<$BlogRSDUrl$>

30.4.10

Blix i Møre-Nytt 

Ein songfugl på Sunnmøre syng at Terje Aarset ikkje har slutta å produsere artiklar om "Den nynorske songskatten" fordi om band 1 har kome ut i bokform. I dagens Møre-Nytt har han ein artikkel om Blix-songen "Songfuglen". Denne teksten har eg visst aldri lagt ut på BlixBlog, så du får få han i dag:

Songfuglen.
Ein Smaafugl sat
Paa grøne Grein
So kvik og kvat,
Den kaute Svein.
Han song og kvad
Og kvitrad glad,
For Morgonsoli skein.

So Fuglen sit
Og syng paa Kvist.
Hans vesle Vit
Hev aldri visst,
Um me hans Slaatt
Mun lika godt.
Fyr det han syter sidst.

Han berre veit
Han syngja maa,
Og Lovord leit
Han aldri paa.
Han berre syng
Fyr Lauv og Lyng
Og alle Blomar smaa.

Han berre veit,
At Songen gjeng
Fraa Hugen heit,
Som Leik fraa Streng.
Han syng sin Song
Av Hjartans Trong,
For Luft og Ljod han treng.

So syng og du,
Min vesle Gut,
Di Von og Tru
Og Gleda ut!
Um andre gled
Den Song, du kved,
Fær syna seg til Slut.

(Salmar og Songar, 1900, s. 124-125.
Først publisert i Norskt Barneblad 20.02.1898)
# lagt inn 30.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bladsjå: Stille Stunder 

Aprilnummeret av denne ærverdige publikasjonen (121. årgang!) kom i postkassa her om dagen. Det er ikkje kvar gong eg finn noko som eg meiner er verd å referere, men denne gongen var det mykje innhald på dei tolv små sidene.

Anders Hovdens 150-årsjubileum blir feira med artikkelen "Diktarprest og nasjonalskald" av Nils-Petter Enstad.

Mest interessant er likevel Jarle Bondevik sin artikkel om "Erik Eggen og bibelsk poesi". Eggen er vel meir kjend som lærar og musikar enn som bibelomsetjar, men han har altså mellom anna gjort omsetjinga av Jobs bok i Fyrebilsbibelen (1921).
# lagt inn 30.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Suldalsposten 

Klippet i dag må bli kronikken i Suldalsposten, skriven av Ingvar Olimstad. Bak tittelen "pensjonist" gøymer det seg ein inkarnasjon av den klassiske kulturberaren (du veit, lærar, målmann, venstremann, folkehøgskolemann ...) - som dessutan skriv salmar! Klikk i artikkelen for større utgåve.

# lagt inn 30.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.4.10

Blix i Skien 

Eg er stadig imponert over dei lokale arrangørane, førehandsomtalen i dag frå Varden:
Blix-kveld i Gulset kirke
SKIEN Kulturkomiteen i Gulset menighet saman med Mållaget Dag har tatt initiativet til ein kulturkveld der programmet dreiar seg om Elias Blix. Han som i dag vel har størst kunnskapar om salmediktaren, teologen, bibelomsetjaren, politikaren, professoren og nynorskmannen, er Anders Aschim I 2008 gav han ut ein gjennomarbeidd, stor Blix-biografi av høg kvalitet.

I den nye kyrkjesalen på Gulset i kveld vil han halde foredrag om Blix, og songkoret G-VOX og forsamlinga skal synge Blix-salmer.
Klokka 19.30 i kveld, altså.
# lagt inn 29.4.10 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Eidsvoll 

Annonse i Eidsvoll Ullensaker Blad:
FORMIDDAGSTREFF
RÅHOLT MENIGHETSHUS
Tirsdag 4. mai kl. 11.30
Bjarne O. Weider: Tema Elias Blix.
Elever ved Steinerskolen underholder.
Andakt Bjarne O. Weider. Velkommen!
# lagt inn 29.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt 

No: Kristoffer Uppdal. Bror min, norsklæraren, er glad om dagen.

