse Rot og Davids Kvist, / Min dyre Brudgum, Jesu Krist!
Meg huggar i all Vaade.
Mi Sol I Jol, / Væn og herleg, / Mild og kjærleg! / Gaavor gjæve,
Ljos og Liv til meg du heve.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Her kjem dei klassiske lutherske julesalmane på rekkje og rad. Både originalteksten og melodien til "Wie schön leuchtet der Morgenstern" er skrivne av Philipp Nicolai (1556-1608). Norsk Salmebok (1984) har teke opp nynorskversjonen til Blix (nr. 89) i staden for den versjonen som er kjent frå dansk og bokmål, "Av høiheten oprunnen er".

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 19.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.8.03

Det Norske Samlaget 

Endeleg er heimesida til Samlaget oppe og går att, etter meir enn ei vekes fråver. Peikaren skal gå dit i dag. Samlaget er vel ikkje den eldste nynorskinstitusjonen som framleis eksisterar (eller er det? Det har ikkje vore mykje å sjå til Vestmannalaget i det siste?), men det er berre nokre veker om å gjere.

Blix var mellom stiftarane tysdag 24. mars 1868, var styremedlem 1868-1869 og 1872-1877, medlem i Domsnemnda 1869-1871 og 1884-1897, og heiderslagsmann sidan 1897. Det første heftet av Nokre Salmar var mellom dei første bøkene Samlaget gav ut.

Førre peikaren.
# lagt inn 18.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Det første Blix-minnet 

Himmelske Fader, Herleg utan like! Til alle stader Når ditt store rike.
Stjernor du styrer Og alt liv som yrer, Alt ned til mauren i mold.


Eg sit i kyrkjebenken i Tromsø domkyrkje, ved sida av far. Eg er seks år. Eller sju? Nei, eg trur ikkje eg har starta på skolen.

Landstads reviderte salmebok, nummer 27. Eg er sjølvhjulpen, kan slå opp, kan lese.

Kven som har laga inngangssalmen, har lite å seie for meg. Men stemninga i kyrkja merkar eg, ved sida av far, saman med alle dei andre som syng, orgelet og melodien ("Vingede skarer", ikkje den folketonen vi nyttar no). Her er ei trygg og jordnær gudstru, forankra i kyrkja såvel som i naturen - "alt ned til mauren i mold."

Forsynstrua i det verset har eg nok hatt problem med sidan. Men grunntonen har vore der.
# lagt inn 18.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Essay 

I helga har eg vore på haustens første samling i det faglitterære forfattarstudiet. Modulen Essayskriving vert gjennomført for første gong i haust. Tre svært ulike, men svært gode førelesingar på laurdagen. Kjersti Bale gav ei gnistrande innføring i Michel de Montaigne, Gudleiv Bø las norske essayistar med oss (helst frå 18. og 19. hundreåret), og Wera Sæther gav ein ettertenksam introduksjon til sin eigen essayistikk. Eg er framleis ikkje heilt sikker på kva eit essay eigentleg er, men eg er usikker på eit noko høgre nivå enn før.

Sundagen var sett av til det som for dei fleste av oss er kjerneverksemda i denne utdanninga: Gjennomgangen av deltakarane sine eigne tekstutkast. Fint å sjå dei att etter sommaren, pianisten Magnus, bokkaféverten Ingeborg, historikaren Nina og forskingsjournalisten Unn. Ny vegleiar for gruppa: Wera Sæther. Engasjerte og spennande diskusjonar. Dette lover godt.

Eg leverte eit par sider til temaet heilagspråk og daglegspråk (bøn og banning). Stoffet kan ta mange vegar, men eg må velje ein. Eg treng å tenkje meg om litt til når det gjeld vegval.


Send ein kommentar.
# lagt inn 18.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

"Fraa Himmeln høgt me koma her, / Og fagert Bod til Jord me ber,
Og um de no vil giva Ljod, / Me syngja ut den Tidend god."

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Det andre heftet av Nokre Salmar opnar med denne klassiske julesalmen. Originalteksten er av Luther.

Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 18.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.03

Dagens Blix 

Gud Fader til sitt Barn meg tok / Og i sitt Namn meg døypte
Og skreiv meg inn i Livsens Bok / Og i sitt Fang meg svøypte,
Den Barnetru / Meg bygg ei Bru
Til Livet yver Strid og Gru, / Um so meg Dauden gløypte.

Og verd mi Saal av Byrdi tyngd, / So styrk meg, milde Fader!
Giv Hjartat Kraft og evig Yngd, / So Trengsla ei meg skader.
So fylg du meg / Den tronge Veg
Og helst naar det til Kvelden dreg, / Og sol i Dauden glader!

