<$BlogRSDUrl$>

30.10.04

Nesten i avisa 

I går var eg nesten i avisa. Det stod i det minste om boka vår, Dødehavsrullane. Når sant skal seiast, var det Torleif Elgvin, redaktøren for boka, avisa hadde intervjua. Men når det regnar på presten ... (nei, det gjekk ikkje, eg er jo prest sjølv. Men du skjønar poenget).

Les artikkelen i Vårt Land.
# lagt inn 30.10.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.10.04

Visitas 1848 

Det er blitt over midnatt, men eg MÅ publisere denne beretninga frå bispevisitasen i Gildeskål sommaren 1848:
Aar 1848 den 26de Juli afholdtes Visitats i Gilleskaals Hovedkirke. Sognepræsten holdt et ret udarbeidet Foredrag om Rom. 13,12 om Jesu Evangeliums høie Værd. Med Bøn begyndtes Katechisationen af ham, fortsattes af Kirkesangeren i Annexet, Lindbom, de omgaaende Lærere Hammer[?], Fredriksen, Peder Eliassen og Anders Jensen, hvorefter Visitator deltog deri og sluttede paa befalet Maade. Adskillige af Ungdommen svarede godt paa de fremsatte Spørgsmaale, men Flere fandtes mindre øvede i Tænkning. Læsningen i Bog fandtes for de Fleste temmelig god. Dagen forud var anstillet Prøve i den faste Skole, ved hvilken kun infandt sig 6 Piger og 1 Dreng, hvortil siden kom 2de. Læsningen i Bog var for de Fleste ikke god, Religionskundskab og Øvelse i Hovedregning noget bedre. Fem Skrivebøger fremlagdes, af hvilke dog kun den ene indeholdt Sammenskrift. Kort efter Tjenesten i Kirken afholdtes det anordnede Møde, ved hvilket samtlige anordnede Medlemmer indfandt sig. Før Mødet vare efterseede Sognepræstens 2de og begge Kirkesangernes Ministerialbøger, Sognepræstens Journal og Kopibog, Hovedkirkens Regnskabsprotocol, med hvilken nogle Bemærkninger mundtlig meddeltes, begge Skolevæsenets Forhandlings- og Referatprotocoller og fandtes i det hele taget ordentlig førte. Siden fremleveredes Fortegnelse over Udlaanene af Beyerens Almuebogsamling samt Skolejournalerne. Kirkerne flittig benyttes, Helligdagerne overholdes og Husandagt anvendes undtagen af enkelte Nybyggere i den øvre Deel af Beyeren. Med Hensyn til disse ansaaes det tjenligt, at Sognepræsten dels alene dels i Forening med sine Medhjælpere advarer dem, og, hvis saadan Advarsel ikke frugtes[?], da anmelde Vedkommende for den civile Øvrighed.

Ritual og Kirkeskikk efterleves.

Undervisningen besørges for Tiden af 4 omgaaende Lærere i Hovedsognet og 2 i Annexet. Dermed antages ethvert Barn at faae fra 3-5 Ugers Undervisning aarlig; men nu er derhos oprettet en fast Skole paa Klokkergaarden, hvor Kirkesangeren skulde holde fast Skole 3 Maaneder om Aaret. Derhos skal han holde Omgangsskole i 5 Maaneder og enhver Omgangsskoleholder ellers 30-40 Uger. Skolekassens Forfatning tillod ikke for Tiden at forøge Undervisningstiden mere, men dette haabes tildels b???det med en bedre Benyttelse af den faste Skole, naar denne er kommen vel i Gang.
Ingen Uconfirmerede over 19 Aar.

I Hovedsognet er endnu ingen Almuebogsamling oprettet, men i Beyeren findes en, den tæller 24 Bøger, som benyttes temmelig flittigt.

Fattigvæsenets Byrder erklæredes at være temmelig betydelige, da man foruden Legd in natura, nu ogsaa har begyndt med Ligning.

Kirken trængte udvendig Hvitning og Tjærebredning paa Taarnet, hvilket snart vil blive besørget. Hovedsognets Kirkegaard med Hegn og Port er i forsvarlig Stand.
Præstegaardens Huse erklæredes at være gamle og mere eller mindre skrøbelige, hvilket i Særdeleshed gjælder om Borgstuen og Kornladen, men Manglerne vilde forhaabentlig snart blive undersøgte enten ved en Anbudsforretning eller ved mindelig Overenskomst med den nærværende og forrige Sognepræst.

Den nye Skolebygning paa Indyhr, som fandtes hensigtsmæssig, fandtes at trænge til Reparation paa Taget, hvilket Skolekommissionen anmodedes om at faa iværksat. Iøvrigt har Kirkesangeren begyndt med at opføre nye Huse paa Klokkergaarden, hvis Huse ved hans Tiltrædelse vare i yderst daarlig Forfatning, forsaavidt de kunne kaldes Huse.

Præstestuen i Beyeren erklæredes at være i god Stand.

Ingen Klager eller Besværinger. Andragender fra et Par Skolelærere om forøget Skoleløn henvistes til Skolekommissionens Afgjørelse, hvorefter Protocollen undertegnedes.

Kjerschow. Jønsberg. Peter Andr. Berg. Anders Jensen.
O. Petersen. S.[?] E. Klykken. Ole Larssen Storjord
Holger Morritsen Soløe m.p.p., Hans Jørgensen Kjelling m.p.p., John Johnsen Horsdahl m.p.p.
---------
Statsarkivet i Trondheim, Prosten i Salten, Visitasprotokoll 1840-1849, folio 59b-60a
Her er svært mykje spennande, og framandt, stoff. For eigen del har eg vore mest oppteken av kva beretninga fortel om skolen. Her har det skjedd ein del på sju-åtte år, sjølv om skoletida framleis er kort. Men legg òg merke til praktiseringa av kyrkjetukt i Beiardalen. Interessant er "Almuebogsamlingen" i Beiarn. Den fekk ikkje noko langt liv, alt ved prostevisitasen året etter heiter det at samlinga "af Mangel paa Interesse for Sagen fra Almuens Side maa betragtes som ophøret."