Den modernistiske rallar

- Kristofer Uppdal var forut for sin tid. Forhåpentligvis får han nå den plassen han fortjener, sier biograf Arild Bye om rallardikteren

Klassekampen : Den modernistiske rallar

# lagt inn 29.4.10 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.4.10

Blix i Skien 

I morgon, torsdag 29. april kl. 19.30, er det kulturkveld i Gulset kyrkje i Skien, eit samarbeid mellom kyrkjelyden og Mållaget Dag. Eg skal fortelje om Elias Blix, koret G-Vox og alt folket skal syngje, og forfattaren Oddmund Haugen har gjort ein kjempejobb med å sy saman arrangementet. Dagens førehandsomtale finn du i Telemarksavisa (klikk i artikkelen for større utgåve):

# lagt inn 28.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Vårt Land 

To gode grunnar til å lese "Vårt Land" i dag:

Marianne Lystrup har eit stort og godt og velillustrert intervju med Terje Aarset om boka "Den nynorske songskatten".

Og Bjørn Sandvik presenterer den nye boka si om nynorsk salmesong: "Språkstrid og salmesang", utgitt i serien "Kyrkjefag" på Tapir forlag.
# lagt inn 28.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.4.10

Målsoge 

på kronikkplass i Bergens Tidende i dag: Sylfest Lomheim melder Jens Johan Hyvik, som har skrive første band i Samlaget sitt verk om norsk målreising, «Språk og nasjon 1739-1868».

Korleis bokmål og nynorsk vart til

På 1700-talet såg ein på dansk og norsk som variantar av det same målet, og i 1814 var norsk språk dansk.

Korleis bokmål og nynorsk vart til - bt.no

# lagt inn 27.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.4.10

Dølen ruler 

I dag er det hundre år sidan poetokraten, nasjonalskalden og målhataren Bjørnstjerne Bjørnson døydde. Men på Litteraturhuset er det Aasmund Olavson Vinje som rår, 150 år etter “Ferdaminne”.

I Vinjes fotspor - Litteraturhuset

# lagt inn 26.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Attenhundreogdentid 

Klassekampen har intervjua Tor Bomann-Larsen i høve Bjørnsonjubileet:

- 1800-tallet er viktig

Han peker også på demokratiseringen som foregikk på 1800-tallet, som gjorde at samfunnet fikk frigjort en hel masse krefter og at sterke individer begynte å stikke seg fram - noe som hadde vært helt umulig i det tidligere føydalsamfunnet.

- 1800-tallet er også en epoke der kildetilfanget øker enormt. Vi vet rett og slett mer om dem som levde da enn dem som levde tidligere, siden de etterlot seg mer skriftlig materiale enn tidligere generasjoner, sier Tor Bomann-Larsen.

- Betyr det at vi kommer til å feire Bjørnsons 350-årsdag i 2182?

- Det er vanskelig å si. Samfunnsutviklingen går raskt, og hele nasjonalstatsproblematikken er i endring. Men jeg tror Bjørnson har en god sjanse, sier Bomann-Larsen.

- Hvis vi ser tilbake, ser vi at disse jubileene kommer én gang per generasjon. Det er en pedagogisk runde som hver generasjon får med seg minst én gang. Grunnloven blir feiret hvert 25. år omtrent, og det forstående 200-årsjubileet i 2014 kommer til å bli kjempesvært.

- Kommer vi aldri til å komme unna disse stadige feiringene?

- Nei, vi gjør nok ikke det, sier forfatter Tor Bomann-Larsen.

- Og til neste år er det Amundsen og Nansens tur.

Og Blix’.

Klassekampen : I skyggen av Bjørnson

# lagt inn 26.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.4.10

Olsen/Gildeskål/Blix/Breivik 7 

Avis Nordland i dag (klikk i bildet for større utgåve):



Er det slutt no, tru?
# lagt inn 24.4.10 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.4.10

Blix/Gildeskål/Olsen/Breivik 6 

Eg har avlyst denne debatten for tidleg. Avisa Nordland i dag (klikk i bildet for større utgåve):



Av gode grunnar skal eg halde meg utanfor dette. Lat meg berre presisere at karakteristikken eg er sitert på (Ein betre vår ein gong s. 497, note 97) i like høg grad har Olsens motpart i 1997-diskusjonen, biskop Fredrik Grønningsæter, som adressat.
# lagt inn 22.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.4.10

Trusopplæring på nynorsk 

Noregs Mållag har landsmøte denne helga (utan flysamband). Ein av resolusjonane  gjeld trusopplæring. Her heiter det mellom anna:

Noregs Mållag krev at born og unge blir sikra eit tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei store livsforteljingane, og dei talar til hjarta. Særleg derfor er målforma viktig her.