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Og med dei to siste versa av "Den Veg til Livet er so trong" har vi kome til slutten av første heftet av Nokre Salmar, den første salmesamlinga på nynorsk.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 16.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.8.03

Litteratur om Blix 

Halvorsen, J. B. 1885
"Blix, Elias," Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880 (Kristiania: Den norske Forlagsforening), 2.353-354
Liestøl, Knut. 1925
"Blix, Elias," Norsk Biografisk Leksikon (Oslo: Aschehoug), 2.24-26
Vågdal, L. M. 1936
"Elias Blix," i Elias Blix, Salmar, songar og kvad, Bergen: Lunde
Berggrav, Eivind. 1936
Elias Blix: Kristentypen og personligheten, Oslo: Aschehoug
Sønderland, Oskar. 1950
Elias Blix og salmediktinga hans, hovudoppgåve i litteraturhistorie, Universitetet i Oslo
Bolling, Reidar. 1953
Elias Blix, Oslo: Samlaget
Djupedal, Reidar. 1968
"Elias Blix og salmane hans," i Elias Blix, Der eit fjell stig mot sky (Oslo: Noregs Boklag), 191-208
Bull, Tove. 1972
Dei første nynorske salmane: Ein idéanalyse av originalsalmane til Elias Blix, hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Trondheim
Olsen, Kurt-Johnny. 1986
Elias Blix - mannen og verket, Sandhornøy: J.A. Eilertsen
Djupedal, Reidar. 1986
"Elias Blix - salmeskald og folkesongar," Kirke og Kultur 91/5, 267-274
Lønning, Per. 1986
"Elias Blix - eit 150-års-perspektiv," Kirke og Kultur 91/6, 362-371
Elseth, Egil. 1989
Elias Blix: Verk og virke, Oslo: Verbum
Segtnan, Jon. 1998
"Elias Blix - han som grunnla den nynorske salmediktinga," P 2-Akademiet: L (Oslo: NRK P 2), 123-134 [opphavleg radioforedrag, 31.05.1997]
Tømmerberg, Finn. 1999
Elias Blix - Norwegian Hymn Writer ant Poet of Nordland: A Biography with Translations of Selected Songs and Hymns, Halsa: Finn Tømmerberg
Bull, Tove. 1999
"Blix, Elias," Norsk Biografisk Leksikon (Oslo: Kunnskapsforlaget), 1.369-370
Grønningsæter, Fredrik. 1999
"Elias Blix: Kyrkjebenken sin salmediktar," Vårherres verden: En bok om kirke og gudstro i Nord-Norge gjennom 1000 år (Oslo: Presteforeningen), 127-135
Elstad, Hallgeir. 2002
"Elias Blix: Ei livssoge," Kirke og Kultur 107/1-2, 523-534

Og dette er berre eit utval, mest styrt av biografiske innslag. Salmediktinga til Blix er ofte kommentert.

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Jesu! dine djupe Vunder / Og din Daude saar og strid
Huggar meg i alle Stunder, / I all Naud, som Hjartat lid.
Renn meg nokont Vondt i Hug, / Til di Pinsla ser eg bljug;
Det skal Syndehugen kjøva: / Dine Saar med Synd ei høva.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Pasjonssalme (salme knytt til Jesu lidingssoge), originaltekst: Johann Heermann (1585-1647).

Oppdatering, 19.11.2003: Sjå heile salmen.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 15.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.8.03

Dagens Blix 

Jesu! din Samfund i Anden at smaka / Lengtar og stundar mitt Hjarta og Sinn.
Riv meg fraa Alt, som vil halda tilbaka! / Drag meg i deg, som er Upphavet, inn!
Syn meg til Fullnad mi Umegd og Møda, / Syn meg det Djup utav Vanart i meg!
So at seg Kjøtet til Daude maa bløda, / Andi aaleine maa liva fyr deg!

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Peder Jakobsen Hygom (1692-1764, biskop i Århus) omsette "Jesu, din søde Forening at smage" til dansk. Det er berre denne eine teksten av han overlevert i danske og norske salmebøker. I nyare salmebøker vert Johann Ludwig Konrad Allendorf (1693-1773) oppgjeven som opphavsmann, men sikkert er dette visstnok ikkje.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 14.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.8.03

Elias Blix' første litterære arbeid? 

Den første teksten eg positivt veit at Blix har skrive, er ei forteljing om "Den dovne Jens". Slik lydde nemleg oppgåva E. B. Pedersen og tre andre førsteklassingar fekk til juletentamen ved Tromsø seminar i norsk skriftleg 16. desember 1853. Resten av klassen skreiv diktat.

Arbeidet eksisterer ikkje lenger. Det var neppe av varig verdi. Viktigare er nok ein del ungdomsdikt frå Tromsø-tida. Kor mykje som har overlevd av dette materialet, har eg enno ikkje oversikt over.

