<$BlogRSDUrl$>

30.4.05

Kjerringøy 

"Rikskonsertene i samarbeid med Kjerringøy menighet og Bodø kommune tilbyr konsert i Kjerringøy kirke lørdag 30. april kl. 1900.

Folkemusikkgruppa Dvergmål framfører helgasongar av Elias Blix"

Les meir på kjerringoy.no
# lagt inn 30.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.4.05

Blix komen heim 

I kveld må folk i Gildeskål gje seg på kyrkjeveg. Kl. 19.00 syng gruppa "Dvergmål" helgasongar av Elias Blix i hovudkyrkja. Da får dei leggje tre-striden sin til side ein times tid. For her blir det helg.

Les meir på kulturtorget.no
# lagt inn 29.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.4.05

Blix i dag 

Ytteren kyrkje, Rana, kl. 19.30.

"Vårens vakreste?"
Les meir på Folkemusikk.no.
# lagt inn 28.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.4.05

Heimanfrå 

"70 år gamle trær rundt Elias Blix-bysten er kappet ned. – Forskjønnelse, sier velforeningen. – Skjending, mener Ragnar Dahl.

Interessemotsetningene står dypt etter inngrepet på Våg på Sandhornøy i Gildeskål. Fire gamle bjørketrær har blitt offer for motorsagen."

Les meir i Avisa Nordland
# lagt inn 27.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmemanuskript 

Eg har vore i Handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket i Oslo i dag, for å arbeide litt meir med salmemanuskripta til Elias Blix. Det krev tid, men ein kan gjere ein del interessante observasjonar på vegen. Spennande er til dømes dei tematiske overskriftene Blix har sett over mest kvar einaste salme. Dei fleste blei borte i fjerdeutgåva av Nokre Salmar; kyrkjeårstilknytinga kom i staden.

Smaksprøve: Første strofe av salmen "Jesus stiller stormen":
Ein Baat i Stormen duvar, / Men Jesus kviler der.
Hans Læresveinar gruvar, / At det til Botnar ber.
Men sjaa, daa Jesus vaknar / Og trugar Storm og Hav,
Daa Vind og Vaager spaknar / og Vedret stillnar av!
Der er ikkje slik du har lært den, nei. Blix har nemleg retta teksten i manuskriptet, til den du finn på nr. 36 i den trykte utgåva:
Ein Baat i Stormen duvad, / Men Jesus var um Bord.
Hans Læresveinar gruvad, / Daa Baara braut paa Fjord.
Men sjaa, daa Jesus vaknad / Og trugad Storm og Hav,
Daa Vind og Vaagar spaknad, / Og Vedret stillnad av!
Og dette eksempelet, frå ein salme med overskrifta "Guds Ord", er sjølvsagt gefundenes Fressen for meg som argumenterer for Edens hage som det Blixke sentralsymbolet:
Var heile Guds Jord eit Edens Land / Ein grønkande Eng kvar Sletta,
Der Korn kunde gro som Havsens Sand / Og Frukt av kvart Fræet[?] spretta,
Um Steinen i Øydemark var Braud: / Det ei kunde Hjartat metta.
No enda Blix med å gjere "Edens land" til "Aakerland":
Var heile Guds Jord eit Aakerland,/ Ein Hage kvar Haug og Sletta,
Um Korn kunde gro som Havsens Sand / Og Frukter paa Fjelltind spretta,
Um Steinen i Øydemark var Braud:/ Det ei kunde Hjartat metta.
Men poenget er tydeleg framleis. Tenk at eg har prestert å oversjå det!
# lagt inn 27.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.4.05

Blix på Helgeland 

Bur du på Helgeland? Som før meldt: Dvergmål kjem til ein stad nær deg med Elias Blix-programmet sitt! Først ut er Alstahaug kyrkje i morgon, så er det Ytteren kyrkje i Rana dagen derpå. Seinare kjem dei til Salten. Følg med!

Les meir i Ballade
# lagt inn 26.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kirkeklokken 

I 1890 gav presten Birger Hall ut Kirkeklokken: Aandelige sange for hjemmet, opbyggelige møder, feste, Ungdomsforeninger, kvindeforeninger o.s.v. Året etter kom det ei ny utgåve, utvida med eit "Tillegg". Med tillegget inneheld boka 984 salmar og songar.

Boka inneheld 31 + 1 salmar og songar på landsmål, 30 av Blix, 1 av Bernt Støylen og 1 av O. E. Fylsvik. Eg har laga ei oversikt over nynorske tekstar i Kirkeklokken.

Her står, så vidt eg veit, for første gong, forfattarnamnet Dr. E. Blix under salmane. Anonymiteten er broten.

Av originalsalmane Blix hadde publisert til og med 2. utgåve (1883) av Nokre Salmar, har Hall teke med dei fleste, 23 stykke. 15 er utelatne, også favorittar som "Gamleaaret seig i Hav", "Med Jesus vil eg fara", "No koma Guds Englar" og "No Soli bak um blaae Fjell".