Noregs Mållag krev at born og unge blir sikra eit tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei store livsforteljingane, og dei talar til hjarta. Særleg derfor er målforma viktig her.

Noregs Mållag krev at statskyrkja får på plass eit regelverk etter mønster frå opplæringslova i skulen, slik at born og unge, i tråd med St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining, kan bli trygge og gode språkbrukarar på sitt eige hovudmål. I trusopplæringa inngår de tmykje song og forteljingsstoff. Tilbod om nynorsk i tekst og tale har så langt vore dårleg.

Må få nynorsk trusopplæringa i statskyrkja - Noregs Mållag

# lagt inn 18.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.4.10

Blix i Telemark 

Frå Telemark Tidend, som kjem ut i Skien med lokalavisa "Varden" som bilag. Det er ein viktig feil på denne sida, arrangementet i Gulset kyrkje er torsdag 29. april, ikkje 22. Klikk i artikkelen for større utgåve.

# lagt inn 17.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Olsen - Breivik 3 

Denne serien begynte som "Blix og Gildeskål", men den tråden er nok forlaten med Kurt-Johnny Olsens innlegg i Avisa Nordland i dag:
Dårlig knep
Det er utvilsomt en interessant og megetsigende øvelse Jan Breivik bedriver i Avisa Nordland 16. d.s. Med krav på å bli trodd hevder han å ha full oversikt over, og innsyn i, mine arkiv. Og det skriver en som aldri har vært innenfor døra vår! Påstanden er like umulig, som den er urimelig. Jeg tenker: Tenk om Gildeskål hadde hatt politikere som med samme engasjement og glød, hadde kjempet en like innbitt kamp for å redde bygda som selvstendig kommune! Dét ville vært i Venstre-politiker Elias Blix’ ånd, det!
Ytterligere kommentarer er overflødige.
Bortsett fra: Jeg lar meg aldri skremme eller presse av Breivik eller andre – nå eller i fremtiden!

Kurt-Johnny Olsen, Oslo
# lagt inn 17.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.4.10

Bolyst 

I næravis-seksjonen til Avisa Nordland blir det rapportert om stor interesse for "Bolyst-prosjekt" - ei ordning i regi av Kommunal- og regionaldepartementet for å "skape bolyst i distriktskommuner". Ni av dei 44 søknadane frå Nordland kjem frå Gildeskål kommune. Her er prosjekta til lokalutvalet på Sandhornøy:
Lokalkunnskap. Bolyst-prosjektet til lokalutvalget er delt inn i fire områder.
– Det ene er et skrivekurs som vil gi en kort innføring i journalistikk og Internett. Hensikten er å utruste folk fra alle kretsene til å kunne levere journalistiske artikler eller pressemeldinger til ulike medier for å markedsføre kommunen. Det andre er opparbeiding av en bildebank. Denne skal være offentlig tilgjengelig og benyttes av bedrifter, lag, foreninger og andre som trenger gode bilder fra kommunen, forteller Førde. I tillegg planlegges det en kortfilmproduksjon i to versjoner, samt en jubileumskalender med Elias Blix som tema.
# lagt inn 16.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og Gildeskål 4 

Føljetongen på debattsidene i Avisa Nordland held fram. Her er dagens bidrag:
Olsen og Blix i Gildeskål
Takk for hurtig svar Kurt Johnny. Det var trist å lese at du ikke har brevet jeg etterspurte. Det hadde kunnet kastet ekstra glans over jubileet. Imidlertid skjønner jeg at du innehar store kunnskaper om Elias Blix, så jeg regner det som selvsagt at du kommer nordover og deler noen av dem med oss. Nettopp det «faktum» at Elias Blix ikke fikk bestige prekestolen på grunn av at han var et «Almuens Barn» sitter sterkt i mitt minne fra folkeskolen. Nå kommer det frem andre teorier om hvorfor han ikke fikk bestige prekestolen. Derfor håper jeg du kan komme med en avklaring. Egentlig har jeg slett ikke lyst til å plage deg her i avisspaltene, da det går mot mine prinsipper. Gamle venner burde kunne ta en telefon og dermed få oppklart uklarheter. Denne saken er imidlertid av så stor betydning at jeg gjerne vil ha den avklart i det offentlige rom. Du får heller ha meg unnskyldt hvis spørsmålet bringer deg i forlegenhet. Spørsmålet lyder kort og godt: Hvordan kan det ha seg at du har offentliggjort utdrag fra et brev du ikke har tilgang til?
Jan Breivik
# lagt inn 16.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.4.10