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peikaren 

I dag går peikaren til Avdeling for lærerutdanning ved Høgskolen i Tromsø. På 1800-talet heitte institusjonen Tromsø Skolelærerseminarium, og her fekk Elias Blix Pedersen lærarutdanninga si i åra 1853-1855. På heimesida til skolen kan du mellom anna finne ein historisk artikkel av Eivind Bråstad Jensen.

Førre peikaren.
# lagt inn 13.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Gud han er so fast ei Borg. / Han er vaar Skjold og Verja.
Han ver oss i all Naud og Sorg, / Som Hjartat her vil herja.
Vaar gamle Fiend gram / Med Aalvor no fer fram.
Hans Vaapen her paa Jord / Er List og Lygn og Mord.
Hans Jamning ei er funnen.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Før Blix hadde Ivar Aasen gjort eit forsøk på å omsetje denne klassiske Luther-salmen (1855). Men han tykte Blix hadde lukkast betre. Aasen og Blix arbeidde svært tett saman, mellom med omsetjinga av Det nye testamentet til landsmål (ferdig 1889). Her er Aasens omsetjing av same verset, til samanlikning (frå Skrifter i Samling I, s. 189):

Vaar Gud han er vaar faste Borg, / Vaar gode Skjold og Verja;
han hjelper oss or Sut og Sorg, / naar Trengslor um oss herja.
Den gamle Fiend’ er / med Ufred atter nær;
stor Magt og Svik dertil / han mot oss nøyta vil.
Paa Jord er ei hans Like.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 13.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.8.03

Liv og verk 

Så har sommaren fått sin biografidebatt, med utgangspunkt i Otto Hagebergs biografi om diktaren Ragnvald Skrede. Så langt minner debatten meg om prestekollegaen som på preikestolen tok utgangspunkt i preiketeksten, for sidan aldri å vende attende. Ver ikkje redd, vi skal få nok graving i Ragnvald Skredes liv og verk utover hausten. Snart kjem Egil Ulateig med sin versjon.

Men det var biografidebatten. I to større oppslag i Morgenbladet (18. og 25. juli) har litteraturredaktøren, Bendik Wold, henta inn kommentarar frå ei rad autoritetar på området, ettersom Hageberg "går uvanlig langt i å påvise sammenhenger mellom liv og verk, i tråd med det som kalles den 'historisk-biografiske metode'." I Aftenposten har Arnhild Skre (3. august) kommentert kommentarane, med eit sleivspark til Wold ("fortsatt gjenoppfrisket avisen synspunkter fra debatter som raste heftigst på den tiden litteraturredaktøren ble født"), som på si side har enno fleire personlege finter til Arnhild Skre i svaret sitt (10. august. Høgdepunkt: "... en skribent som anser det som en kulturjournalistisk bragd å opptre som forlagenes utvidede informasjonsavdeling i forkant av bøkhøsten").

Med dette har debatten nådd eit nivå som eg ikkje har tenkt å by over. Men problemstillinga er aktuell nok. Salmediktar-biografiar har ofte gått langt i å tolke salmevers på bakgrunn av konkrete hendingar i livet til diktaren. Det er skrive heile andaktsbøker med eit slikt utgangspunkt.

Blix-litteraturen er mest fri for slikt. Blix er ein person som ikkje kjem i vegen for verket sitt (i den motsette enden av skalaen finn eg Bjørnstjerne Bjørnson).

Men poetiske tekstar er òg historiske kjelder, leivningar som vitnar om eit liv som er levd - saman med avisoppslag, kyrkjebøker, brev, førelesingsmanuskript, anekdotar, fotografi ... Verket kan kaste lys over livet, men berre via den prosessen alle historiske kjelder skal gjennom: Kjeldekritikken. To Blix-eksempel, til illustrasjon:

I.

Mange har festa seg ved naturbileta i Blix' lyrikk. Dei vert gjerne tolka som vitnemål om sterke inntrykk frå den storslegne og kontrastrike naturen på heimstaden hans, Gildeskål i Nordland. Ettersom Blix flytta heimanfrå som 17-åring, for seinare sjeldan å vende attende (siste gong i 1866, da var han 30), vert dette òg vitnemål om eit ungt sinn som var ope og vart for inntrykk. Noko rett er det utan tvil i dette.

Men lik mange andre akademikarar var Blix i studietida og seinare ein ihuga fjellvandrar, som ofte nytta sommarferien til fotturar i Sør-Noreg. Naturforståinga i desse krinsane trur eg er ei undervurdert inspirasjonskjelde. Medan "Å eg veit meg eit land" opplagt har Sandhornøya i Gildeskål som referanse, kan "No soli bakom blåe fjell" like gjerne setjast i scene i Telemark eller i Rondane.

II.

Far til Blix, Peder Christoffersen, døydde i ei ulukke da Elias berre var tre år gammal. Tilhøvet hans til stefaren, Ole Helgesen, vert gjerne skildra som noko avmålt. Det kan vere rett. Men kva med dette verset frå sangen "Fjellet mitt"?