På den andre sida har Hall med sju salmar som først kom i 4. utgåva av Nokre Salmar. Den kom i 1891, altså året etter Kirkeklokken. Dei sju er: Blix kan ha publisert nokre av salmane i tidsskrift, eg har ikkje full oversikt over desse publikasjonane enno. Men fleire Blix-salmar ser ut til å ha fått førstepublikasjonen sin i Kirkeklokken.

Kven var Birger Hall (1858-1927)? På denne tida var han sekretær i Lutherstiftelsen. Tidlegare hadde han gjort teneste som sjømannsprest i Cardiff. Han tok teologisk embetseksamen i 1881, og hadde nok hatt Elias Blix som lærar. Dessutan hadde han bakgrunn frå Nordland. Han var fødd i Vefsn, der faren var prost, og bror hans, offiseren Bent Mikael Hall (1847-1897) var leiar av "Den nordlandske Forening" i hovudstaden i 1884-1885.

Eg er den lukkelege eigar av ein Kirkeklokken. Av mor mi har eg fått eksemplaret etter hennar tante Anna. Mor fortel om tante Anna (sjukepleiar og indremisjonskvinne i Harstad) og søster hennar, tante Elida (jordmor og læstadianar i Alta) at det kunne bli usemje både om teologi og songval når dei møttest i barndomsheimen i Lyngen. Men det enda som regel godt, med avsynging av ein Blix-salme frå Kirkeklokken.

27.05.2005: Eg veit etter kvart betre på fleire punkt. Sjå kommentarane for korreksjonar og oppdateringar.
# lagt inn 26.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

No livnar det i Lundar, / No lauvast det i Lid,
Den heile Skapning stundar / No fram til Sumars Tid.

Det er vel fagre Stunder, / Naar Vaaren kjem her nord,
Og atter som eit Under / Nytt Liv av Daude gror.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 82

Oppgåve 1: Lag ei liste over dei ti mest sungne Blix-tekstane. Kommentar: Utvalet kan diskuterast, andre forslag er velkomne. Det er mange sterke kandidatar.

Oppgåve 2: Lag ei liste over dei tre ... Kommentar: Dette utvalet er eg sikrare på. Svært mange nordmenn har eit forhold til ein eller fleire av desse tekstane

Oppgåve 3: Peik ut den eine Blix-teksten som står mest sentralt i Blix-resepsjonen.
Utan tvil: Denne.

Det er særleg "No livnar det i Lundar" som har gjeve Elias Blix tilnamnet "vårsongaren". Også litterært er songen eit av høgdepunkta i produksjonen hans. Det er mykje å seie om formelle verkemiddel, men det skal eg late liggje. Syntesen av bibel, natur, kyrkje, språk og nasjon er svært karakteristisk. Den milde Blix kan av og til bli aggressivt luthersk og nasjonal. Men her er det som våren legg eit forsonande skjær over dei kyrkjelege og nasjonale kampane.

Salmen er ikkje påtrengjande bibelsk. Men går ein heilt tett inn på det vakre biletet av norsk vår, får ein likevel auge på dei små bibelske steinane i mosaikken. Her er ein liten katalog. Du finn sikkert fleir!

Strofe 1
"Den heile Skapning stundar" - Romarane 8,22
Strofe 3
"Som høgt paa Berg ein Stad" - Matteus 5,14
Strofe 4
"Den Sol gjeng aldri ned" - Jesaja 60,19-20
Strofe 5
"Og burte var Guds Ark" - 1. Samuelsbok 4-6
Strofe 6
"Guds Ord var faahøyrd Segn" - 1. Samuelsbok 3,1
Strofe 7
"Som Dogg paa turre Jord" - Hosea 14,6
"Daa grøddest vænt Guds Ord" - Markus 4,1-20 (og parallellar)
Strofe 8
"Daa er det sæle Tider / Fyr Kristi Kyrkjegrunn" - same likninga, Markus 4,1-20
Strofe 9
"Daa losnar Tungebandet" - Markus 7,35, Apostelgjerningane 2,4
Strofe 12
"utan Brest og Sprunga" - Efesarane 5,27, Kolossarane 1,22

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.4.05

Dagens Blix 

Gud, hald oss uppe ved ditt Ord, / Og giv det Yvermagt paa Jord
Mot deim, som Jesus Krist, vaar Sol, / Vil støyta fraa hans Kongestol!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 81

Luther-salmen "Erhalt uns, Herr, bei deinem Wort", første Blix-gjendikting frå 1883.

Det er interessant å sjå at Blix vel heilt andre salmar enn Landstad for 4. sundag etter påske. Gårsdagens og morgondagens Blix er hans eigne originaltekstar. Denne salmen er i Landstad mellom dei "Sædvanlige Salmer til Høimesse".

