<$BlogRSDUrl$>

18.11.08

Elstad V: Statsråd 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 266
Undervegs i lesinga blir ein stundom sitjande med inntrykket av at den biograferte "druknar" i detaljskildringar. Mest tydeleg er dette i framstillinga av Blix som statsråd. Det skortar så visst ikkje på innsikta i norsk politisk historie i det aktuelle tidsrommet. Forfattaren viser at han er svært fortruleg med stoffet. Men detaljrikdomen blir til tider så stor at Blix si rolle som statsråd blir litt borte i den omfattande stoffmengda. Dermed får heller ikkje lesaren noko tydeleg og samlande bilete av innsatsen til Blix som statsråd.
Denne innvendinga er forståeleg. Ingen stad har eg streva meir enn i statsrådskapitlet. Men det er heller ingen stad eg har stroke meir enn her, faktisk. Eg har eit par merknader til det Elstad skriv.

For det eine: Dette er ikkje historia om statsråd Elias Blix. Det er historia om Sverdrup-regjeringa sett gjennom brillene til statsråd Elias Blix. Nokon stor politikar var han nok ikkje. Men eg meiner at eg har kasta ein heil del nytt lys over Sverdrup-ministeriet nett frå dette utsiktspunktet, ikkje minst fordi eg har vore så heldig å ha tidlegare unytta kjelder til disposisjon.

For det andre: Det er eit dilemma for ein biograf kor mykje han skal overlate til lesaren og kor tydeleg han skal styre lesaren i retning av sine eigne konklusjonar. Samtida sine vurderingar av Blix var sterkt sprikande, og det har eg forsøkt å vise fram.

Likevel trudde eg mi eiga vurdering kom nokså tydeleg fram i teksten. Lat meg samanfatte. Særleg på to område hadde statsråd Blix reell politisk betydning og hausta politiske gevinstar. Det gjeld målsaka og høgare utdanning, særleg universitetet. Når det gjeld dei store og ambisiøse skole- og kyrkjereformene var det andre som greip det politiske initiativet, særleg statsminister Johan Sverdrup sjølv og nevøen Jakob Sverdrup, den andre teologen i regjeringa. Tilhøvet mellom Blix og Jak. Sverdrup er i det heile eit leiemotiv i dette kapitlet. Det blei stadig meir anstrengt. Eg har eit slag motvillig beundring for Jakob Sverdrup, ein mann med store idear og samtidig ein handlekraftig realpolitikar. Det var ikkje Blix i same grad. Men eg har drege fram Blix si brubyggjarrolle internt i regjeringa som kanskje hans sterkaste side som politikar.

Om eg har lov til å etterlyse noko hos meldarane mine: Eg er litt lei meg for at ikkje Elstad kommenterer gjennomgangen min av det fatale kyrkjereformforslaget og det politiske etterspelet etter nederlaget i denne saka. Dette skulle eg gjerne hatt respons på frå fagleg kompetent hald.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 18.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?