Halse om Hovden 

I ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal frå 13. april kan du høyre Per Halse fortelje om Anders Hovden. Intervjuet kjem 32' 30'' ut i sendinga.
# lagt inn 15.4.10 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hovden på Lillehammer 

Gudbrandsdølen Dagningen i dag, "Det skjer torsdag":
Hyggetreff Kirkesenteret, Lillehammer, kl. 11.00. «Anders Hovden – liv og salmediktning» – Magnor Langset kåserer.
Bevertning og åresalg.
# lagt inn 15.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og Gildeskål 3 

I dag står lesarinnlegget mitt på trykk i Avisa Nordland.
# lagt inn 15.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.4.10

Målreisingssoge 1 

I mål med fyrste band av norsk målreising

Historikaren Jens Johan Hyvik er no klar med fyrste band i soga om norsk målreising. Boka, som har fått tittelen "Språk og nasjon 1739-1868", er gitt ut av Det Norske Samlaget.

Fyrste bandet i denne nyskrivne og illustrerte norske målsoga handlar om tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868.

Les meir (Høgskulen i Volda)

# lagt inn 13.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjespråk i radio 

I dette klippet frå Norgesglasset i NRK P1 8. april kan du høyre Per Halse fortelje om forskinga si på nynorsk kyrkjemål.
# lagt inn 13.4.10 3 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jubileumsnytt 

frå Avisa Nordland (Næravisa) i dag:
1 mill. til Blix
GILDESKÅL: Gildeskål kommune har søkt Nordland fylkeskommune om én million kroner i økonomisk støtte til det forestående Elias Blix-jubileet. 24. februar neste år er det 175 år siden salmedikteren, professoren, lingvisten og bibeloversetteren ble født. Dette ønsker Gildeskål å markere både lokalt, regionalt og nasjonalt gjennom ulike arrangement som skal bidra til økt kunnskap om og forståelse av Elias Blix sitt liv og diktning, løfte det lokale og regionale kulturlivet samt profilere Gildeskål, Salten og Nordland. Midlene det søkes om vil inngå som delfinansiering av prosjektplanlegging og prosjektledelse, to hovedarrangement og markedsføring av jubileet.
# lagt inn 13.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og Gildeskål 2 

Ordskiftet om Blix og Gildeskål i Avisa Nordland held fram i dag med følgjande svar frå Kurt-Johnny Olsen:
Jan Breivik og Elias Blix
Kjempehyggelig at Jan Breivik er begynt å fokusere på Elias Blix. Velkommen etter!

Det er helt korrekt at jeg ble kontaktet pr. telefon av Anders Aschim for flere år siden da han startet sitt arbeid med biografien om Elias Blix. Vi avtalte at han skulle kontakte meg mot slutten av skrivingen. Kom han raskere i mål med sitt prosjekt enn undertegnede med mitt, ville han selvsagt få innsyn i mitt materiale. Senere har jeg aldri hørt noe mer fra Aschim – skriftlig eller muntlig. Hvorfor han senere ikke tok kontakt, ønsker jeg ikke å bruke tid på spekulere i. Enkel research vil bekrefte at jeg nok ikke besitter et så unikt materiale som Breivik mener å vite. Når jeg er ferdig med mitt arbeid, vil mitt materiale bli sikret av rette instans.

