24.12.05
Dagens Blix
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa,
Kalla og helsa med Fred Guds Born!
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Songar sæle, Englemæle,
Englemæle med livsæl Ljod!
Far gjenom Grender, strøym yver Strender,
Strøym yver Strender som Toneflod!
Songar sæle, Englemæle osv.
Englar kveda: Høyr den Gleda,
Høyr den Gleda, som her er hend!
Ljoset er runnet, Livet er vunnet,
Livet er vunnet: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den Gleda osv.
Sæle Stunder, store Under,
Store Under og Løyndoms Skatt!
Møyi vart Moder, Gud vart vaar Broder,
Gud vart vaar Broder i Jolenatt.
Sæle Stunder, store Under osv.
Barn er boret! Barnekoret,
Barnekoret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans Brøder,
Oss til hans Brøder, Guds Born som han.
Barn er boret! Barnekoret osv.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad,
Sælt det dagnad, og Ljoset rann:
Von yver Verdi, Ljos yver Ferdi,
Ljos yver Ferdi til Livsens Land.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad osv.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
Daa skal oss Kolkka leikande lokka,
Leikande lokka til Helg i Sky.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 15
Opphavleg publisert i Nordmannen 26.12.1889

BlixBlog ønskjer alle lesarar og vener ei god og fredeleg jul.
23.12.05
Salmekonkurranse
Medan vi er i det hymnologiske hjørnet:
Les meir på www.aasentunet.no.
Konkurranse om nye feiringssalmarNokon julesalme får du ikkje før i morgon kveld.
Nynorsk kultursentrum inviterer til ein stor konkurranse om nye salmar som høver for dåp, bryllaup eller konfirmasjon. - Vi håpar at ein slik konkurranse kan vere med på å få fram fleire nye gode nynorske salmar og salmediktarar, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng ved Nynorsk kultursentrum.
Les meir på www.aasentunet.no.
22.12.05
Hymnologisk julehjørne
Musikkavisa Ballade markerer den tilstundande julehøgtida med ein presentasjon av "Broder Aage: - O, Jesus, du som fyller alt i alle". Ikkje heilt Elias Blix, men folkeleg, det var han.
Les meir.
Les meir.
17.12.05
Bestseljar
Det nye testamentet ligg på 14. plass i kategorien "Skjønnlitteratur" (mestselgende skjønnlitteratur utgitt 2004-2005) på boklista for veke 48, melder Bok og Samfunn. Men godt bak Anne B. Ragde og J. K. Rowling.
Blix-nytt
frå Nordnorsk forfatterlag:
Ny representant for Blix-prisenRagnfrid Trohaug er bokaktuell med Landet alltid raudt, og bloggaktuell på Trohaug Tekst.
Etter vedtektene i Emma og Elias Blix' legat skal Nordnorsk forfatterlag nemne opp ein av dei tre medlemmene i styret for legatet. Oppnemningsperioden er på 4 år.
Styret i forfatterlaget har oppnemd Ragnfrid Trohaug som sin representant.
Dei to andre medlemmene i legatstyret er Svenn Fosseng, (oppnemd av Det Norske Samlaget) og Bjørn Andor Drage (oppnemd av Nordnorsk kulturråd).
Boka blant bøker
Under overskrifta Boka blant bøker – nynorsk revidert har Ola Breivega skrive ei melding av siste nynorske utgåve av Det nye testamentet i Dag og Tid i dag. Den høgt kompetente (både gresk- og norskspråklege) meldaren tek til med utsegna: "At den nye omsetjinga fører oss nærare både den greske teksta og nærare det norske språket, det er å ta hardt i."
Men resten av meldinga er slett ikkje nokon jeremiade over kor mykje betre alt var før. Breivega skriv balansert, godt og poengtert. Han kan nok sakne ord som "læresvein" og "kyrkjelyd", men han har også fått med seg grep som "har gjort den nye omsetjinga mindre pratsam enn den frå 1978 (revidert i 1985) som ho avløyser," og han har gode ord om nyomsetjinga av Fadervår/Vår Far. Omsetjarane vil nok vere særleg takksame for Breivegas sympati på følgjande punkt:
Les heile meldinga.
Anna om resepsjonen av NT.