Men saag um Vaaren eg Lofotbaat, / Som heim ifraa Langferd vende,
Eg stundad saart millom Laatt og Graat, / Til Storbaaten vaar eg kjende:
Daa fegen eg flaug / Paa Heid, yver Haug
Og Fader i Fanget rende.

Fleire tolkingar er moglege:
1) Dette er eit minne om ei konkret hending: Peder Christoffersen kjem heim frå Lofotfiske, og vesle Elias (3 år gammal!) tek imot han.
2) Dette er ei poetisk framstilling av ei velkjend scene i fiskarbondemiljøet nordpå: Far kjem att frå fiske etter lang tids fråver, born tek imot.
3) Dette er eit minne om ei konkret hending: Ole Helgesen kjem heim frå Lofotfiske, og vesle Elias tek imot.

I tillegg kjem nok eit kjeldekritisk problem: Songen er trykt i Salmar og Songar (1900), på slutten av livet til Blix. Han daterte sjeldan manuskripta sine, og mange "verdslege" songar kom først ut i denne samlinga. Ein gammal manns idealbilete av ein barndom i ei fjern tid? Eller er songen dikta tidlegare, berre ikkje utgjeven før?

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Upp alle Ting, som Gud hev gjort, / Hans store Namn at prisa!
Det minste han hev skapt, er stort / Og kann hans Allmagt visa.
...
Kvat skal eg segja, naar eg stend, / Der Blomar gro i Engjer,
Og Fuglesongen saman renn / Som tusund Harpestrengjer?

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Vi spanderer to vers, det første og det sjuande, av denne Brorson-salmen. Originalteksten kan du sjå her. Han såg evangeliet i skaparverket, han òg, den gamle pietisten.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 12.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.8.03

Nytt om Blix i Tromsø 

Attende til kjeldene til Blix sine år i Tromsø (1853-1859).

To (for meg) "nye" og interessante kjensgjerningar (sjølvsagt har andre oppdaga dei før, men det står ikkje noko om dei i Blix-biografiane):

1. Blix hadde samisk som fag på seminaret. Rett nok var det berre det første året (i 1854-1855 var seminaret utan samisklærar), men han gjorde det bra, og fekk beste karakter: Rein 1. Spørsmål: I kva grad tok Blix stilling i den innfløkte diskusjonen om handsaminga av samane i skole og kyrkje? Han var sjølv ei tid ansvarleg for denne politikken, som kyrkjestatsråd i regjeringa Sverdrup frå 1884!

2. Blix var mellom stiftarane av Tromsø Indremisjon 10. desember 1858. Spørsmål: Kva fortel dette om kristendomstypen hans?

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom store Gud, du Heilag And, / Fraa høge Himmelsalar!
I Livet leid meg ved di Hand / Og gjenom Daudens Dalar!
Nytt Hjarta i meg fød! / Og alle Hugsaar grød!
Ver du min Saalarfred! / Mitt rædde Hjarta gled!
Gjer mine Vegjer reine!

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Fjerde verset av pinsesalmen "Den Id er Herren tekkjeleg, Som Grunn i Ordet heve." Tone: Vår Gud han er så fast ei borg. Blix nemner S. Jonæson som opphavsmann ("Den Idræt Gud er tækkelig, Som Grund i Ordet haver"), men salmen er opphavleg tysk, skriven av Gottfried Wilhelm Sacer.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 11.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.8.03

Dagens Blix 

Kom Heilag Ande! til oss ned! / Stig inn i Hjartat med Guds Fred!
Og lys med Gudsords Stjerna!
Du Himmel-Ljos so klaar og prud! / Giv at me Sannings Veg til Gud
Ved deg maa fylgja gjerna!
Leid meg / Den Veg! / Lys fyr Foten! / Riv med Rotenn' / Ut dei Tankar,
Som fraa Myrkheim til meg vankar!

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Pinsesalme. Originaltekst: Søren Jonæsøn (1656-1717), domprost i Roskilde i Danmark. Tone: Ei morgonstjerne klår og fin (Wie schön leuchtet der Morgenstern).

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 10.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.8.03

Dagens Blix 

Guds Kyrkja stend og stirer / Til Himmels upp, der Herren for;
Av Lengsla Augat tirer, / Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda / Og henta heim si Brud,
Og hennar Trengsla enda, / Og føra fram til Gud;
Der ho uti hans Sæla / Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla, / At dei skal skiljast aat.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Salme til helgetorsdag (bokmål: Kristi himmelfartsdag), på tonen "Mi sjel, mi sjel, lov Herren." Dette er den tredje av dei fire originale Blix-salmane i første heftet av Nokre Salmar. Prosentdelen originalsalmar steig etter kvart, frå 31 i første heftet (4 av 19) og 33 i det andre (1870, 9 av 18) til 88 i det tredje (1875, 14 av 16).