Kurt-Johnny Olsen, Oslo
Sidan eg er no er dregen inn i diskusjonen, har eg i dag sendt dette lesarbrevet til Avisa Nordland:
Kurt-Johnny Olsen og Elias Blix
Jan Breivik og Kurt-Johnny Olsen har ei interessant ordveksling om Elias Blix i Avisa Nordland 12. og 13. april. Saka gjeld eit brev som kan kaste noko lys over den omdiskuterte preikestolepisoden i Gildeskål kyrkje i 1866. Eg har tidlegare hatt kontakt med Olsen om dette brevet, men mitt minne om denne samtalen er eit anna enn hans. Eg forstod at han sjølv var i gang med eit arbeid der han ville bruke dette brevet, og at eg deretter kunne få tilgang til det. Det respekterte eg sjølvsagt, eg unner kollegaer gode kjelder. Da eg ikkje hadde høyrt frå Olsen eller sett noko til dette arbeidet da mi eiga bok ”Ein betre vår ein gong. Elias Blix” var ferdig, nøgde eg meg med å sitere dei linjene frå brevet som Olsen alt hadde publisert i eit debattinnlegg i Vårt Land 25. november 1997. Eg ser stadig med forventning fram til Olsens arbeid.

Anders Aschim, Ytre Enebakk
# lagt inn 13.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fagert er landet 


Tidi ho renn som elv mot os, / Fort skifter sumar med vetter. / Fader, ver alltid Noregs los / Radt til dei seinaste ætter. / Herre vår Gud, vårt Noregs Gud, / Varda vårt land frå fjell til flud, / Lær oss å gå dine vegar.

Anders Hovden har 150-årsdag i dag. Til lukke.

Illustrasjon: Anders Hovden-statua i Ørsta, Møre og Romsdal, Noreg. Bilethoggar Anne Grimdalen. Kjelde: wikimedia. Foto: Egil Arne. Løyve: GNU Free Documentation License
# lagt inn 13.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.10

Blix og Gildeskål 

I Avisa Nordland går det for tida ein debatt om framtida til lokalsamfunnet i Gildeskål, tydelegvis sett i gong av Kurt-Johnny Olsen, mangeårig Aftenposten-journalist med bakgrunn frå Gildeskål. Varaordrørar Kirsti Mentzoni har svart Olsen, eit utdrag av innlegget hennar finn du her. I dag har debatten teke ei ny vending. Mot slutten av eit ope brev til Olsen skriv klassekamerat og kommunepolitikar Jan Breivik:
Som du sikkert har fått med deg, skal vi neste år feire Elias Blix. Jeg leser for tiden med stor interesse Anders Aschims biografi. På side 148 leser jeg til min store overraskelse at du Kurt Johnny blir nevnt som kilde til utskrift fra et brev som belyser hva som skjedde da Blix ikke fikk bestige kirkens prekestol. Det merkelige er at forfatteren skriver noe slikt som at «det er noen kildekritiske problem, men det er en kilde en ikke kan se bort fra». Når jeg leser nøyere på side 498 kan det synes som om du er den eneste som har tilgang til dette historisk viktige dokument.

I anledning det forestående jubileum ber jeg deg gjøre ære på din gamle hjemkommune og offentliggjøre brevet som en gang for alle vil gjøre slutt på spekulasjonene om hva som skjedde den gang. For første gang vil det da bli gjort høyst fortjent offentlig ære på tjenestejenta på Volden som skrev det for ettertiden historisk viktige brev. Jeg ser for meg et meget stort presseoppbud når brevet kommer offentligheten for øye, gjerne på Volden på Sandhornøy. Dette er din gylne mulighet til å bringe hjemkommunen i et positivt lys, og forhåpentligvis skape det vendepunkt som jeg skjønner du brenner for. Kanskje kan vi så i vennskapelighet enes om å si som den tidligere venstrepolitikeren Arthur Arntzen: (fritt sitert) «Dere som er unge og har det dære dære der – bruk det!»

Jan Breivik
Til oppklaring: Sitatet frå det nemnde brevet publiserte Olsen i Vårt Land 25. november 1997, i ein temperamentsfull avisdebatt med biskop Fredrik Grønningsæter om preikestolepisoden i 1866. Eg har ikkje innlegga i debatten framfor meg no, men minnest eg rett, ønskte eigarane av brevet (som var andre enn Olsen) den gongen ikkje å publisere brevet in extenso på grunn av sensitiv informasjon om andre tilhøve som ikkje galdt Elias Blix.