At Jesus ikkje lenger går omkring i ein lekam, men har fått ein kropp, vil eg kalla eit lykkeleg grep. Ikkje minst verkar det rett i skildringane av innsetjinga av nattverden, der Kristi røynlege, kroppslege nærvære i brødet han bryt, no kjem endå sterkare fram. Synest no eg.Eg òg.
Les heile meldinga.
Anna om resepsjonen av NT.
16.12.05
Dagens Blix
Upp, gledjest alle, gledjest no / Med Fagnad, Fred og heilag Ro
I Herren, dykkar Gleda!
For Jesus han er no so nær / Og vil, daa han oss heve kjær,
Uti vaart Kjøt seg klæda.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 9
BlixBlog er gjennom alle kyrkjeårssalmane i fjerde utgåve av Nokre Salmar, men i samband med julehøgtida skal du få nokre ønskerepriser. Den vesle bolken "Nokre andre Salmar" som står sist i boka, kjem vi attende til på nyåret.
Kingo-salmen "Op, glædes alle, glædes nu" har stått i nesten alle salmebøker som har vore i bruk i den norske kyrkja sidan Kingo gav ut Vinterparten av salmeboka si i 1689. Unntaket er, ikkje overraskande, Evangelisk-christelig Psalmebog. Det er Blix-versjonen som står i Norsk Salmebok (nr. 8). Den er mellom dei salmane som Blix publiserte i Nordmannen . Der stod den på trykk torsdag 18.12.1890, med førstelinja "Upp, fegnast alle, ver no glad".
Ti dagar gammal Blix
Heile salmen
Tidlegare kommentar
Norsk Salmeleksikon nr. 3138

Kategoriar: salmar
13.12.05
Deprivatiseringa
I dag tidleg melder NRK Dagsnytt:
Ei mogleg innvending mot resonnementet er det sjølvsagt at kyrkjestatsråd og seinare skolestyreleiar i hovudstaden Elias Blix sjølv heldt barna sine på privatskolar. Dei eldste gutane gjekk på Gjertsens, dei yngste på Otto Anderssens skole. Kor jentene fekk skolegangen sin, har eg ikkje klårt for meg. Skolen var framleis klassedelt i dei dagar. Det treng ikkje vere nokon grunn til at den skal bli det att i våre.
Og medan vi ventar på reaksjonane frå KrF, med den obligatoriske uroa for livssynsskolane: Eg meiner nok at KrF sjølv har spela korta svært uklokt på vegner av livssynsskolane, gjennom den tette alliansen i førre regjeringa med Høgre og ein heilt annan privatiseringsideologi.
Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) stopper friskoler som allerede er godkjente av den forrige regjeringen.Vi skal vel ikkje vente lenge på reaksjonane, så BlixBlog får skunde seg å proklamere ein djup skepsis mot privatisering av utdanning. Det skal vere eit fellesgode som folk i størst mogleg grad har lik tilgang til. Her bør ein føre vidare linja frå den store skolereforma av 1889, som kyrkjestatsråd Elias Blix gav startskotet til (vel, i det minste formelt; i røynda var det nok to generasjonar Sverdrup som var arkitektar, onkel Johan og nevø Jakob).
Skoler som venter på søknadsbehandling, blir heller ikke godkjent. I alt blir det dermed satt stopper for nesten 150 planlagte skoler.
Ei mogleg innvending mot resonnementet er det sjølvsagt at kyrkjestatsråd og seinare skolestyreleiar i hovudstaden Elias Blix sjølv heldt barna sine på privatskolar. Dei eldste gutane gjekk på Gjertsens, dei yngste på Otto Anderssens skole. Kor jentene fekk skolegangen sin, har eg ikkje klårt for meg. Skolen var framleis klassedelt i dei dagar. Det treng ikkje vere nokon grunn til at den skal bli det att i våre.
Og medan vi ventar på reaksjonane frå KrF, med den obligatoriske uroa for livssynsskolane: Eg meiner nok at KrF sjølv har spela korta svært uklokt på vegner av livssynsskolane, gjennom den tette alliansen i førre regjeringa med Høgre og ein heilt annan privatiseringsideologi.
8.12.05
Bordbønn
er ein skikk BlixBlog har mykje til overs for. Om det er ein naturleg skikk å halde fast på i ein pluralistisk skole, kan nok diskuterast - og er for tida til diskusjon. Ein sterk tilhengar av bordbønn i skolen er Olav Bergene Holm i Østlandsposten i dag:
En av Djupedals forgjengere (Elias Blix) skrev det slik: «Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde!» Elias Blix satt nemlig inne med så mye historiske kunnskap om hvordan vårt land var før «kristningsverket» at han med styrke kunne skrive at «vårt heimland i mørket lenge låg», men så kom evangeliets ord og «ljos over land strøymde».Det er kan hende ein liten hake ved argumentet. Sikre kjelder (sonen Ivar Blix) kan fortelje at bordbønn ikkje blei praktisert rundt det Blix'ke matbord. Kyrkjegang var far Elias derimot nøye med.
6.12.05
Dagens Blix
Gud, sjaa fraa Himmelen hertil / Og hjelp oss av din Naade!
So faae her deg fylgja vil, / Ditt Folk er stadt i Vaade.
Ditt Ord i Verdi litet gjeld, / Og Trui er som sloknad Eld.
Myrkt ser det ut paa Jordi.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 111
Serien med attgløymde kyrkjeårssalmar nærmar seg slutten. Det er Martin Luther sjølv som er opphavsmann til "Ach Gott, vom Himmel sieh darein". Den har vore å finne i mest alle dansk-norske salmebøker sidan reformasjonen. Salmen har ein del til felles med denne Brorson-salmen.
Fredagens Blix
Heile salmen
Norsk Salmeleksikon nr. 2793

