<$BlogRSDUrl$>

13.11.08

Elstad I: Retorikk 

Eg har lova å drøfte ulike sider ved Hallgeir Elstad si bokmelding av Ein betre vår ein gong i Norsk Teologisk Tidsskrift nr. 3 for i år, så det er berre å kome i gang.

Biografisjangeren har sin eigen meir eller mindre bevisste retorikk, noko som særleg Marianne Egeland (stikkord: "melankolske unntaksmennesker") og Stephen Walton (stikkord: "han betalte") har påvist. Eg liker å tru at eg har vore merksam på dette og unngått ein del tradisjonelle fallgruber.

Også biografimeldinga har nok sin eigen retorikk. Arnhild Skre skreiv i Prosa 2-2002 at meldarar har ein tendens til å melde livet, ikkje livsskildringa. Det kan ein ikkje seie om meldinga til Elstad. Han har teke boka på alvor, og det er eg glad for. Eg oppfattar det slik at han i dei refererande avsnitta faktisk refererer boka (t. d. når han skriv om Blix si vitskaplege karriere s. 266, eller om familien, s. 267), og at han i hovudsak sluttar seg til framstillinga mi på desse punkta.

Bokmeldinga er tradisjonell i disposisjonen: Litt innleiande ros, ein hovuddel med innvendingar og litt oppsummerande ros til slutt, dersom det er grunnlag for det. Slik skal det vere. Det er i innvendingane den interessante faglege samtalen kan kome i gang.

Biografimeldinga har sine eigne retoriske stader eller topoi. Elstad kan nok ha noko rett i at "forfattaren burde prioritert stoffet betre", men eg trur eg er betre til å "skilje mellom vesentlege og mindre vesentlege 'facts'" enn det han vil ha det til. Ei setning som "Undervegs i lesinga blir ein stundom sitjande med inntrykket av at den biograferte 'druknar' i detaljskildringar" tek eg ikkje så tungt, akkurat denne innvendinga har eg lese i meldingar av dei fleste biografiar med eit sidetal på over 300, den høyrer så absolutt til standardrepertoaret av retoriske topoi for slike høve. Dei konkrete døma Elstad tek fram, skal eg kome attende til.

P.S. neste dag: Og så det poenget eg gløymde på vegen i går kveld: Eit anna retorisk privilegium ein biografimeldar har, er retten til å motseie seg sjølv. Konkret: Å hevde at framstillinga er for omfattande og detaljert på den eine sida, og samtidig etterlyse fleire detaljar på den andre. Også Elstad gjer seg nytte av denne dobbelstrategien. Eg skal prøve å diskutere og grunngje avgrensingane mine etter kvart.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 13.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?