Eg kjenner ikkje alle underskrivarane, og er i tvil om fleire av namna. Men Kjerschow er i alle fall bispen, Jønsberg prosten og P. A. Berg soknepresten (konfirmantpresten til Elias Blix). Klykken er kan hende lensmannen, og dei andre er vel helst formannskapsmedlemer og prestens medhjelparar, tenkjer eg. Beiarn er framleis anneks under Gildeskål, gardane Storjord og Soløy ligg begge der i bygda.
# lagt inn 29.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.04

Heim 

Nidarosdomen

Berre for å prove at eg har vore der: Nidarosdomen, sett frå Studentersamfunnet (nei, nei, det er ikkje DER eg har vore, men Statsarkivet ligg i nabobygningen).

Busshaldeplassen utanfor Erkebispegarden ber forresten det klingande namnet "Prinsen kinosenter". Eg trur det fortel meg eit eller anna, men eg veit ikkje om eg har lyst til å finne ut kva.

Visitasberetningar frå Gildeskål på 1840-talet er den hittil beste kjelda eg har funne til Elias Blix' skolegang - om enn indirekte. Elles har eg brukt dagen på dei to kallsbøkene som er bevarte frå Gildeskål, nokre kyrkjebokoppslag og heimreise til Enebakk. Eg skal til Trondheim att i midten av desember, held fram der eg slapp da.
# lagt inn 27.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.10.04

Visitas 

Nei, det er ikkje bispevisitasen i Enebakk førre veka eg tenkjer på, eg slapp helst billeg unna den.

Men dag 2 i Trondheim har stort sett gått med til å lese visitasberetningar frå Gildeskål i 1840-åra. Dei ligg i Statsarkivet.

Ein liten nedtur i dag. Det finst ingen skikkeleg katalog verken til Gildeskål sokneprestarkiv eller til prostearkiva for Salten/Søre Salten (prostiet vart delt i 1850), noko som gjer leitinga mykje vanskelegare. Men visitasprotokollen har eg altså funne. Prosten skulle i prinsippet visitere alle prestegjeld kvart år, biskopen kvart tredje. Ingen av dei greidde heilt å nå dei måla, men protokollane gjev nesten årvisse rapportar om tilstanden i kyrkje og skole - ikkje minst det siste.

Eg er nøydd til å revidere ein del ting eg har trudd. Med utgangspunkt i skolestatistikken frå 1840 har eg meint at Elias Blix begynte i ein 1700-talsskole, der ingen elevar lærte å lese eller skrive. Men det skjer mykje med skolen i Gildeskål i løpet av dette tiåret: Talet på lærarar aukar frå fire til seks, det blir innført undervisning i skriving og rekning, det blir oppretta fastskole på Moldjord i Beiarn, seinare òg på klokkargarden på Inndyr i Gildeskål. I Beiarn får dei til og med oppretta ei "Almuebogsamling," med ein bestand på 24 bind i 1848. Så langt var ein ikkje komen i Gildeskål. Og den første læraren med utdanning kjem til bygda: Bodøguten Hans Hansen, seminarist frå seminaret på Trondenes, tek over som lærar og kyrkjesongar etter Helge Helgesen (som vart sjuk, spedalsk, heiter det) i 1846.

Så var det kan hende ikkje "den ALLERtarveligste Skoledannelse" Elias Blix fekk med seg likevel. Noko tok til å hende i norsk skole, og han er sjølv eit produkt av denne utdannings- (ja, kva skal vi kalle det? "Utdanningseksplosjon" er for sterkt). Men framleis (1848) er det årlege skoletilbodet berre 3-5 veker for kvar elev.
# lagt inn 26.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.10.04

Dagens Blix 

Statsminister Richter
Stockholm

Kan absolutionssagen sikkert ventes afgjort lørdag?

Isåfald trykker vi strax resolutionen, dateret 4 december.

Blix.
---------------------
Telegram frå statsråd Elias Blix, Kristiania, til statsminister Ole Richter, Stockholm, onsdag 01.12.1886

Eg kom til Trondheim med nattoget, og i dag har eg vore på Gunnerusbiblioteket, for det meste for å sjå i privatarkivet etter Ole Richter. Det svarar til forventningane. Eg rakk gjennom store delar av sakarkivet frå regjeringa Sverdrups tid i dag. Eg kjem att i desember. Då skal eg leite meir i den omfattande korrespondansen. Brevarkivet til Richter fyller meir enn 20 boksar.

Telegrammet skal lesast saman med eit utolmodig brev frå Blix datert 22. november 1886. Han ventar på ei endeleg avgjerd av "2 Sager om Skriftemaal og om den nye Høimesseliturgi". Det var Jakob Sverdrup som hadde sett i gang dei store liturgireformane medan Blix var i Stockholm (eitt år, frå sommaren 1885 og til sommaren 1886). Men no er det Blix som skal føre dei i mål.

Ein blir god med kopimaskin, om ikkje anna. Ein stad rundt 400 sider i dag, mellom anna hovudoppgåva til Tove Bull. Den har eg gledd meg til. Dessutan har dei mykje rart her av lokalhistorisk og slektshistorisk litteratur, og mykje gammalt. Skår i gleda: Dei fann ikkje att tidsskriftet Den norske Folkeskole i magasinet. Eg får prøve Hamar i staden.

Trondheim ser elles ut som byen alltid har gjort, med unnatak av eit stort hol i Nordre gate (det manglar eit kvartal eller noko). Ikkje mykje liv i sentrum på ein måndagskveld. I morgon er det Statsarkivet som står for tur.