Oppdatering, 03.12.2003: Heile salmen.
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.8.03

Gravstaden 

I dag har eg vitja gravstaden til Blix på Vår frelsers gravlund i Oslo, for første gong. Eg skulle hatt med meg blomar. Eg må hugse det neste gong.

Ein biograf bør vel vere meir oppteken av liv enn av død, men gravminne er òg historiske kjelder. Eg har visst lenge at ekteparet Blix fekk heile ni barn, og at to av dei døydde tidleg. Men eg har ikkje funne namn eller andre data på desse to. I dag ser eg at familien Blix har nytta familiegravstaden til Emma Blix, fødd Hansen (1849-1927). Her er alle Blix-barna gravlagde, med to unnatak. Helge er registrert som emigrant til Sør-Afrika i 1903. Borghild var vel gift annan stad. Det er sikkert nokon der ute som veit meir om dette?

Barna er:
Hans Peter, 1872-1936
Marie, 1873-1920
Signe, 1875-1875
Helge, 1877-?
Ingvald, 1878-1881
Einar, 1880-1941
Ragnvald, 1882-1958
Borghild Margrethe, 1886-?
Ivar, 1889-1967

Stor familie, gleder og sorger. Kva har det hatt å seie for karriereakademikaren (dr. philos 1876; professor 1879) og salmediktaren (Nokre Salmar, 3. hefte 1875; andre auka utgåva 1883)?

Eg har sjølv ei dotter som heiter Signe, og eg har sjølv mist eit barn. Det fremjer neppe den kritiske distansen, men kan hende innlevinga. Og det får vere den hermeneutiske refleksjonen for i dag.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peikaren 

Det er på høg tid å introdusere Elias Blix-sidene til Arne Nygaard.

Førre peikaren
# lagt inn 8.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Som den gylde Soli bryter / Klaar igjenom kolsvart Sky
Og ein Straum av Straalar flyter, / So at Natt og Myrker fly:
So min Jesus or si Grav / Og det djupe Daude-Hav
Stod med Æra upp av Daude / Imot Paaskemorgon raude.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Thomas Kingo (1634-1703) er opphavsmannen til denne andre påskesalmen Blix omsette i første heftet av Nokre Salmar. Kingos salmebok, som kom ut i 1699, dominerte i Den norske kyrkja gjennom heile 1700-talet. Enno i 1855 nytta meir enn tredjedelen av norske kyrkjelyder denne salmeboka.

Her kan du sjå Kingos originaltekst.

Oppdatering, 21.11.2003: Sjå heile salmen.
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 8.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.8.03

Ferdaminni 

I sommar har eg hatt Ferdaminni fraa sumaren 1860 av A. O. Vinje som ferielektyre (vel, først fekk eg no endeleg lese Populærmusikk fra Vittula). Vinje var reisefølgje til Beitostølen, ein sers velvalt stad å ha han med. Det vart ikkje noka valfart til hytta hans ved Eidsbugarden, men eg fekk då ein dagstur ved Bygdin.

Ferdaminni kunne vore ein eigna tittel for ein vevlogg, men ordet er no ein gong knytt til Vinje, så eg slo tanken frå meg.

Derimot har eg gøymt noko anna i hjarta mitt og grunna på det (Luk 2,19): Ifølgje biografane gjorde Blix sommaren 1860 ein lang fottur gjennom Telemark, over fjellet til Vestlandet, og attende via Hallingdal til hovudstaden, saman med venene Carl Johan Nielsen og Ole Tobias Olsen. Blix og Olsen tok artium dette året. No fortel Yngvar Nielsen (En christianiensers erindringer fra 1850- og 60-aarene, s. 216) at Ole Tobias Olsen "med nogle Venner" foretok "en længere Fodtur" den sommaren han var ferdig med den såkalla andre eksamen eller Examen philosophicum, det vil seie i 1861. Ruta er mistenkjeleg lik. Eg er redd det er same reisa det er tale om, at Nielsen hugsar rett, og at eg dermed er snytt for eit godt poeng.

Om Ole Tobias Olsen (av ettertida best kjend som "Nordlandsbanens far") fortel Nielsen at han under denne turen "syslede med alt muligt. Han projekterede i Hardanger en Vei opover Maabøgalderne og lagde for Dagen en betydelig teknisk Interesse."

Denne tilnærminga til naturen er tilsynelatande heilt annleis enn den vi finn i dikta og salmane til den nære venen og turkameraten Blix. Men hjå Vinje er det plass for båe. Av eldste dotter mi skjønar eg at Vinje i ungdomsskolen sitt verdsbilete er trygt plassert i nasjonalromantikken. Men Ferdaminni inneheld ikkje berre "Ved Rondane". Boka opnar med ein lovsong til jernbanen.

