<$BlogRSDUrl$>

27.11.08

Elstad VI: Gildeskål 1866 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 266:
Eit tema som har vore mykje drøfta i Blix-litteraturen, er kvifor han ikkje vart prest. Men også dette spørsmålet blir litt borte i framstillinga. Underkapitlet som handsamar saka startar med å presentere ei rekkje "facts" om heimplassen og kva som har endra seg der sidan Elias Blix reiste derifrå i 1859. Først heilt mot slutten av det tredje avsnittet kjem forfattaren til saka: "Sokneprest Daae spelar hovudrolla i den mest omdiskuterte episoden i livshistoria til Elias Blix" (s. 145). Men ein slik viktig episode i Blix sitt liv kan ikkje introduserast så bortgøymd som her. Igjen er det tydeleg at forfattaren har vanskar med å presentere det viktige framfor det mindre viktige.
Å nei, eg er ikkje ferdig med bokmeldinga til Elstad på ei god stund enno. Eg har det med å bli spydig når eg blir irritert, det er litt dumt, særleg på internett, så eg får freiste å kommentere nøkternt, sjølv om det er vanskeleg på akkurat dette punktet. Lat meg berre nemne at denne innvendinga er som klipt ut av Dag Kulleruds melding i Aftenposten tidlegare i år:
Enkelte partier blir også unødvendig tunge på grunn av mangel på prioritering i fremstillingen av materialet. Et eksempel: På side 145 står undertittelen «Farvel til Gildeskål». Den nettopp ferdigutdannede teologen kommer til hjemtraktene i Gildeskål for siste gang. De første avsnittene tar for seg stort og smått. Så, etter nesten en side, kommer denne setningen, nærmest i likegyldig flukt med det trivielle som er skildret: «Sokneprest Daae spelar hovudrolla i den mest omdiskuterte episoden i heile livshistoria til Elias Blix». Slik kan ikke det «mest omdiskuterte» presenteres. Det må frem. Dersom setningen var blitt plassert rett etter undertittelen, ville «farvelet» fått en annen brodd, intensiteten i teksten ville blitt styrket. Nå må vi lese mer eller mindre likegyldige opplysninger før vi kommer til poenget. ...
Vel, eg takkar for belæringa frå biograf Kullerud og kyrkjehistorikar Elstad. Det er berre det at dei tek feil. Den omtala hendinga, da soknepresten i Gildeskål skal ha nekta nybakt cand. theol. Elias Blix å preike i heimekyrkja si, er rett nok den mest omdiskuterte episoden i livshistoria til Blix, men samtidig den suverent mest overvurderte, spør du meg. Det som er hovudsaka for Kullerud/Elstad er altså av underordna betydning for meg, men eg har høgst motvillig vore nøydd til å bruke ein god del plass på å diskutere den famøse episoden.

Langt viktigare er dei "mer eller mindre likegyldige opplysninger" (Kullerud)/ "ei rekkje 'facts' om heimplassen" (Elstad) som meldarane helst vil hoppe over. Det første avsnittet handlar om ein av dei mest sentrale bipersonane i boka, heilbroren til Elias Blix. Dessverre har eg vore slepphendt i korrekturlesinga av registeret, så denne personen går under to namn, "Pedersen, Ole Pareli" og "Ravik, Ole". Den som har høve til å bruke litt meir tid på lesinga enn bokmeldarar under tidspress, vil vonleg få auge på at broren dukkar opp ved fleire krossvegar som ein viktig raud tråd i framstillinga.

Ei av dei vanskelegaste grøftene å styre unna for ein biograf, er den deterministiske: Det gjekk som det måtte gå, Elias Blix var fødd til å bli den store salmediktaren, bestemt til det av lagnaden eller forsynet eller kva det no kan vere. Eg skal ikkje utelukke tanken om guddommeleg forsyn, men ein historisk biograf har ikkje det privilegiet å sjå Gud i korta. For meg blir Elias Blix den han blir gjennom ei rad bevisste og ubevisste val, ved hjelp av hardt arbeid, gode hjelparar og ein god porsjon flaks. Historia kunne vore annleis. Dette såkalla "kontrafaktiske" perspektivet meiner eg er ei god hjelp mot å gå i den deterministiske grøfta.

Og her kjem Ole Pedersen Ravik inn i bildet. Han gir nemleg gode svar på spørsmålet "Kva var alternativet?" Han hadde same bakgrunn som broren, var like skoleflink, stod like langt framme på kyrkjegolvet med beste karakter til konfirmasjonen. Men han valde annleis og slo seg ned som ein svært vellukka (så vidt eg kan bedømme) fiskarbonde på Sandhornøya. Eg siterer det "likegyldige" første avsnittet på s. 145 i sin heilskap, med fare for å verke like belærande som d'Hrr bokmeldarar:
Mykje er forandra. Da han forlét heimstaden i 1859, var veslebroren Ole Pareli framleis berre tjue år og heimeverande arbeidskar på Volden. No er han veletablert, nygift med Gjertine Kirstine Mentzoni og sjølveigar på eigen gard. Ravik ligg om lag sju kilometer frå Våg, inst i vika på nordsida av Sandhornøya. Ole kan nesten måle seg med stefaren alt, både når det gjeld buskap og avling. Storebror Elias har nok skaffa seg lærdom og gode framtidsutsikter, men verken eigedom eller familie. Han har vore sju år i teneste på framand stad, men noka Rakel har ikkje dukka opp.
Dessutan er Elstad og eg samde om at den omtala hendinga ikkje har hatt noko å seie for yrkesvalet til Blix. Når Elias Blix ikkje blei prest, kom det av at han nett på det tidspunktet dette hadde vore aktuelt, fekk sjansen til ein akademisk karriere. Punktum. Dette er ikkje blitt meir "borte i framstillinga" enn at Elstad har greidd å få det med seg, heldigvis. Men det er altså ikkje dette underkapitlet som "handsamar saka", det er det neste, som heiter "Praktikum" og begynner på s. 149.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 27.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?