Torsdagens Blix.
# lagt inn 25.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.10.04

Heilage skrifter 

Eg må jo hugse å nemne at boka vår med eit utval tekstar frå Dødehavsrullane er komen! Eg fekk den i posten i går. Det er ikkje så ofte eg figurerer på eit tittelblad, så eg siterer dette:
Verdens hellige skrifter

Dødehavsrullene

Utvalg og innledning ved Torleif Elgvin

Oversatt av Anders Aschim, Torleif Elgvin, Rolf Furuli, Gunnar Haaland, Årstein Justnes og Hans Kvalbein

De norske bokklubbene 2004
# lagt inn 24.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Trondheim 

I kveld (eller rettare: i natt) reiser eg til Trondheim. Nei, der har Elias Blix aldri budd. Men kyrkjeleg og offentleg arkivmateriale frå Gildeskål ligg i Statsarkivet i byen, og på Gunnerusbiblioteket har dei Ole Richters privatarkiv.
# lagt inn 24.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir Hamsun 

og meir Kolloen: Meldingar kjem i bøtter og spann, men den eg har hatt mest glede av er nok Terje Borgs i Vårt Land. Den begynner slik:
En vårdag for 4 år siden kjører Ingar Sletten Kolloen de lange rulletrappene fra Stortinget t-banestasjon opp til dagslyset på Karl Johan. Han tenker på Knut Hamsuns slips under Nobelmiddagen i 1920.

På vei over Egertorget stopper han og åpner veska som han bærer på. Sist han sjekket at prosjektbeskrivelsen lå i det midterste rommet, satt han på t-banen.
Han er nervøs og spent. Hans yngste datter ønsket ham lykke til i dag morges. Hun hadde puttet et rødt eple i jakkelommen hans. Han spiste det på toget fra Lillehammer.

I dokumentmappen ligger også en bok han har skrevet. Den kritikerroste Tor Jonsson-biografien fra året før. Han hadde kikket i den på toget. Lest sine egne ord om ulykkelige, mystiske Jonsson.

Han hadde tenkt: De ordene er gode nok. De ordene kan ta på seg større oppgaver.
Ei empatisk Kolloen-lesing, med andre ord. Synd at redaksjonen har overspela poenget, gjennom å slå opp på første side at Kolloen får "smake egen medisin". Teksten tapte mykje på det.

Kolloen er i tillegg gjest i den karakteristiske Vårt Land-spalta "Min tro" i går. Den empatiske ingressen til dette intervjuet går slik:
Halvannen time er passert. Ingar Sletten Kolloen er kommet til romertall fire i den disposisjon han har lagt til grunn for å la seg intervjue av Vårt Land om sin tro: Modne år, heter punktet. Han er blitt familiefar. «Min tro» er blitt «vår tro».
Før den tid har han mellom anna handsama oppveksten sin i Kvam i Gudbrandsdalen. Opphavet til "bygdedyr-debatten" har mykje godt å seie om den, inkludert bedehuset. Eg kjenner meg forresten godt att i desse traktene, vi vikarierte som prestefolk i Nord-Fron eitt år.

Les meldinga.
Les intervjuet.
# lagt inn 24.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.10.04

Hamsun 2 

Så er Erobreren - band 2 av Ingar Sletten Kolloens mykje omtala Hamsun-biografi - på marknaden. Denne gongen er meldingane overstrøymande. NRKs Tom Egil Hverven
mener Kolloen overgår seg selv som forteller. Bind to, "Hamsun - Erobreren" er en svært godt fortalt og vel begrunnet historie om et eksepsjonelt menneske.
---
Fremdeles er han forbausende godt informert om hva som skjer inne i hodet til mange av personene han skriver om. Men han tar seg bedre tid til å fortolke kildene og ta stilling, særlig i de mange versjonene som finnes av prosessen mot Hamsun.
Aftenpostens Terje Stemland gjev attesten: "Ingar Sletten Kolloens kjempeløft, "Svermeren" og "Erobreren", rager over det meste som er blitt og trolig vil bli skrevet om Knut Hamsun." I Stavanger Aftenblad meiner Eirik Lodén: "Elegant sluttført."

Meir kritisk, og meir interessant, er Espen Søbye i Dagbladet:
I dette bindet er det politikken som står i sentrum. Var han en ekte og overbevist nazist? Inneholdt romanene hans også denne avskyelige ideologien?

Det er slike spørsmål en Hamsun-biografi er forventet å skulle svare på. Skjønt svare og svare. Forholdet mellom politikk og estetikk, mellom forfatterens verdensanskuelse og budskap og mening i romanene, er naturligvis et så vanskelig spørsmål å utrede at det lønner seg med noen forbehold.

Men siden Kolloen har valgt fortellingen, blir det lite rom for å drøfte dette spørsmålet, gi argumenter for og imot. Det har i grunnen ført til at på dette avgjørende punktet er boka et tilbakeskritt for eksempel i forhold til Robert Fergusons biografi fra 1988 og Ståle Dingstads bok fra i fjor, for bare å nevne et par. Hos Kolloen er det i virkeligheten er gammelt poetokratisk standpunkt som hevdes. Kunsten står over politikken, slik kunstneren står over borgeren.
# lagt inn 21.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sjef 2 

Bibelselskapet: "Styret i det Norske Bibelselskap har ansatt Stein Mydske som ny generalsekretær etter Gunnleik Seierstad som slutter 1. februar neste år."
# lagt inn 21.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

165 år 

Måndag 21. oktober 1839 omkom Peder Christophersen, far til Elias Blix, i ei arbeidsulukke. "Døde pludselig ved at falde fra et Berg," har presten notert i merknadsrubrikken i kyrkjeboka. Jordfestinga fann stad sundag 3. november.
# lagt inn 21.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sjef 

Det Norske Samlaget:
Styret i Det Norske Samlaget har tilsett Nina Refseth som ny forlagssjef etter Audun Heskestad. Ho blir den første kvinnelege forlagssjefen i Samlagets historie.
BlixBlog gratulerer.