Eg har ikkje historia til Luther-salmane i Noreg heilt klårt for meg. Eg finn ikkje denne hos Kingo, heller ikkje i Evangelisk-christelig eller Christiania-tillegget (og Guldberg har eg ikkje). Det spørst om den ikkje er komen inn gjennom den Luther-renessansen som mellom andre Landstad representerer kring midten av 1800-talet.

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.4.05

Dagens Blix 

Min Heimstad i det Høge er, / Til Himmels stend mi Lengsla.
Vel veit eg, at min Heimveg ber / Igjenom myki Trengsla.
Men Jesus Vegen drog, / Det er meg Tryggja nog.
Eg er hans Fylgjesvein, / So gjeng eg utan Mein,
Ved honom skal eg sigra!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 80

Fjerde sundag etter påske har heile tre nummer i 1891-utgåva av Nokre Salmar, og alle er gamle kjende.

Eg har ikkje gjort den intertekstuelle heimeleksa mi i dei tidlegare kommentarane, ser eg. Tilknytinga til den konkrete sundagen er svært laus. Men det er tydelege klangar frå Jesu avskilstale i Johannes 14-16 her, eit bibelavsnitt som spelar ei stor rolle i påsketida. Til den første strofa, sjå særleg Johannes 14,1-6 att. Til freds-motivet i 2. strofe, sjå vers 27 i same kapitlet, men endå meir Filipparane 4,7. "Livsens Kruna" kan du leite opp i Jakobs brev, forteljinga om Jesus som stiller stormen i dei tre første evangelia. Men sterkast er sluttakkorden, frå Romarbrevet 8,38-39. Slik lyder versa i Elias Blix si eiga omsetjing frå 1883:
38 For eg er viss paa, at korkje Daude elder Liv, korkje Englar elder Krafter, korkje det noverande elder det tilkomande,
39 korkje Høgd elder Dypt elder nokon annan Skapning skal kunna skilja oss fraa Guds Kjærleike i Kristus Jesus, vaar Herre.
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.4.05

Dagens Blix 

I Dag er Naadens Tid, / I Dag er Gud aa finna.
No kann aalvorleg Id / Hans milde Hjarta vinna.
Upp, upp til Angers Graat, / Og fylg Guds Naadedrag!
Men snart det gjeld, lyd aat! / No heiter det: i Dag.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 79

Dagens Blix er eigentleg gårsdagens. Fjerde fredagen etter påske var bededag til langt inn i det 20. hundreåret (Vårt Land-ramnane Hugin og Munin saknar framleis bededagsferien), men så lenge eg hugsar, har bots- og bededag vore siste sundagen i oktober.

Til bededag har Blix gjendikta den inntrengjande Brorson-salmen "I Dag er Naadens Tid". Sistelina "No heiter det: i Dag" går att i samtlege vers, intensivert i det siste til "I Dag, i Dag, i Dag!"

Medan salmen hos Brorson (og Landstad) har heile ti vers, er den stramma inn til sju hos Blix.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.4.05

Dagens Blix 

Frelsaren til sin Fader for, / Der han oss Rom vilde reida,
Sende so Anden sin til Jord, / Som oss til Sanning skal leida.
Han ved Guds Ord i Jesu Namn, / Viser oss Veg til Himmelhamn:
Jesus er Vegen og Livet.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 78

"Jesus, du er den Himmelveg" har vore med heilt frå 1875-heftet av Nokre Salmar. Men denne salmen har Blix arbeidd mykje med før den i 1891-utgåva fann den forma vi kjenner i dag. Mellom anna har han skrive eit heilt nytt vers, det som er sitert over.

Eg har kommentert dei tydelege allusjonane til ulike stader i Johannesevangeliet tidlegare. Her har salmen fått ei tydelegare binding til den eine av dei aktuelle tekstane, og gjennom det til kyrkjeåret: Johannes 14,1-11 kom inn som ny evangelietekst (i det som seinare blei kalla "tredje tekstrekke") gjennom liturgireforma i 1886. Elias Blix tok sjølv aktiv del i førebuinga av den reforma, som kyrkjestatsråd.

Dessutan hadde Elias Blix personleg omsett Johannesevangeliet til det første landsmålstestamentet. Evangeliet blei utgjeve i 1889, i den avsluttande fasen av dette arbeidet. Eg er oppteken av vekselverknaden mellom bibelomsetjing og salmedikting hos Elias Blix. Her kjem det aktuelle avsnittet frå Johannes 14 i Blix si eiga omsetjing:
2 "I min Faders Hus er mange Rom; men um ikkje so var, vilde eg hava sagt dykker det.
3 Eg gjeng burt til aa reida dykker Bustad.
Og naar eg er gjengen burt og heve reidt dykker Bustad, kjem eg atter og vil taka dykker til meg, at de og skulo vera der, som eg er.
4 Og kvar eg gjeng, det vita de, og Vegen vita de".
5 Tomas sagde til honom: "Herre, me vita ikkje, kvar du gjeng, og kor kunna me daa vita Vegen?"
6 Jesus sagde til honom: "Eg er Vegen og Sanningi og Livet; ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
7 Dersom de hadde kjent meg, so hadde de og kjent min Fader; og no heretter kjenna de honom og hava seet honom".
Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875,- 1883-utgåva.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sundagens Blix.
# lagt inn 22.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.4.05

Dans 

I dag (og i går og i morgon) skal eg på det halvårlege omsetjarmøtet i Bibelselskapet.