Eg sluttar meg til oppmodinga frå Breivik. Det ville vere særs verdifullt å få publisert brevet no, det er utan tvil ei viktig historisk kjelde. Om eigarane framleis ikkje ønskjer ei fullstendig publisering, har eg likevel respekt for ei slik avgjerd. Eg meiner likevel det måtte gå an å publisere som faksimile dei delane av brevet som har offentleg interesse. Eg står gjerne til disposisjon som samtalepartnar om dette dersom det er interessant.
# lagt inn 12.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Handskrift 

er noko skolebarn framleis lærer på skolen, trass i dystre spådommar om handskriftas død. Eg har i alle fall fått denne oppgåva tilsendt frå ein lærar. Hugs marg. Klikk på bildet for større utgåve.

# lagt inn 12.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hans Bovim 

- mangeårig rektor ved Kristelig Gymnasium i Oslo – døydde i påska, 94 år gammal. Lesarar av Ein betre vår ein gong har møtt Bovim i innleiingskapitlet “Diktaren”. På denne bloggen er han tidlegare omtala her. Det står ein stor nekrolog i Vårt Land i dag (papir), på nett ligg det ein redaksjonell omtale frå Vårt Land:

Hans Bovim er død - Vårt Land

# lagt inn 12.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.4.10

Blix i Skien 

Telemark Tidend 11.04.10 (Telemark Tidend kjem ut i Skien med Varden som bilag). Klikk på bildet for større utgåve.

# lagt inn 11.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hovden i Hovdebygda 

TYSDAG 13. APRIL
10.00–10.45 Ivar Aasen-tunet
Slik blir Dei nynorske festspela 2010
Open pressekonferanse
Festspeldiktar Rønnaug Kleiva tek del
Programansvarleg Åshild Widerøe og informasjonsleiar Gaute Øvereng legg fram program for over 40 arrangement

11.30 Hovden-statuen, Ørsta sentrum
Blomar ved bauta: Anders Hovden 150 år
Jens Kåre Engeset kransar Hovden-statuen

19.00–19.45 Biblioteket, Ivar Aasen-tunet
Innsats Festspela 2010!
Vel møtt til alle som vil vere frivillige under Dei nynorske festspela 24.–27. juni

19.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet
150-årskake for Anders Hovden
Gratis kake

20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Festkveld med diktekunst
Hovudgjest: festspeldiktaren Rønnaug Kleiva
Per Halse om salmekunstnaren og salmediktaren Anders Hovden
Historikar og forfattar Aina Basso kåserer om Anders Hovden som sunnmøring
Musikk
Kr 100, gratis for deltakarane på frivilligmøtet

Ivar Aasen-tunet - Anders Hovden og opplading til Festspela


Sjå òg Hovden 150
# lagt inn 11.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.4.10

Påminning: Averøy 

Søndag.
# lagt inn 9.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Tromsø 

# lagt inn 9.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.4.10

Jubileumsnytt 

Stort og dobbeltsidig oppslag om Blix-jubileet neste år i Avisa Nordland (Næravisa) i dag, featuring prosjektleiar Petter Kjærnes (og skrive av avisas venlegsinna lokalreporter Connie Slettan Olsen):
– Vi ønsker å ha fokus på Blix som salmedikter, sier Kjærnes og legger til.
– Han var nok den etter Ivar Aasen som har hatt mest betydning i framveksten av nynorsk. Og ved sin fornorskning av språket gjennom bibeloversettelse og salmedikting bidro han til at kirkens innhold ble mer gjenkjennelig for folk og de gjorde det til sitt, sier Kjærnes.
Økt kunnskap. En av Blix-jubileets samarbeidspartnere er Salten Kultursamarbeid. Det har bestemt at Elias Blix skal være tema, den såkalte kulturknaggen, neste år. I fjor var det Knut Hamsun som var kulturknagg.
– Hovedmålet med jubileet er å gi opplevelser kommunalt, regionalt og nasjonalt som øker kunnskapen om og forståelsen av hans liv og diktning. Med jubileet håper vi på varige effekter som skal bidra til å styrke den lokale stoltheten og knytte Elias Blix til Gildeskål, sier Kjærnes.
175 arrangement. Detaljplanleggingen starter prosjektgruppen med i disse dager.
– Vi har et ønske om å få til 175 arrangementer i tilknytning til jubileet. Det er ambisiøst, men ikke umulig, sier prosjektlederen. Det som allerede er klart er de tre hovedaktivitetene.
– Det blir åpning i februar med arrangement på kirkestedet og i Gildeskål kulturhus. Deretter blir det folkefest på sommeren. Også det på kirkestedet. Og så skal kulturskoleforestillingen for Salten knyttes opp til Elias Blix-jubileet. Alle de andre arrangementene skal vi starte planleggingen av nå, avslutter Kjærnes.
# lagt inn 8.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.4.10