Les meir.
Bok og samfunn.
Dagsavisen.
Aftenposten.
Klassekampen (som Samlaget og Refseth har brukt mykje tid på å dementere etterpå)
# lagt inn 21.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 15,5
Eg er Vintreet, de ero Greinerna; den, som vert verande i meg, og eg i honom, han ber myki Frukt; for utan meg kunna de ingen Ting gjera.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 21.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.10.04

Skolemateriell 

Lærebøkene var fastsette i Plan, hvorefter Undervisningen og Disciplinen i Almueskolerne paa Landet skal indrettes av 1834. Hovudboka var Luthers lille katekisme. Dessutan nytta ein den velkjende katekismeforklaringa til Pontoppidan, Sandhed til Gudfrygtighed, anten i original eller i ei forkorta utgåve. I tillegg nemner planen professor Herslebs lærebok i bibelhistorie, og ei lesebok "efter Biskopens Bestemmelse". Dette var bøker kvar elev skulle ha. I tillegg bestemte skolelova av 1827 (§ 14) at "enhver Skole bør være forsynet med en Bibel, et Nytestament, en Psalmebog, en Postil, et Exemplar af Kongeriget Norges Grundlov, samt af Loven om Almueskolevæsenet og en Regnebog." Rapportane i 1837-statistikken om manglande skolebøker syner at heller ikkje på utstyrssida prioriterte ein skole særleg høgt i Gildeskål. Det einaste som ikkje mangla i skolekista til dei fire omgangsskolelærarane, var skolelova! Oppgåva frå Gildeskål fortel at ein manglar 4 biblar, 40 nytestamente, 40 salmebøker, 4 postillar, 4 grunnlovseksemplar og 4 regnebøker. Talet 4 gjev eitt eksemplar til kvar av dei fire lærarane i prestegjeldet, talet 40 gjev fire "klassesett" på ti bøker. Om det i det heile fanst nytestamente eller salmebok i skoleutstyret, kan ein ikkje lese av statistikken. Av prestegjelda i Salten prosti er det berre Saltdal som merkar seg ut med manglar i ein liknande skala. Her kan ikkje læraren ha hatt høve til stort anna enn å "stille Pontoppidans spørsmål og gi Pontoppidans svar" (slik eg nett har sitert E. Edvardsen).
# lagt inn 20.10.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fagkrinsen 

"Menighetsskolens tid" har Brynjar Haraldsø kalla dei første hundre åra i historia om allmugeskolen i Noreg. Den første landsomfattande forordninga om skolen kom i 1739, tre år etter at konfirmasjon var blitt obligatorisk. Allmugeskolen var for konfirmasjonsførebuing å rekne, med kristendomskunnskap og lesing som sentrale fag, skriving og rekning som valfrie. Lova av 1827 gjorde skriving og rekning obligatorisk, og nemnde dessutan song – etter salmeboka – som del av fagkrinsen. Men det ser ikkje ut til at denne skjerpinga fekk så mykje å seie i praksis. Det var eit fåtal vidarekomne elevar som fekk opplæring i skriving og rekning. I Gildeskål var det ingen elev som fekk undervisning i noko av desse faga, verken i 1837 eller i 1840 (dei to åra finst det nasjonal skolestatistikk for, den neste er for 1853). Det tyder på eit heller lågt ambisjonsnivå for allmugeskolen. Det var nok mange stader det mangla rekneundervisning, men alle dei andre prestegjelda i Salten prosti hadde i det minste nokre få elevar som fekk skriveopplæring – med unnatak av Hamarøy (i 1837) og Lødingen (i 1840). Her er det verd å merke seg følgjande resonnement frå den lange innleiinga til den nasjonale skolestatistikken for året 1837:
Den slutning med hensyn til Lærernes Dygtighed, som man af disse Talangivelser har uddraget, lader sig ikke numerisk opgive, men vist er det, at der fandtes enkelte Districter, især i de nordligste Præstegjelde af Riget, hvori intet Skolebarn var kommet videre end til Læsning og Christendomskundskab, fordi Skoleholderen selv hverken forstod at skrive eller regne.
Med andre ord: Statistikkskjemaets spørsmål om kor mange elevar som fekk undervisning i desse faga, var – til ein viss grad – eit lurespørsmål, som i røynda gav informasjon om kvaliteten på lærarane. Med atter andre ord: Mykje tyder på at lærar og kyrkjesongar Helge Helgesen sjølv ikkje var i stand til å skrive og rekne – i alle fall ikkje godt nok til å lære det frå seg til andre. No kan det nok hende at ein slik konklusjon er forhasta. Det høyrde nemleg med mellom pliktene til kyrkjesongaren å skrive av opplysningane frå kyrkjeboka i ein duplikatprotokoll, og denne klokkarboka er for Gildeskåls vedkommande sirleg ført frå 1820 og utetter (sjølv om ein skal ikkje utelukke at ein annan enn kyrkjesongaren kan ha ført protokollen). Men ein kan i det minste slå fast at verken kyrkjesongaren, som i tillegg til sjølv å vere lærar hadde ansvar for opplæringa til kollegaene sine, eller soknepresten, som var høgste lokale autoritet i skolespørsmål, prioriterte skrive- eller reknekunsten særleg høgt.
# lagt inn 20.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skolegang 

Som sjuåring (eller kan hende var han åtte) begynte Elias Blix Pedersen på skolen. I ein av dei få sjølvbiografiske notisane han har etterlate seg, skriv han at "mine Forældre kun kunde skaffe mig den allertarveligste Skoledannelse". Var allmugeskolen verkeleg så "tarvelig" som han vil ha det til, eller er dette helst eit retorisk verkemiddel i konstruksjonen av den sjølvhjelpne bondestudenten?