Så skal eg vere med (bratsj) på konserten "Orkesteret danser". Kl. 19.30 i Universitetets Aula kan du få høyre dansemusikk av Brahms (ungarske), Dvorak (slaviske), Saint-Saëns (macabre), Borodin (polovetsiske) og Piazolla (argentinsk, porteno). Men høgdepunktet blir Zoltan Kodalys "Dansar frå Galanta". Og om du alt er lei av 1905 og "Hundreårsmarkeringen"(/a?), kan eg trøyste deg med at vi ikkje kjem til å spele så mykje som ein einaste norsk tone.
# lagt inn 19.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grundtvig-disputas 

I serien "Stader eg ikkje var":

Laurdag var det noko så sjeldsynt som ein hymnologisk doktordisputas i Universitetets gamle festsal i hovudstaden (der Stortinget kom saman i Elias Blix sine studiedagar).

Spesimen: Kjærlighetens makt, maskerade og mosaikk - En lesning av N.F.S. Grundtvigs "Sang-Værk til den Danske Folke-Kirke"
Doktorand: Synnøve Heggem

Eg lurar på om det var nokon andre der? Eg har sett eit par førehandsmeldingar, men ikkje noko referat. Men danske Kristeligt Dagblad har eit intervju med doktoranden fredag.
# lagt inn 19.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.4.05

Stadfesting 

Frå Ministerialbok for Gildeskål 1821-1837
Fødte Mandkjøn
No. 2 [1836]
Elias Blix Pedersen, født 24de Febr. Hjemmedaaben stadfestet i Kirken den 17de April. Forældrene: Ægtefolkene Peder Christophersen Vog og Hustruen Margrethe Christophersd. Fadderne: Klokker [Helge] Helgesen Folvigen [Følvik], Hans Pedersen Nordre Fugløen, Benjamin Hansen Mornæs, Anne Helgesdatter Hustad, Karen Helgesd. Folvigen [Følvik].
# lagt inn 17.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Sol og Skjold og Styrke / Er Gud vaar Frelsar blid.
Og kjem so Tider myrke / Og stundom Storm og Strid:
Den Sol gjeng aldri under, / Um Dagen sloknar her;
Den Skjold gjeng aldri sunder, / Kor hard enn Striden er.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 77

Salmen hadde i 1875 overskrifta "Vaar Sol og Skjold", og i 1883 stod den i avdelinga "Strid og Siger". Plasseringa på 3. sundag etter påske, med evangeliet frå Jesu avskilstale, er ikkje den einaste moglege. Men denne salmen fekk ikkje vere med i Norsk Salmebok (1985).

I tillegg til opningslina, frå Salme 84,12, er regnboge-motivet i siste strofe interessant. Ordet "Vederboge" har Blix knapt hatt med seg heimanfrå? Aasen lokaliserer det til Sogn og Nordmøre (1873-ordboka). Den bibelske bakgrunnen finn du i alle fall i 1. Mosebok 9,12-17.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875,- 1883-utgåva.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 17.4.05 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.4.05

Dagbladet 

Eg er mot Dagbladet, men for nynorsk i Dagbladet. Det må vel vere ein passande reaksjon på ei avis som er mot kyrkja, men for kvinnelege prestar? Når det gjeld kvinnelege prestar, er eg heilt for, eg er gift med ein. Og når det gjeld nynorsk, er VG også mål for kampanjen "Slepp nynorsken til".
# lagt inn 16.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.4.05

Landsmøte 

I radioen høyrer eg at Venstre begynner landsmøtet sitt i dag. Det burde sjølvsagt interessere ein som skriv om ein gammal Venstre-politikar, men eg kjenner meg slett ikkje trygg på at Elias Blix ville kjent seg heime i dagens Venstre, sjølv om Sponheim prøver å markedsføre det som "lærarparti" att.

Da er eg meir interessert i det andre landsmøtet som tek til i dag, det til Noregs Mållag, dels fordi det finn stad i Tromsø, mest fordi Ole Henrik Magga skal halde landsmøtetale i morgon, over temaet "Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv".
# lagt inn 15.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.4.05

Festspel 

"Dei Nynorske Festspela 2005 byd på turneringa Dei nynorske golfspela, heile 17 forfattarar og omsetjarar, konsertar med Mikael Wiehe, Katia Cardenal og Heidi Gjermundsen, Prøysen-program med Jan Erik Vold, debatt om den nye bibelomsetjinga, og fleire arrangement midtfjords mellom sunnmørsfjella. Under temaet Dei mange røystene blir det i alt 40 arrangement over fem dagar frå onsdag 29. juni til søndag 3. juli."