Målmann
BlixBlog har i haust vore heiagjeng for lanseringa av Per Eivind Hems biografi om Jørgen Løvland: Vår første utanriksminister. No har Aftenposten endeleg funne spalteplass til å melde boka. Meldinga stod i går, den er signert Nils Morten Udgaard og den er av stor interesse. Udgaard skriv om den ufortent gløymde Løvland:
Derfor er det på høy tid at han får sin biografi, ved Per Eivind Hem, statsviter, selv gårdssønn fra Vestfold og engasjert nynorskmann.Så vidt eg veit er dette første gong Hem har skrive noko større på nynorsk, men målrørsla må jo innkassere det som ein siger når Udgaard veit at han gjennom arbeidet er blitt "engasjert nynorskmann". Boka får elles ei svært positiv mottaking, men Udgaard kostar på seg ei konservativ sluttfinte etter å ha nytta ein del spalteplass på Løvlands engasjement i målsaka, med vedtaka om sidemålsstil (1907) og ny rettskriving (1917) som høgdepunkt:
Det interessante i dag er at hverken Løvland, Koht eller Hem - hundre år etter - ser noe overgrep eller noe språkfaglig galt i dette at politikere "vedtar" folks språk.Les meir
3.12.05
Det liberale dilemma
er tittelen på eit av Hans Skjervheims mest siterte essays. I Dagsavisen i dag gjer det såkalla liberale organ Dagbladet - som BlixBlog vanlegvis omtalar med forakt - ein langt meir respektabel innsats i møte med dette dilemmaet enn det eg hadde venta:
"Nå slår Dagbladet tilbake mot artistene som trakk seg fra Frelsesarmeens julekonserter. – De var fullt klar over homofili-debatten da de sa ja, hevder Dagbladets konsertansvarlige Anders Grønneberg."
Les meir