Arbeid for det felles levebrødet til hushaldet fylte mykje av kvardagen til allmugebarn på 1800-talet. På den andre sida tok skolen langt mindre av tida og merksemda til barnet og hushaldet enn seinare. Frå eit lokalsamfunn endå lenger nord i landet rapporterer Edmund Edvardsen (s. 65-66):
1840-årenes skoleprotokoller viser at skolen la lite beslag på levebrødets ressurser. Og den fikk også lite. Som en slags vagabond rak han rundt, læreren. Han var en sjelden og nokså tilfeldig foreteelse. Kanskje kom han, kanskje ikke. Kanskje kom elevene, kanskje ikke. Læreren var en slags omstreifer. Sang en "psalme" eller to, lærte fra seg noen bokstaver, lukket øynene i fadervår, stilte Pontoppidans spørsmål og gav Pontoppidans svar. Til slutt formante læreren, pekte mot himmelen, og dro til neste gård.
Det var omgangsskole i Gildeskål, slik det var dei fleste stader på landsbygda i Noreg. Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet frå 1827 bestemte rett nok at det skulle vere fast skole ved alle hovudkyrkjer (§ 2), men det gjekk svært seint å få gjennomført denne reforma. Læraren reiste frå gard til gard, budde der nokre dagar og heldt skole, og reiste så vidare. Elevane hadde skoleplikt frå dei fylte sju år og til dei vart konfirmerte – "naar Sognepræsten finder det fornødent, at de søge Skolen saalænge" (§15) – men berre i den tida det vart halde skole på gardane i den roda der bustaden høyrde til. Gildeskål prestegjeld, som omfatta Gildeskål og Beiarn sokn, var delt i fire skoledistrikt med kvar sin lærar. I Nordre distrikt hadde dei kyrkjesongaren Helge Helgesen (1785-1854), grandonkel og gudfar til Elias Blix Pedersen, som lærar. Han heldt skole tjue veker i året, og dei skulle delast på fem roder. Kvar elev fekk altså fire veker skolegang pr. år. Det er eit undervisningstilbod langt under det som var fastsett i 1827-lova, nemleg "at hele Præstegjeldets Ungdom i det mindste 3 eller, hvor dette maatte findes ugjørligt, 2 Maaneder om Aaret kan vorde underviist" (§ 6). Og det er berre halvparten av landsgjennomsnittet, endå sjølv dette låg i underkant av lovas minstemål: 8,1 undervisningsveker pr. elev i omgangsskolar på landet (1840). Men for nordnorske tilhøve var elevane i Gildeskål heilt representative. Ein gjennomsnittselev i "Nordland og Finnmarken" fekk 3,9 veker undervisning i året.
# lagt inn 20.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 14,26
Men Maalsmannen, den heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt Namn, han skal læra dykker alle Ting og minna dykker um alle Ting, som eg heve talat til dykker.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Ord for dagen:
Maalsmann, m. Talsmand (Sv. målsman); f. Ex. En som fremfører en Beilers Ærinde.
Ivar Aasen, Norsk Ordbog (1873)
Og dette vart altså den nynorske løysinga på problemet "parakleten" i Johannesevangeliet. Seippel (1920) har rett nok "Tals-mannen", men både Fyrebilsbibelen (1921) og Indrebø-bibelen (1938) held på "målsmannen". Men sidan 1978 har han vore "talsmann", som i bokmål. Det greske ordet parakletos er fleirtydig, ein kan gje det att som "hjelpar, trøystar, talsmann" og jamvel "advokat".

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 20.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.10.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 14,1-6
Dykkar Hjarta ræddest ikkje! tru paa Gud, og tru paa meg!
2 I min Faders Hus er mange Rom; men um ikkje so var, vilde eg hava sagt dykker det. Eg gjeng burt til aa reida dykker Bustad.
3 Og naar eg er gjengen burt og heve reidt dykker Bustad, kjem eg atter og vil taka dykker til meg, at de og skulo vera der, som eg er.
4 Og kvar eg gjeng, det vita de, og Vegen vita de".
5 Tomas sagde til honom: "Herre, me vita ikkje, kvar du gjeng, og kor kunna me daa vita Vegen?"
6 Jesus sagde til honom: "Eg er Vegen og Sanningi og Livet; ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Eit par kommentarar til omsetjingsspørsmål:Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 19.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.10.04

Besteforeldre 

Farfar og farmor til Elias Blix, Christopher Olsen (1773-1837) og Ingeborg Pedersdatter (1777?-1831), hadde møttest på Strand i nabobygda Beiarn. Han var tenestegut på eine garden, ho var dotter på nabogarden. Dei gifta seg og etablerte seg på Våg i Gildeskål. Opplysningar om dødsår for desse to har eg aldri sett i sekundærlitteraturen, men i dag har eg funne det i kyrkjebøkene for Gildeskål:

Ingeborg fekk ikkje leve lenge nok til å sjå barnebarn på garden, dei hadde ført ho til graven tre månader før bryllaupet til Margrethe og Peder, foreldra til Elias Blix. Ho døydde 16. mars 1831, jordfestinga fann stad 17. april. Men Christopher lever framleis når Elias Blix blir fødd, om ikkje i beste velgåande, kan hende, han døyr den våren sonesonen er eitt år gammal, 1. [?] april 1837. Jordfestinga fann stad 23. april.

Det var ikkje så vanleg som vi ofte tenkjer oss å vekse opp med besteforeldre i nærmiljøet tidleg på 1800-talet. Levealderen var lågare enn i våre dagar (Ingeborg vart 52, ifølgje kyrkjeboka, eller kan hende 53; Christopher vart 63) og foreldre var nesten like seint ute med å setje barn til verda (Margrethe var 28 da Elias vart fødd). Eg er i gang med boka til Sølvi Sogner o. fl., I gode og vonde dagar: Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid (Oslo: Samlaget, 2003). Familiehistorie er ei form for "historie nedanfrå" som korresponderer godt med prosjektet mitt.
# lagt inn 18.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 13,34-35
34 Eit nytt Bod giv eg dykker, at de skulo elska kvarandre, at liksom eg heve elskat dykker, so skulo og de elska kvarandre.
35 Paa dette skulo alle kjenna, at de ero mine Læresveinar, um de hava Kjærleike innbyrdes".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 18.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.10.04