Og så eg som er allergisk mot golf!

Les meir.
Heile programmet.
# lagt inn 13.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.05

Meir 17. mai 

Og det er ikkje berre i Oslo at festgudstenesta nasjonaldagen i år blir feira med nynorsk liturgi. Også domkyrkjene i Stavanger, Bergen, Molde, Trondheim og Tromsø held nynorske gudstenester i år.

Særleg er eg glad for å høyre om fødebyen min og skolebyen til Elias Blix, Tromsø. Men eg skjems litt for min heimby nr. 2, Hamar. Og så Bodø, da, som har domkor med Blix-plate på samvitet ...

Nynorsklaget er ikkje så stort, men sanneleg får dei det til.
# lagt inn 12.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Orheim-seminar 

«LENGTING, LIV OG SONG»
– frå syndenød til frelsesfryd
Seminar om song- og salmediktaren Matias Orheim

SEMINAR
Laurdag 28. mai 2005 kl. 10.00–14.45 Uranienborg menighetshus Daasgt. 17, 0259 Oslo
Arne Grimstad – Andreas Skartveit – Åshild Orheim Haga – Sigvald Tveit – Bjørn Kvalsvik Nicolaysen – Ralph Ditlev Kolnes

HØGMESSE
Søndag 29. mai 2005 Uranienborg kyrkje Høgmesse. Nynorsk liturgi.

Arr: Uranienborg menighet, Nynorsklaget og Norsk Hymnologisk Forening

Les meir.
# lagt inn 12.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.4.05

Dagens Blix 

Vaar Herre er ein Hyrding god, / Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgja vil med hugheilt Mod, / Der denne Hyrding fører.

Han fører deim paa grøne Eng, / Til ljose væne Vangar,
Der Livsens stille Kjelda gjeng, / Og Blomen ljuvleg angar.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 76

Salmen stod alt i 1883-utgåva, under overskrifta "Jesus den gode Hyrding". Men den er sjølvsagt ein framifrå evangeliesalme for 2. sundag etter påske, med evangelieteksten frå Johannes 10,11-16. Hyrding-motivet skapar rom for eit fint intertekstuelt samspel, det har eg kommentert før.

Men eg har ikkje nemnt før at Blix også her aktiviserer Edens hage-motivet, som står så sentralt i salmediktinga hans, særleg i det andre og i dei to siste versa.

Eit anna motiv som interesserer meg, er den fuglen som plutseleg dukkar opp i vers 7. Eg er ikkje så god i den bibelske ornitologien. Eg hugsar nokre ørnar, duer og sporvar. Men er no denne fuglen eigentleg eit bibelsk motiv? Eller er det heller eit norsk naturmotiv? Eg trur fuglen etter kvart tek sine eigne vegar i Blix si dikting, i fleire av dei seine tekstane hans ligg det nær å lese småfuglen som eit talerør for forfattaren si eiga røyst.

Salmen er skriven til tonen "Opp all den ting som Gud har gjort". Det går heilt fint, endå betre er tonen til "Eg veit i himmerik ei borg," som Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok tok i bruk, og som framleis er valet i Norsk Salmebok (NoS 310).

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Onsdagens Blix.
# lagt inn 10.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.4.05

Anonyme meldarar 

Eg har argumentert for at "salmediktaren Elias Blix" først blir til i 1890. Heilt til da er nemleg forfattaren bak Nokre Salmar anonym.

Elias Blix var ikkje berre anonym som salmediktar, men også som avisskribent. Det var heilt vanleg i datidas avisverd.

Avismeldingane av Nokre Salmar var også stort sett anonyme. Men nokre meldarar har eg greidd å oppspore.

Den første meldinga av første heftet var Aasmund Vinjes i Dølen, sundag 28. mars (påskedagen) 1869.

Den neste stod i Dagbladet fredag 2. april, underteikna med merket o. Eg har før skrive:
Denne signaturen er, så vidt eg veit, ikkje identifisert. Meldaren, som presenterer seg som "ældre Lærer," vil "især anbefale denne Bog til Lærere og Forældre." Han legg stor vekt på det pedagogiske potensialet i salmane: "Dette forjætter en rig Velsignelse, at Barnet faar lære Troens Sandheder paa sit eget maal." Til slutt gjev han att "Den Veg til Livet er so trong," som ei prøve på arbeidet til "vor nationale Salmedigter."
I dag kan eg identifisere o.: Det er ingen ringare enn lærar, kyrkjesongar og stortingsmann Jørgen Olafsen (1817-1893), fødd på Dovre, men utflytt til Romsdal, grunnleggjar av den tidlege og viktige skolelærarforeininga i Romsdal og leiande ideolog i lærarrørsla. På Stortinget møtte han, med eitt unntak, i kvar einaste periode i tida 1859-1888. Det går fram av eit brev frå Olafsen datert "Storthinget den 7de Mai 1884" (privat eige, Leiv-Erik Blix Bondevik) at det var han som skreiv meldinga i 1869.