No var neppe Blix heller berre naturromantikar. I Den Nordlandske Forening var han med å drøfte emne som Olsens jernbaneplanar og utsiktene til bergverksdrift i Nord-Noreg. Eg strevar noko med desse to rørslene, ny utnytting av naturen og ny oppleving av naturen. Men eg har ei kjensle at dei er to sider ved "det moderne".

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Apropos bøn og banning 

Ordet "fraa" er slett ikkje sjeldan i nynorske tekstar frå 1800-talet. Eg skriv av ein del slikt materiale, men det har sine vanskar: Autokorreturen rettar konsekvent til "faen".

Med dette slår eg av autokorrektur-funksjonen. Eg vil nytte høvet til å sitere Peter Hognestad: “Dei kann daa ikkje preika paa same målet som me bannar paa ... Me svarar at det maalet som er vaart eige, er ikkje for simpelt til aa beda og syngja paa. Og me vilde helst preika soleis paa det, at folk skulde slutta aa banna.”

Bøn og banning
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peikaren 

I dag vil eg gjere merksam på folkemusikkgruppa Dvergmål (Øyonn Groven Myhren, Marit Mattisgard, Jon Anders Halvorsen og Turid Spildo Nerdrum). Deira Blix-prosjekt er av ein heilt annan karakter enn Kine Hellebust sitt, men båe er spennande og nyskapande.

Dvergmål held nattkonsert i Bø kyrkje under Telemarkfestivalen i morgon kveld, 8. august. Eg veit ikkje om det blir Blix-repertoar der, slik det var ved konserten under Viser ved kanalen (Lårdal kyrkje 13. juni).

Når kjem CD-en, tru? I mellomtida kan du jo gle deg over Ivar Aasen-plata deira, Visor og kvæde frå Blåberglandet.

Førre peikaren
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hymnologisk verdskonferanse 

Nett no er hymnologar frå heile verda samla til konferanse i Halifax, Nova Scotia, Canada, under mottoet: Frå tid til tid og frå land til land: Overlevering og omsetjing av salmar. I morgon held den norske komponisten, musikkforskaren og hymnologen Sigvald Tveit eitt av hovudforedraga.
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Paaske er væl ljos og blid
Fyr deim, som kjenna Naadens Tid
Og tungt med Syndi dragast:
For gjenom Jesu Grav me kann
No skoda inn i Livsens Land,
Der det til Siger dagast.
Den Tid Vaar Strid
Væl fekk Ende, sælt seg vende Verste Naudi,
Daa Guds Son stod opp av Daude.

--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Hans Adolf Brorson (1694-1794), dansk biskop og pietismen sin store salmediktar, er opphavsmann til denne påskesalmen. Brorson-salmane var svært populære i Noreg. Ikkje minst den store mengda folketonar til Brorson-tekstar vitnar om det.

Det er sjeldan ein finn haltande rim hjå Blix. Han var vel ikkje nøgd sjølv med "Naudi" og "Daude" i dei to siste linene, for i andre utgåva (1883) lyder desse linene slik: "... Sorg og Saknad, Daa Guds Son av Daude vaknad."

Her kjem Brorsons original, til samanlikning:

Hvad er dog Paaske sød og blid
For dem som kende Naadens Tid,
Og Syndens Jammer finde,
I Jesu aabne Grav at se,
At alle Himle ad os le,
Og Sejrs Kranse binde,
Den Dag Vor Sag
Og Elende Fik en Ende Da vor søde
Jesus han stod op fra Døde
-----------------
H. A. Brorson, Troens rare Klenodie (1846-utgåva) nr. 45

Oppdatering, 25.11.2003: Sjå heile salmen.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 7.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.8.03

Bøn og banning 

“Me kan då ikkje be på same målet som me bannar!”

Slik gjev Anders Hovden (nei, ikkje denne Anders Hovden!) att eit av dei meir kontante argumenta mot nynorsk som kyrkjemål.

Denne hausten skal eg på kurs i essayskriving ved Høgskolen i Oslo, i ramma av den faglitterære forfattarutdanninga. Mi første øving vil ha overskrifta "Bøn og banning: Heilagspråk og daglegspråk". Eg har lyst til å skrive noko om nynorsk og moderne hebraisk, to språk som har mykje felles. Båe er "nye" språk, resultat av medveten språkplanlegging. Båe byggjer både på "klassiske" tradisjonar (gammalnorsk, bibelhebraisk) og på munnleg språkbruk.

Eg vil skrive om Elias Blix og den tjue år yngre Elieser Ben-Jehuda (1858-1922), opphavleg frå Litauen, men innvandra til Palestina 1881. Han vert rekna som grunnleggjaren av moderne hebraisk.

Desse to arbeidde med same problemstilling: Tilhøvet mellom heilagspråk og daglegspråk. Men dei gjorde det med motsette utgangspunkt. Blix ville vise at daglegspråket kunne gje uttrykk jamvel for det heilage. Ben-Jehuda ville utvikle det heilage språket til ein reiskap for daglegtale.