Derrida 

"Så kom den store dekonstruktøren til Jacques Derrida, også." Nekrologane over Derrida (1930-2004), som døydde laurdag 8. oktober, har vore mange i veka som var, både i internasjonal og i norsk presse. Her skal eg berre gjere merksam på kommentaren til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i Dag og Tid. Eg veit ikkje om den gode Bjørn i Stavanger vil kalle seg Derridas læresvein, men han har i alle fall lært mykje av han, jamvel som student under kateteret hans. Hen poengterer dette perspektivet:
Dekonstruksjonen, den går i grunn og botnar ut på vi i all språkbruk finn innhyst (eller nedfelt) djupe metafysiske føresetnader, grunnleggjande førestellingar om koss verda er og bør vere ordna. I og med at desse førestellingane er utematiserte og difor ikkje medvitne, så vil det òg vere slik at mangt av det vi held for å vere tilforlatelege ytringar – også i dei grunntekstane vi refererer oss til, filosofiske så vel som statens styrande tekstar – er bygd opp over uløyselege motseiingar. Difor kan filosofiske doktrinar heller ikkje forsvarast.

Det er lite lagt merke til at pied-noir-jødeguten frå Algerie ikkje berre står i gjeld til, men på ein viss måte gjekk rett inn i ein rabbinsk visdomstradisjon som dyrkar paradokset. ...
Les meir.
# lagt inn 17.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.10.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 13,1-5
Men fyre Paaskehøgtidi, daa Jesus visste, at hans Time var komen, at han skulde ganga ut or denne Verdi til Faderen: som han daa hadde elskat sine eigne i Verdi, so elskade han deim til Enden.
2 Og ved Kveldverden, daa Djevelen alt hadde skotet Judas, Simons Son, Iskariot, det inn i Hjartat, at han skulde forraada honom,
3 daa Jesus visste, at Faderen hadde gjevet honom alle Ting i Hender, og at han var komen fraa Gud og gjekk til Gud,
4 so reiste han seg fraa Kveldverden og lagde Klædi av seg og tok eit Linklæde og batt um seg.
5 Deretter slog han Vatn i eit Fat og tok til aa tvaa Føterne til Læresveinarne og turka deim med Linklædet, som han var umbunden med.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Syntaktisk er dette faktisk litt mindre komplisert enn gresken til Johannes, som har nytta ein serie partisipp-konstruksjonar og elles vekslar mellom aorist (ei fortidsform) og historisk presens. Til samanlikning, same avsnittet i Alexander Seippels Evangilja eller Fagnad-bodi etter Johannes (Kristiania: Bibelselskapet, 1920):
Det var strakst fyre paaske-høgtidi: Jesus visste at tidi var komi daa han skulde fara burt fraa denne verdi og heim til faren, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han dei til enden. (2) Daa dei heldt kveld-verd, og djevelen alt hadde skoti det i hugen paa Judas Simons-son Iskariot at han skulde svika han - (3.4) daa reiser Jesus seg fraa borde, og han som visste at faren hadde gjevi alt i hans hendar og at han var komen fraa Gud og gjekk til gud, han legg av seg kjolen sin, og tok eit hand-klæde og batt um seg; (5) so slær han vatn i vaskar-fate, og tok til aa tvaa føtan aat lære-sveinane og turke dei med hand-klæde som han hadde bundi kring live.
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 15.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.10.04

Disposisjon 

ELIAS BLIX: EIN BIOGRAFI

Del I
Prolog: Reisa (Magdeburger Bahnhof, Leipzig, ein oktoberdag i 1871)
1. Gildeskål (1836-1853)
2. Tromsø (1853-1859)
3. Kristiania (1859-1871)
4. Leipzig (1871-1872)

Del II
Prolog: Festen (Gamle Logen, Kristiania, 19. mai 1901)
5. Akademikar (1872-1884)
6. Statsråd (1884-1888)
7. Salmediktar (1888-1900)
8. Ikon (1900-1902)
-------------------

Slik ser den nyaste versjonen av disposisjonen min ut, med åtte hovudkapittel. Logikken i første hovuddel skulle vere klar. Bustadene representerer tydelege epokar i den første halvdelen av livet til Elias Blix, og reisemotivet er eit godt symbol: Den geografiske reisa er samtidig ei sosial, ei klassereise, men den fører hovudpersonen i eksil.

Den andre hovuddelen har eg streva meir med. Statsrådstida skiljer seg ut frå tida før og etter. Det rikspolitiske livet til Elias Blix var kort, men innhaldsrikt. Overskriftene over kapitla 5 og 7 treng derimot ei forklaring. Blix var da professor heilt til han døydde, og han skreiv da salmar lenge før 1888. Men poenget mitt er å få fram kva rolle han spela i det offentlege rommet gjennom siste halvdel av livet sitt.

For å ta hovudpoenget først og setje det på spissen: Salmediktaren Elias Blix blir til i 1890. I songboka Kirkeklokken, utgjeven av Birger Hall dette året, set Elias Blix for første gong namnet sitt under salmane sine. Heilt til da har forfattaren av Nokre Salmar halde på anonymiteten. Sjølvsagt var det mange som kjende til kven forfattaren var før den tid, men prinsipielt gjev det meining å hevde dette synspunktet (Elias Blix syner seg dermed som den perfekte forfattar for somme litteraturvitskaplege tilnærmingsmåtar: Han stiller seg ikkje i vegen for verket sitt). Det biletet vi i dag har av Elias Blix, er i høg grad ein funksjon av dei ti siste åra av livet hans. Før den tid bygde han seg opp som offentleg person på andre arenaer: Den akademiske og den politiske.

Eg har vurdert å kalle det 5. kapitlet "Ein professor", ein intertekstuell referanse til Johan Vibes En Professor: Fortælling (Kristiania: Cammermeyer, 1882), eit stykke satirisk (og for lengst gløymd) skjønnlitteratur der eg er overtydd om at Elias Blix har levert mange trekk til biletet av hovudpersonen (dette skal du få høyre meir om seinare, eg har noko kjeldegransking att). No vart jo Blix først professor i 1879, og han heldt fram med det etter statsrådstida. Poenget mitt er å vise at det var den akademiske karrieren han bygde opp i løpet av 1870-talet som gjorde han til offentleg person, og at dette var ein inngangsbillett både til den politiske og den litterære arenaen.