– Det var Oslo Gospel Choir selv som ringte Dagbladet og sa de ville støtte Frelsesarmeen – vel vitende om at Frelsesarmeen alltid hadde hatt dette homofilisynet. Jeg flyttet på programmet for å gjøre plass til dem. Men etter en uke med debatt rundt Frelsesarmeen melder de avbud. Som arrangør blir man oppgitt. Jeg har opplevd mer politisk korrekthet de siste tre ukene enn på et helt liv, sier Grønneberg.For ordens skuld: BlixBlog har nok eit langt meir liberalt syn på homofilt samliv enn Frelsesarmeen. Men medan respekten for Frelsesarmeen har kome uskadd frå dei siste vekene med debatt, er respekten for ulveflokken av pressefolk og saueflokken av artistar kraftig synkande. Unnataket er altså Anders Grønneberg og (til mi store og positive overrasking) Dagbladet.
Les meir
2.12.05
Dagens Blix
Renn upp yver Grav, du signad Sol! / Min Jesus, lat Straalar strøyma
Og lysa meg inn til Naadens Stol, / Naar her dei i Grav meg gjøyma!
So heim eg kann fara i ditt Ljos / Og Striden i Gleda gløyma!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 138
Kyrkjeårsplasseringa både for denne og gårsdagens salme er 24. sundag etter trieining (25. s. e. pinse). Men først og fremst er desse salmane gravferdssalmar, og dei har plassen sin i bolken "Den kristne vona" i Norsk Salmebok (denne står på nr. 859, i ei utgåve som er svært tru mot originalen).
Dette er den Store Nynorske gravferdssalmen, sungen i gravferdene til Ivar Aasen (29.09.1896), Elias Blix (25.01.1902 og Arne Garborg (januar 1924), i siste tilfelle mot ønsket til avdøde og enkja, men etter eit kupp av Ivar Mortensson Egnund.
Gårsdagens Blix
Tidlegare kommentar (1883-utgåva)

1.12.05
Dagens Blix
Den sidste Skilnad er vel saar, / Naar Ven vert boren ut paa Baar.
Men midt igjenom Daudens Tjon / I Jesus Krist gror Livsens Von.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 137
Denne salmen høyrer til temaet Blix og Grundtvig, som eg skal kome attende til til våren. Det er leitt den er gått i gløymeboka (sjølv om helvta er med i Norsk Salmebok, nr. 847), den har fortent betre. Høyr på dette:
Ikkje nokon adventssalme, kan hende. Vel, vel:

Sjaa Sol, som gjeng i Grav um Kveld, / Um Morgon gyller Sky og Fjell.Historia om denne teksten tek ikkje til med Grundtvig. Hans 17-strofige tekst, "I Dødens Stund tænk først og sidst" (1837), ber overskrifta: "Islandsk Lig-Psalme", og er sjølv ei forkorta gjendikting av "O Christen Sál umhuxa fyrst" av Sigurður Jónsson (1590-1661). Wexels hadde Grundtvigs tekst i 1859-utgåva av Christelige Psalmer, men den blei aldri innsungen i bokmålsutgåve. Blix har redigert om og stramma inn Grundtvigs versjon, men neppe kjent den islandske originalen ved denne tida.
Sjaa Blom og Gras, som døyr i Aar, / Det gror og grønkar næste Vaar.
Sjaa Lauvet døyr paa Tre og Tein, / Men livnar atter grønt paa Grein.
Og inkje Fræ stend upp i Gror, / Som ikkje fyrst vil døy i Jord.
Uppreiser Gud so ved sitt Ord / Det Liv, som døyr og vert til Jord,
So kann hans Ord og Andedrag / Og vekkja oss paa Domedag.
So livna me som Blom i Eng, / Naar Herrens Røyst um Graver gjeng.
So skal som Herrens Kveite-Korn / Or Gravom standa upp Guds Born.
Ikkje nokon adventssalme, kan hende. Vel, vel:
Der rann ein Kvist av Jesse Rot / Med Blom, som giv fyr Bane Bot,Måndagens Blix
Eit Livsens Tre, der alle Mann / Fyr Dauden Fristad finna kann.
Heile salmen
Kategoriar: salmar