Reidar Djupedal (og Tove Bull) nemner at
I "Svein Urædd" 1869 (nr. 13, 31. mars), skreiv John Klæbo (anonymt) ei rosande melding om "Nokre Salmar".
Vidare blir det fortalt at
I "Svein Urædd" 1870 skriv F. P: ei lang og noko høgtidleg utgreiing om Blix-salmane etter at andre heftet var kome.
F. P. er ingen annan enn John Klæbo på ny. Han hadde fleire merke som han skreiv under både i Dagbladet og i Svein Urædd. Dei to merka F. P. og S. G. nemner han i eit brev til Henrik Krohn 15.04.1870 (UB Bergen, Ms 493.a.9). Det må vere 1870-meldinga både Blix og Klæbo sjølv har omtala i andre samanhengar.
# lagt inn 8.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.4.05

17. mai-flagg 



Med helsing til Oslo bystyre.
Jfr. Aftenposten.
# lagt inn 7.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17. mai-gudsteneste 

"Gudstjenesten i Oslo Domkirke 17. mai blir i sin helhet på nynorsk, for første gang.

Årsaken er at nylig avgåtte biskop Gunnar Stålsett og nåværende domprost Olav Dag Hauge svarte positivt på en forespørsel fra Nynorsklaget."

Les meir i Aftenposten
# lagt inn 7.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tekstfunn 

Eg har ein yrkesskade med meg frå arbeidet mitt med semittiske språk og jødisk arkeologi. Ingen ting gjev meg større glede enn funn av nye (det vil seie gamle) tekstar. I dag kan eg presentere eit nytt funn frå Blix-arkeologien.

Eg har bladd gjennom Luthersk Kirketidende i dag, i håp om å finne ei gløymd bokmelding av Nokre Salmar. Det fann eg ikkje. Men eg fann dette, på s. 76-78 i band 15 (1884):
Bibel og Videnskab.

Af Prof. Blix's interessante Foredrag om Udgravningerne i Assyrien, som han nylig har holdt i den theologiske Forening i Kristiania, hidsætter vi med Forfatterens Tilladelse nogle Smaastykker, som eksempelvis viser, hvorledes de assyriske Indskrifter oftere stadfæster omtvistede eller anfegtede bibelske Udsagn.

1. I 1 Moseb. 10,22 kaldes Assur Sems Søn, og derefter skulde da det Assyriske være et semitisk Sprog; men dette havde de Lærde været omtrent enige i at benegte paa Grund af de bekjendte assyriske Egennavnes Form: Tiglathpileser, Sanherib, Asarhaddon, Sardanapal - hvem kunde vel heri finde nogen Lighed med hebraiske Navne? Da lykkedes det Franskmanden Botta i en assyrisk Indskrift at stave Ordet a-na-ku, der var oversat med det persiske adam (jeg); det lød jo næsten ens med det hebraiske anoki (jeg). Ligesaa fandt man, at Ordet "stor" i Assyrisk hed rabu, ligesom det paa Hebraisk heder rab. Der var altsaa al Grund til at anse det Assyriske for semitisk, og det blev da ogsaa senere fuldkommen stadfæstet. Folketavlen (1 Mos. Kap. 10) skulde dog tilsidst faa Ret!
Bladet gjev att ytterlegare tre punkt frå føredraget. Du kan lese heile her. Teksten er ikkje lang, men fordi den vitskaplege produksjonen til Blix er så avgrensa, er den høgst interessant. Det vesle stykket fortel ein hel del, mellom anna
  1. at Blix las akkadisk ("assyrisk") og følgde med i det heilt nye forskingsfeltet assyriologi. Lærarane hans, professorane Holmboe og Broch, hadde nok vore borti emnet. Men det spørst om ikkje Blix var den første som studerte emnet nokonlunde inngåande her til lands. Eit interessant spørsmål er om han sjølv kunne lese kileskrift, eller om han var avhengig av transkripsjon. Det veit eg ikkje. Den fremste norske assyriologen høyrer til neste generasjon: Jørgen A. Knudtzon (1854-1917) gav ut dei akkadiske breva som var funne i Amarna i Egypt.
  2. at Blix som gammaltestamentleg teolog var høgst tradisjonell og konservativ, ein trufast elev av læraren sin, Caspari. Føredraget er som ei "preprint"-utgåve av ei apologetisk bok som har vore populær i somme krinsar på slutten av det 20. hundreåret, "Men Bibelen hadde rett". Dei poenga Blix tar opp, er stort sett framleis gyldige. Men han (eller redaktørane av LK) dreg altfor omfattande konklusjonar.
  3. at Blix, sjølv i det turbulente året 1884, midt mellom oppropet "til Christendommens Venner", riksrett og Sverdrup-regjering, og sjølv med sin offentleg velkjende Venstre-sympati, var akseptabel i krinsen kring Luthersk Kirketidende (som stod professor Gisle Johnson nær, sjølv om Johnson no var ute av redaksjonen).
Les heile føredraget.
# lagt inn 7.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografiperformance 