Eg veit ikkje kva det kan kome ut av dette. Men problemstillinga er aktuell for meg, mellom anna fordi eg frå januar 2004 kjem til å ta del i Bibelselskapet sitt arbeid med å revidere den norske omsetjinga av Det gamle testamentet. Kor skal ei bibelomsetjing plassere seg, i lendet mellom tradisjon og daglegtale?

Send ein kommentar.
# lagt inn 6.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peikaren 

I dag går peikaren til Kine Hellebust sitt Blix-prosjekt, CD-en "15 salmar og 1 song". Blix har ikkje berre historisk interesse. Det hender framleis at folk kjenner seg att i tekstane hans og brukar dei som tolkingsramme for sitt eige liv.

Førre peikaren.
# lagt inn 6.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det Lamb er Herren stor og sterk,
Ja, Gud og Mann sambunden,
Som av Gud Fader til det Verk
Vardt eine fullgod funnen.
"Gakk!" sagde han, "min Son! Og lid
Det Adams Ætt til evig Tid
Fyr Syndi skulde smaka!
Det er ei Gru at standa i;
Men so verd Verdi frelst og fri.
Vil du den Kalken taka?"


--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Den første omsetjinga i Nokre Salmar er av Paul Gerhardts (1607-1676) pasjonssalme "Ein Lämmlein geht und trägt die Schuld." Her er andre verset av "Sjaa der Guds Lamb kjem gangande". Norsk Salmebok har berre bokmålsversjonen av denne salmen, nr. 121.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.8.03

Peikaren 

Peikarar må til! I dag: Ivar Aasen-tunet i Hovedbygda i Ørsta. Her ligg Nynorsk kultursentrum. Eg hadde gleda av å vitje Aasentunet sist haust, og det blir nok fleire turar. Aasentunet har dessutan ein framifrå vevstad. Sjå til dømes på Blix-tekstane i Nettbiblioteket.
# lagt inn 5.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-namnet 

I juli 1855 vert seminarist Elias Blix Pedersen dimittert frå Tromsø Skolelærerseminarium. I august vert lærar Elias Blix tilsett som årsvikar ved Borgarskolen i Tromsø. Seinare er det dette namnet han nyttar. Kva tyder namneskiftet?

Sjølv om Blix-namnet er eit opphavleg slektsnamn, var det ikkje slektsnamnet til Elias. Han fekk det som førenamn nummer to, kalla opp etter fosterbror til mor si. Det var ikkje uvanleg å nytte slektsnamn som førenamn i Nord-Noreg.

Men no stryk han Pedersen, og Blix-namnet får att plassen sin som etternamn.

Det ligg nær å tenkje at dette er ei markering av sosial posisjon. Men namn med endinga -sen er ikkje utan vidare mindre “fine” på 1800-talet. Tvert om ser vi ein tendens til å nytte slike namn i staden for dei tradisjonelle gardsnamna. Elias Blix Pedersen er sjølv eit døme på det: Far hans nytta gardsnamnet Våg som etternamn. Elias gjorde det ikkje. Eit litterært døme, med innsikt i sosiale mekanismar kring namneval på kjøpet, gjev Garborg i Bondestudantar (høyr Jon Eikemo lese i NRK P 2 fredag 22.30!): Daniel Olsen (Sør-)Braut stryk gardsnamnet i møtet med byskolen i Stavanger. Det er lite moro å bere kallenamnet "Surbrød" ... Men Blix?

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og byen 

6. august 1853 møtte Elias Blix Pedersen frå Gildeskål opp til innskriving ved Tromsø Skolelærerseminarium. Resten av levetida si - femti år, på halvtanna nær - var han bybuar. Tromsø vart bustaden hans fram til sommaren 1859. Sidan var han Kristiania-buar, med korte avstikkarar til Leipzig og Stockholm. 6. august 1853 blir Elias Blix Pedersen frå Gildeskål såleis deltakar i ein av dei viktigaste samfunnsmessige prosessane i det 19. hundreåret: Urbaniseringa.

Dette er eit interessant aspekt, ikkje minst når det gjeld tilhøvet mellom liv og dikting. Kan to reise-metaforar gripe noko av dette?

Elias gjer ei klassereise. Reisa til byen er ei reise oppover i det sosiale hierarkiet, til utdanning og posisjon. Det skal koste mykje, men det lukkast, og det ser ut til at han etter kvart finn seg vel til rette på toppen av samfunnet i hovudstaden.