Som du kan hende har skjøna dersom du har vore innom BlixBlog i det siste: Eg har begynt med starten, og skriv for tida på kapittel 1. Kapittel 2 og store delar av kapittel 3 har eg skrive gjennom ein gong tidlegare, dei må endrast noko. Men eg må hengje i. Eg kappskriv med statistikar og medbratjist Kathrine (lærebok i statistikk). Avtalen er: Halve boka til nyttår ...
# lagt inn 14.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kjære Pastor Barstad!

Lad mig med disse Linjer faa ønske Dem et godt og velsignet nyt Aar og god Lykke med Deres prægtige lille Blad, maatte det faa mange nye Læsere i det nye Aar! Det er dog baade Synd og Skam, at de ældre Tingere skal vrage et saa godt Blad for Maalets Skyld, og ikke nok af nye komme isteden. Forhaabentlig maa dog dette snart rette paa sig, og navnlig faar vi haabe, at den kristelige Ungdom nu snart for Alvor maa komme med; der synes dog at være adskillige gode Tegn i den Retning. - Naar jeg er sammen med maalvenlige Folk, lægger jeg dem stadig paa Hjerte at støtte "St. St.", idet jeg efter Evne fremholder den store Betydning for Maalsagen af at have et godt religiøst Blad paa Maalet; og jeg har da tydelig mærket en stigende Erkjendelse heraf. Naturligvis gaar det ikke saa fort med at omsætte denne Erkjendelse i Gjerning; men det kommer nok efterhaanden, og navnlig maa som sagt den kristelig interesserede Ungdom her kunne gjøre meget. Altsaa godt Mod!
---
Jeg har gjort en liden Salme, som jeg har tænkt kunde passe til Epistelen paa Fastelavns Søndag (Efes. 5,25 ff); jeg sender den da hermed, om De skulde finde den brugbar for Deres Blad.

Med venlig Hilsen,
Deres E. Blix.

Kra. 2/2-98.
-----------------------
Stille Stunder 10/4, 19.02.1898

Den "vesle salmen", publisert på første side i bladet, er den med overskrifta "Kristi Brud" ("Den gode Gud / Ei Kyrkjebrud /Aat Sonen vilde vinna"), som seinare kom med i Salmar og Songar (1900). Den kjem vi attende til. I dag ville eg berre vise fram dette vesle dømet på synergieffekten mellom ulike måltiltak, her salmedikting og bladutgjeving. Elias Blix, kjend offentleg person, professor, eks-statsråd og salmediktar, stør Stille Stunder! Men sanneleg får han att for det òg, for i ingressen til brevet skriv Barstad:
Dr. E. Blix sin vene Salm paa fyrste Sida maa de gjeva Gaum etter, særleg alle Lærarar. Syng honom med Bornom! Aanei kor han treffer den innste Grunntonen i den kristelege Kjensla! Me sat her og song honom, Embets-Felagen im og eg, med Taaror i Augom. Eg maa tenkja: lat koma mange fleire slike Salmar, og lat dei verta sungne inn i Folks innste Hug, so hev Maalet vaart sigra. Men aa syngja deim inn i Hjarto maa de Lærarar hjelpa til med.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 14.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.10.04

Jostein Fet 

Sidan eg har nytta Jostein Fet si forsking temmeleg intensivt i dei føregåande meldingane, sømer det seg at eg gjer merksam på symposiet med utgangspunkt i forskinga hans som finn stad i Ivar Aasen-tunet dei næraste dagane (14.-15. oktober):
Avdeling for humanistiske fag ved Høgskulen i Volda inviterer med dette til eit to-dagars symposium, 14. – 15. oktober 2004 ved Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-tunet.

På denne måten ynskjer vi både å rette merksemd mot Fets banebrytande forsking og heidre han på etterskot i samband med 80-årsdagen i september. Programmet omfattar også ein open kulturkveld.
Les meir.
# lagt inn 13.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Barndomsheimsteologi 

Ein kan gjere seg mange slags refleksjonar med utgangspunkt i bokutvalet i Elias Blix sin barndomsheim.

Ein er av teologihistorisk art. Eit mykje brukt historieskjema opererer med epokane ortodoksi - pietisme - rasjonalisme for å skildre utviklinga av luthersk teologi i det 17. og 18. hundreåret. Medan ortodoksien legg vekt på å systematisere den rette læra, representerer pietismen ei subjektiv vending der den einskilde sitt religiøse liv, ikkje minst kjensleliv, vert sett i fokus. Rasjonalismen er eit teologisk opplysningstidsprosjekt, med appell til fornuften. Innføringa av konfirmasjonen (1736) og allmugeskolen (1739) er sett på som pietistiske prosjekt.

Av desse tre er det ortodoksien som er heilt dominerande på bokmarknaden, sjølv så seint som i 1840. Samtlege boktitlar i skiftet etter Peder Christophersen høyrer til denne epoken i teologihistoria. Og igjen, dette er ein normalheim, det er ikkje noko som helst påfallande med mengda eller utvalet av bøker, anten vi gjer samanlikningar på lokalplan eller på landsplan.

Dette funnet kan tolkast på fleire måtar. Det kan sjå ut til at pietisme og rasjonalisme hadde langt mindre gjennomslagskraft mellom folk flest enn ein gjerne har tenkt seg i ettertid, medan den ofte karikerte og utskjelte ("døde" eller "tørre") ortodoksien hadde nådd lenger inn til folk enn ein har trudd. Eg trur snarare at ein har overdrive kontrasten mellom ortodoksi og pietisme, og at kontinuiteten var sterkare enn brotet.