I serien "Stader eg ikkje var": Bergens Tidende har sett teaterkritikar Jan Landro til å melde gårsdagens doktordisputas i medievitskap i Bergen. Det gjer han under tittelen "Når akademia danser for media." Kortversjon:
Doktordisputas over «Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge»
Performance
Regi: Jostein Gripsrud
Scenografi: SV-fakultetet, UiB
Hovedrolle: Knut Olav Åmås
Biroller: 1. opponent Toril Moi, 2. opponent Idar Stegane
Auditoriet, Ulrike Pihls hus
Terningkast 4
Elles blir Toril Mois rolleprestasjon vurdert som den beste. Noko seier meg at disputasen ikkje er heilt avslutta enno. Landro leverer nemleg følgjande finale, som neppe kjem til å få stå ukommentert:
En ting er helt klart etter denne disputasen. Tema var ikke boken som medium, noe Jostein Gripsrud har brukt som forklaring på at Institutt for informasjons- og medievitenskap inviterte Åmås til å disputere hos dem. Ingen fra det faget var heller opponent. Her er det snarere tale om at en av landets mest bevisste personlige merkevarebyggere (Åmås) skulle hentes til Gripsruds institutt for å bidra til merkevarebyggingen av det. Slikt skjer jo i kampen om studentene, doktorandene og pengene. Så kan man i ettertid lure på hvilket fag Åmås nå har fått doktorgrad i, og om det i fremtiden blir praksis ved UiB å godkjenne doktoravhandlinger uten en tese.
Les meir.
# lagt inn 7.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.4.05

Påskesalmar 

Det gjekk som det måtte gå, eg greidde ikkje halde lovnaden min. Blix sin produksjon av påskesalmar er så stor at eg ikkje har fått presentert alle til rett tid som "Dagens Blix". Som ei botsøving får du her ei samla oversikt over Blix-salmane til påskehelga:

66. Som den gyllne Sol kann brjota (Kingo)
67. Krist stod upp av Daude (Grundtvig)
68. Den Paaske er vel ljos og blid (Brorson)
69. Ljos yver Grav
70. Statt upp or Svevne
71. Upp, Hjarta, rør din beste Streng
72. Er her nokon, som vil høyra
73. I Edens sæle Sumar
# lagt inn 6.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Syrgjande, men alltid sæle / Er me, som paa Jesus tru.
Høyra me hans milde Mæle, / Stillnar Sut og Graat og Gru.
Naar vaart Hjarta kann seg lauga / Ljuvt i Ljoset fraa hans Auga,
Klaarnar alt, som fyrr var myrkt, / Sorgtung Hug vert still og styrkt.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 75

Visst finst det perler i den store 1891-produksjonen. "Syrgjande, men alltid sæle" ligg ikkje så tett på evangelieteksten som mange av dei andre nyskrivne salmane i denne utgåva, den er mindre kyrkjeårsbunden. Salmen kan gå rett inn på bedehuset. Den formidlar tankegods som er heilt sentralt i luthersk lekmannstradisjon. Og den fortener ei framtid i kyrkjerommet også.

Salmen står på nr. 469 i Norsk Salmebok, med nokre endringar. Den tredje strofen er sløyfa. Det er eit forståeleg val, den er ikkje så sterk. Endringane i første strofe er eg ikkje heilt glad for. Den oppussa versjonen i NoS lyder:
Syrgjande, men alltid sæle / Er me i vår kristne tru.
Når me høyrer Jesu mæle / stilnar sut og gråt og gru.
Endringa i andre line har vel rytmiske grunnar, tenkjer eg; dette er ein av dei få stadene der Blix snublar. Men den er dyrt betalt, det er leitt å miste allitterasjonane i "Høyra me hans milde mæle".

Dette er ein av dei Blix-salmane som har skifta tone fleire gonger i løpet av levetida si. Det gjer rom for eit par refleksjonar om tilhøvet mellom tekst og tone. Blix skreiv gjerne i tradisjonelle versemål, derfor er det mange av tekstane hans som kan fungere til fleire ulike tradisjonelle salmetonar. Sjølv har oppgjeve tonen "Kjærlighed er Lysets Kilde" som tone for denne teksten. Denne utovervende, nesten pompøse Lindeman-melodien (Norsk Koralbok 223) høver ikkje heilt godt til det innovervende, meir meditative, innhaldet. Landstads reviderte salmebok (1924) vil ha J. Crügers alvorstone "Jesus er mitt liv i live" (NoK 154). Også Nynorsk salmebok (1925) har denne som alternativ, men foreslår også "Herre Jesus, lat meg læra" - og meiner med det ein melodi av W. Wessnitzer som no ikkje lenger står i koralboka (Koralbok for den norske kirke 126b). Norsk Salmebok har, endeleg, den norske folketonen som òg er nytta til "Høyr, kor kyrkjeklokka lokkar" (NoK 575). Det er ikkje noko dårleg val. Men det kan hende at denne Blix-salmen er mellom dei som framleis ventar på tonen sin.