Men i diktinga, korkje i salmane eller songane, er det ikkje mykje byrøyndom. Er reisa til Elias samstundes ei ferd i eksil? "Barndomsminne frå Nordland" er eit opplagt døme. Eit konstant drag ved salmane høyrer kan hende òg heime på denne kontoen: "til eg i himmelen hamnar." Dit kjem nemleg praktisk tala alle Blix-salmar i siste vers.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brev frå Blix 

Det finst lite av biografiske primærkjelder som brev og dagbøker etter Blix. Ei viktig samling er breva hans gjennom mange år til Johan Amundsen, ein kamerat frå seminaret i Tromsø. Ho finst i handskriftsamlinga i Nasjonalbiblioteket (eg ser fram til opninga av NBO sine samlingar i mellombels lokale. Datoen er 18. august).

Reidar Bolling (Elias Blix; Oslo: Samlaget, 1953) kjenner og nyttar to andre brevskifte med sentrale personar i Gildeskål: Læraren Hans Hanssen og kjøpmannen Carl Olsen. Den siste støtta Blix økonomisk for å gjere det mogleg å studere.

Eg har hittil ikkje klart å finne desse to brevsamlingane. Veit nokon kvar dei er? Seinare biografar refererer òg til dei, men kjelda er sannsynlegvis Bolling.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gamleaaret seig i Hav,
Sidste Dag i Dauden bleiknad;
Men i Aust det atter kveiknad,
Nyfødd Sol stod upp av Grav.
Ljoset fram or Myrker stiger
Som paa fyrste Skapningsdag.
Sol og Dag er fødd til Siger,
Myrkret dømt til Nederlag.


--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Denne nyårssalmen står i Norsk Salmebok på nummer 85. Kontrasten ljos - mørker er utan tvil det mest nytta - vonde tunger vil seie det einaste - biletet i Blix-salmane. Hymnologar peikar gjerne på evangelisten Johannes som inspirasjonskjelde. Det er rett. Men alt dette tidlege salmeverset røper ei anna heilt sentral bibelsk kjelde: Dei første kapitla av Første Mosebok. Motiv frå desse forteljingane kjem ofte att i Blix-salmane.

Blix var professor i hebraisk frå 1879. Han heldt òg førelesingar over Det gamle testamente for teologiske studentar. Mellom anna heldt han mange gongar ein stor førelesingsserie over Første Mosebok. Manuskriptet finst i Nasjonalbiblioteket, og eit framifrå studentreferat i Menighetsfakultetets bibliotek. Samanhengen mellom fagmannen Blix og diktaren er lite studert. Eg har lyst til å lage ei lita studie i denne samanhengen, med utgangspunkt nett i 1. Mosebok, men det blir nok ikkje i år. Så langt er berre tittelen klar: "I Edens sæle sumar".

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 5.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.8.03

Blix i Tromsø 

Elias Blix budde i Tromsø i åra 1853-59, frå han var sytten til han var tjuetre år gammal. Dei første to åra var han elev ved Tromsø Skolelærerseminarium, seinare arbeidde han som lærar i byen medan han las til artium. Det var år som var heilt avgjerande for utviklinga hans, både personleg, fagleg, åndeleg og språkleg.

Eg hadde ei fin veke i Tromsø i juni. Denne veka arbeider eg med materiale eg samla der. Takk til Statsarkivet og Universitetsbiblioteket, til Roger Lockertsen for entusiasmen, til far min for reisefølgje, og til Anne Grethe Flakstad og Sverre Nordhus for husrom!

Meir om Tromsø i morgon.
# lagt inn 4.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det Folk, som fyrr i Myrker sat
Og Daudens djupe Skygge
Og sukkad i den lange Natt
So saart um Ljos og Hygge:
Dei saago braadt ein Dag
Med ukjent herlegt Lag
Ei Morgonstjerna rann,
Som lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.


--------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye [I], Christiania: Det norske Samlaget, 1869

Det aller første Blix-salmeverset som vart publisert, anonymt. Denne julesalmen går på tonen "Vår Gud, han er så fast en borg". Den bibelske klangbotnen (her særleg Jesaja 9,2) og sommar-motivet er typiske Blix-drag.
# lagt inn 4.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Vel møtt til BlixBlog! 

Oppdatert 28.05.2004
BlixBlog
er ein vevlogg (medan vi ventar på eit betre nynorsk ord) tileigna salmediktaren, bibelomsetjaren, lingvisten og politikaren Elias Blix (1836-1902).

Bak BlixBlog står Anders Aschim. Eg arbeider med ein større biografi om Blix, med stønad frå Det faglitterære fond og Institusjonen Fritt Ord. BlixBlog vil vere ein skrivelogg, der eg gjer greie for arbeidet og noterer observasjonar, refleksjonar, spørsmål og problem undervegs. Send gjerne ein kommentar - og ver klar over at det kan hende kommentaren din blir referert, med mindre du uttrykkjeleg reserverer deg.

Kva BlixBlog elles kan bli, vil vise seg på vegen. Dagens Blix vil vere ei fast spalte.

Dersom vevlogg er eit nytt fenomen for deg (som det er for meg), finn du ei lita innføring hjå Dagbladet.
# lagt inn 4.8.03
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?