Blix som semittist 

Det er framleis litt tilfeldig kva det er mogleg å lese på Bokhylla.no. Til glede for meg sjølv og kan hende eit par til fann eg i kveld det første skriftstykket eg publiserte om Elias Blix. Du finn det her. "Elias Blix som semittist" skreiv eg i 1997 til festskriftet for ein av mine viktigaste lærarar, den blide og tolsame danske semittisten Ebbe Egede Knudsen, gjennom mange år professor i hebraisk og andre semittiske språk ved HF, Universitetet i Oslo.
# lagt inn 6.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gildeskål-debatt 

Frå debattinnlegg i spalta "Rett på sak" i Avisa Nordland 06.04.10:
Et beger med glede!
Det er gledelig å se at Kurt-Johnny Olsen synes det er stas å komme på besøk til Gildeskål, ikke like gledelig at han fremdeles velger å fremheve alt det han synes er negativt i vår kommune. I leserinnlegg 22. mars blir blant annet vi politikere i Gildeskål framstilt som passive og at vi har som mål å avvikle Gildeskål som egen kommune. Slik jeg kjenner mine kolleger i kommunestyret er de alt annet en passive ...

De såkalte passive politikerne i Gildeskål har gjort flere vedtak for å opprettholde tjenestetilbudet til våre innbyggere og forhåpentligvis få noen flere. Her kan nevnes noen:
– Newton Salten – satsing på havbruk i grunnskolen.
– Elias Blix-jubileum 2011 – gi en verdig markering av Gildeskåls og Norges største samledikter.
– Prosjektstilling havbruk – styrke næringsselskapets arbeid med næringsutvikling rettet mot havbruksnæringen i kommunen.
– Fritak for eiendomsskatt for nye helårsboliger i 5 år fra og med 2011.
– Har under makspris for barnehager i kommunen.
– Samlokalisering av Sandhornøy skole og barnehage.
– Kjøp av inventar til skoler og barnehager.
– Uttalelse vedrørende tildeling av oppdrettskonsesjoner.
– Bevilgning til stedsutviklingsfond som utlyses til lokalutvalgene.
– Mottak og bosetting av flyktninger.

Det er sant som Olsen skriver at Gildeskål er ei bygd med alle muligheter for vekst og framgang.

De nevnte vedtakene mener jeg viser at kommunens politikere ikke er passive men har et oppriktig ønske om at vi fremdeles skal få bo og trives i Gildeskål.

Kirsti Mentzoni,
varaordfører
Eg vil her berre gjere framlegg om ei ny utgåve av samlediktarens samla salmar og songar.
# lagt inn 6.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på Sotra 

Annonse i Vestnytt:
Morland-/stø bedehus:
Songkåseri om Elias Blix
og påske og vår, v/ landssekr.
Paul Odland. Onsdag 7. april
kl 19.30. Velkomen frå heile
bygda! Styret
# lagt inn 6.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.4.10

Hovden 150 

13. april 1860 blei Anders Hovden fødd i Hovdebygda i Ørsta. Det er altså 150-årsjubileum for han denne månaden. Du treng ikkje vente til 17. mai med å feire (da syng vi "Fagert er landet" sjølv midt i bokmålsfylket Akershus), du kan til dømes finne fram påskesalmen "Syng det ut med gleda" på 190 i Norsk Salmebok. Hovdebygdingen Jens Kåre Engeset skreiv Hovdens biografi for nokre år sidan. Sjå òg artikkelen hans i Allkunne, eller Hallgeir Elstad sin i Norsk Biografisk Leksikon, eller Wikipedia-artikkelen. Utvalet av Hovden-tekstar i nettbiblioteket til Aasentunet er heller skralt. Ikkje er det mykje hjelp i Bokhylla.no heller. På tide å få digitalisert fleire Hovden-tekstar? Diktbasen til Deichmanske bibliotek har registrert 1221 Hovden-dikt, så det er nok å ta av.
# lagt inn 5.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?