Vel, du skal vere bra interessert om du har fått med deg avsnittet foran. Det er på tide å utstyre salmekommentarane mine med lydfiler. Men det må bli i ein seinare arbeidsoperasjon, er eg redd.

Heile salmen.
Sundagens Blix.
# lagt inn 6.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.4.05

Blix på tur 

"Song i himmelsalar" i Nord-Noreg og på Sørlandet


"Dvergmål": Turid Spildo, Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisgard, Øyonn Groven Myhren (foto: Mari Bakke)

Turnéprogram:
27. april: Alstahaug kyrkje(Sandnessjøen) kl. 19.30
28. april: Ytteren kyrkje(Rana) kl.19.30
29. april: Gildeskål kyrkje kl. 19.00
30. april: Kjerringøy kyrkje kl. 19.00
1. mai: Bodø domkyrkje kl. 20.00

3. mai: Laget idrettshus(Risør), kl. 20.00
4. mai: Lyngdal kulturhus kl. 19.00

Meir om Dvergmål og "Song i himmelsalar".
Heimesida til Dvergmål.
# lagt inn 5.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.05

Dagens Blix 

Fred, det er eit fagert Ord, / Fullt av Ljos og Lukka
Fyr det Hjarta, som paa Jord / Saart i Strid maa sukka.
Fred fraa Gud i Barmen saar / Fell som Sol paa Engjer,
Skaper Liv og Von som Vaar, / Myrkret sunder sprengjer.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 74

Så er vi i gang med "evangelierima" til sundagstekstane att. Dette er eit av dei vellukka, som framleis har ein plass i salmeboka (NoS 447). Tilknytinga til evangelieteksten for dagen, Johannes 20,19-31 er klårast i det tredje og det siste verset. Men her er fleire trådar i den intertekstuelle veven til Blix, mellom anna til juleevangeliet i vers 2. Og så det karakteristiske vår-biletet i vers 1, det høver godt no i påsketida.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.4.05

R.I.P. 

Johannes Paul II R.I.P.
# lagt inn 2.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ljos yver Grav, Som oss Livsvoni gav,
Rann med Guds Son ifraa Daude.
Solrenning klaar Som den vænaste Vaar
Steig yver Gravstader aude.
Ljoset og Livet fyr alle Mann
Straalande upp med vaar Frelsar rann.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 69

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 2.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grunnlov 

Konkurransen er hard, men eg trur Ljubisa Rajic er den kommentatoren eg les med størst glede i Dag og Tid. Denne veka lanserer han eit forslag til ny grunnlov for kongeriket:
Så no er det på tide å tenkja over ein ny grunnlov for det nye hundreåret og den nye historia under parolen «All makt i betalingskortet». Etter å ha vore fagleg gift med Noreg i over førti år, og etter å ha gått gjennom alle ekteskapsfasar fram til den lukkelege to-syster-fasen med full forståing mellom ektefellane, tillèt eg meg å koma med eit forslag. Forslaget er kort, så det skal kunna lastast ned på mobilen som mp3-fil.
Det er verd å lese heile, men på denne plassen høver det å sitere religionsparagrafen:
§ 12 Religion
I Noreg rår det religionsfridom, og alle har rett til å tru på den norske krona, prisindeksen og Statistisk sentralbyrå.
Les meir i Dag og Tid.
# lagt inn 2.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.4.05

Aprilomvendinga 

Clemet vil ha meir nynorsk
Utdanningsminister Kristin Clemet (H) vil nå krevje å få alle manuskript til talane sine skrivne på nynorsk. Ho vedgår at opninga av Senter for nynorsk i opplæringa i Volda onsdag er ein sterk inspirasjon til tiltaket.

Les meir i Utdanning - men merk datoen ...
# lagt inn 1.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Paaske er vel ljos og blid / Fyr deim, som kjenna Naadens Tid
Og saart med Syndi dragast!
For gjenom Jesu Grav me sjaa / At Englar fara til og fraa,
Og Sigers Kransar lagast.
Den Tid / Vaar Strid
Vel fekk Ende, / Sælt seg vende / Sorg og Saknad,
Daa Guds Son av Daude vaknad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 68

Brorson. Den første påskesalmen Blix sette på trykk i første heftet av Nokre Salmar (1869). Også trykt i Dagbladet påskeaftan, 27. mars 1869.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-, 1891-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 1.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?