<$BlogRSDUrl$>

14.11.08

Elstad III: Tittelen 

Eg forstår difor ikkje heilt kva forfattaren siktar på med tittelen på biografien: Ein betre vår ein gong. Tittelen er eit sitat frå salmen No livnar det i lundar. Men livsløpet til Blix er på ingen måte slik at det skulle kalle på ei lengt etter "ein betre vår". På mange måtar er det ytre livsløpet hans ei suksesshistorie, og difor "passar" liksom ikkje dette som ein samlande tittel på biografien.
(Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 265)
Ikkje? Vel, det er to andre meldarar som har stussa over tittelen. Dag Kullerud skreiv i Aftenposten:
Derimot er det vanskelig å se at undertittelen "Ein betre vår ein gong" representerer en tråd, eller nøkkel. Den vitner riktignok om et dypere motiv bak den språklige og nasjonale vekkelsen Blix tok del i, men den utgjør ingen linje i selve teksten.
Og først ute var Espen Søbye i Dagbladet:
Gjennom livet hans var både våren og sommeren så å si evigvarende. Det er verken noe tragisk, sørgelig, tungsindig eller ulykkelig over denne skjebnen som skulle berettige en bedre vår? Det kunne snarere innvendes at det gikk litt for lett for Elias Blix.
Eg har vore litt forunda over denne reaksjonen. Kan dette vere så vanskeleg, da? Eg trur kanskje Søbye kan salmen for dårleg medan dei to andre kan den for godt. I alle fall er eg litt lei meg for at tittelen verkeleg går kompetente lesarar hus forbi, for med den har eg nettopp meint å gje nøkkelen eller hovudlinja i teksten.

Så får eg til å tolke min eigen tittel, da.

For det første er sitatet "Ein betre vår ein gong" henta frå den kanskje mest kjente salmen Elias Blix har skrive. Det representerer altså det som i dag står att som hovudverket hans, nemleg salmediktinga.

For det andre er linja eit karakteristisk uttrykk for det tette tilhøvet hans til naturen, dels som brukar av fysisk natur i form av primærnæringsarbeid og friluftsliv, men mest som ein av dei fremste naturbildekunstnarane i norsk lyrikk.

For det tredje introduserer den eit av dei viktigaste motiva som særpregar diktinga hans, og ikkje berre salmediktinga: Våren er eit sentralt bilde i produksjonen hans heilt frå ungdomsdiktet "Noregs Vaar" (1860, s. 110-112 i boka mi) og til salmen som blei sungen i gravferda hans, "Renn upp yver Grav" (s. 470).

For det fjerde kan våren stå som eit kraftfullt samlande symbol for mange av dei utopiane som forma ikkje berre livet og karrieren til Elias Blix, men jamvel dei folkerørslene han var ein del av og som prega samtida hans: Dei nasjonale og demokratiske politiske prosjekta, dei religiøse, språklege og kulturelle vekkingane. Elias Blix har sjølv langt på veg brukt motivet slik. Dette meiner eg å ha dokumentert rikeleg, særlig i eit svært sentralt avsnitt i boka: Analysen av "No livnar det i Lundar" på s. 224-227. Ingen av dei tre siterte meldarane har elles kommentert det innleiingskapitlet til boka mi som eg har kalla "Brillene". Der har eg forsøkt å fortelje at ein biografi om Elias Blix kanskje ikkje berre, og kanskje ikkje eingong først og fremst, handlar om Elias Blix:
Det er ikkje berre individet som er i rørsle, det er heile samfunnet. På Elias Blix si tid er det ikkje opplagt korleis det norske politiske systemet, det norske språket, det norske utdanningsvesenet eller den norske kyrkja skal utvikle seg. Blix har vore deltakar i mange av dei prosessane som forma det moderne Noreg i tiåra før unionsoppløysinga i 1905. Gjennom hans briller kan det vere mogleg å sjå samanhengar som det er vanskeleg å oppdage på annan måte. (s. 12-13)
Og for det femte og siste, i "ein betre vår ein gong" er vårmotivet transformert til noko som er så karakteristisk for Blix at eg har karakterisert det som ein signatur: "I ein Blix-salme er det alltid ein himmel over livet og bak døden som får det siste ordet" (s. 227).

Er det noko arbeidet med denne boka har lært meg, så er det at utopiar faktisk har kraft til å forandre. Her må eg nemne ei viktig personleg inspirasjonskjelde, som eg faktisk ikkje var bevisst under arbeidet med boka: Nymarxisten Ernst Bloch. Eg har ikkje sjølv lese Das Prinzip Hoffnung, eg fekk den formidla gjennom den unge Helge S. Kvanvig si bok Håpet om en annen verden. Verdensflukt og verdensforankring i lys av den kristne tro (1976) da eg sjølv var enda yngre. Eigentleg skulle eg vore nittensekstiåttar, men eg var berre ti år på det tidspunktet, så eg kom for seint.

Attende til hovudpersonens biografi: Ja, den var ei suksesshistorie. Men det veit vi først etterpå. Den hadde ikkje blitt det utan utopiane, utan ambisjonane, utan hardt og målbevisst arbeid, utan ein god porsjon flaks og utan strategiske val. Eg har forsøkt å leggje inn signal mange stader i teksten om at det kunne gått annleis. Det viktigaste grepet var valet av historisk presens som hovudform i forteljinga.

Konklusjon: Eg vil motseie kritikarane mine på det mest bestemte. Nett lengten etter "ein betre vår" var den fundamentale drivkrafta bak den individuelle klassereisa til Elias Blix og bak dei før omtala folkerørslene.

Kan dette vere så vanskeleg, da?

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 14.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?