Ein annan observasjon gjeld den sjølvsagte plassen religiøs litteratur hadde i høgst vanlege heimar. Det fortel noko om ei tid da religion ikkje var skiljemerke mellom individ som var særleg religiøst interesserte og slike som var "sekulære", men da religiøs tru og praksis var ein sjølvsagt og naturleg del av livet i eit lokalsamfunn. Vi skal heller ikkje oversjå at dette langt på veg var eit pålegg frå høgare verdslege makter, ei arv frå eineveldets tid. Å ha gode, kristne og lydige borgarar var absolutt i sentralmaktas interesse. Det interessante er at dette prosjektet var så vellukka at det overlevde opplysningstid og 1814 i beste velgåande.

Sannsynlegvis ligg det nokre nøklar her til forståing av Elias Blix som teolog og salmediktar. Mange har streva med å plassere han inn i dei teologiske leirane i siste halvdel av 1800-talet. Han let seg ikkje rubrisere som pietist, heller ikkje som grundtvigianar. Kan hende går det an å seie at mange av salmane hans har eit før-pietistisk, gammal-luthersk preg, som korresponderer med ei svært utbreidd folkeleg religionsform, med meir av "oppdragingskristendom" enn "vekkingskristendom"?

Ein variabel som ikkje kjem fram i denne analysen gjeld tilhøvet mellom by og land. I kor stor grad er religionsform knytt til rural versus urban livsform? Korleis vert religiøse standpunkt påverka av sosial og geografisk mobilitet? Elias Blix bur i byar det meste av livet sitt. Men når han skriv songar, er det "barndomsminna frå Nordland" som kjem til uttrykk. Enn når han skriv salmar? Er han ein romantisk, tilbakeskodande eksilforfattar som lengtar attende til barndomslandet og barnetrua? I så fall må det ha vore mange som delte den kjensla med han, resepsjonen av salmane tyder på det.
# lagt inn 13.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lesestoff 

Frå skiftet etter Peder Christophersen, far til Elias Blix (død 1839, skifte frå året etter), veit vi noko om kva som fanst av lesestoff på Volden, heimstaden hans. Det er nemnt fleire bøker, og alt er religiøs litteratur: To huspostillar fanst det i huslyden, ei bønebok og fleire salme- og songbøker. Fleirtalet av norske heimar åtte bøker i denne tida, og det er ikkje noko påfallande verken ved mengda eller utvalet av litteratur i heimen på Volden. Den viser seg snarare som typisk. Fleire forskarar har nytta arveskifte som kjelde til kunnskap om lesevanane til tidlegare generasjonar. Den mest omfattande undersøkinga er Lesande bønder av Jostein Fet. I skifta frå Sunnmøre frå tiåret 1830-1839 fann Fet at det var registrert bøker i nesten 60 % av dødsbua. Alt 70 år tidlegare (tiåret 1760-1769) hadde prosenten passert 40. I Beiarn, nabobygda til Gildeskål, har Øystein Ringaker gått gjennom heile det tilgjengelege skiftematerialet frå 1700-talet og funne bøker i 1/3 av skifta. Og Salten-området låg i det heile ikkje noko etter Sunnmøre når det galdt spreiing av litteratur, snarare tvert om. Alan Hutchinson, som har undersøkt eit representativt utval skifte frå heile Salten futedøme gjennom 1700-talet, fann bøker i 60% av undersøkte dødsbu alt så tidleg som i 1790-åra(1).

Boktitlane som fanst på Volden var mellom dei mest populære, både i nærområdet og i andre delar av landet. Ein huspostill er ei bok som inneheld evangelietekstane for alle sun- og helgedagar i kyrkjeåret, med trykte preiker eller forklåringar til. På Volden hadde dei to. Den av Sjællands-biskopen Jesper Brochmand, utgjeven første gong i 1635-38 og seinare i mange opplag, hadde lenge ein heilt dominerande posisjon i Danmark-Noreg. Men den opphavleg tyske Evangeliske Hjerte-Speyl av Heinrich Müller (første danske utgåve 1711) vart endå meir populær(2).

Salmeboka var ei viktig og innhaldsrik bok, og mykje meir enn ei songbok. Her stod òg alle bibeltekstane og bønene som vart lesne i kyrkja gjennom året, og ei samling bøner til personleg bruk. Nokre utgåver inneheldt jamvel teksten til Luthers lille katekisme. På Volden hadde dei salmeboka til Thomas Kingo, utgjeven i 1699 med den offisielle tittelen Kirke-Psalmebog, og lenge einerådande i Danmark-Noreg. Men på 1800-talet hadde den to konkurrentar, Ove Guldbergs frå 1778, og Evangelisk-Christelig Psalmebog frå 1798. Skal ein setje teologiske merkelappar på dei, representerer Kingo den lutherske ortodoksien, Guldberg pietismen og Evangelisk-Christelig rasjonalismen. I Gildeskål kyrkje vart Guldberg innført [NÅR?]. Den inneheldt mellom anna mange av Hans Adolph Brorson sine salmar.

Dei hadde òg to andre songbøker i heimen, Siælens Luth av den trønderske diktarpresten Marcus C. Volqvartz og Catechismus-Sange av den nordlandske kollegaen hans, Petter Dass. Det er verd å merke seg at populariteten til herr Petter ikkje var avgrensa til Nordland. Av dei 1203 identifiserbare songbokeksemplara i materialet til Jostein Fet (s. 236) frå Romsdals amt og Øvre Telemark (1690-1839) kjem desse fire titlane på topp: 1. Petter Dass, Cathechismus-Sange (førsteutgåve 1715), 257 eksemplar; 2. Petter Dass, Evangelie-Sange (1722), 195 eks.; 3. Thomas Kingo, Aandelige Siunge-Koor (1674-81), 166 eks.; 4. Marcus C. Volqartz, Siælens Luth (1714), 97 eks. På 6. plass kjem Petter Dass, Bibelsk Viise-Bog (1711), med 48 eksemplar. I offisielle salmebøker kom Petter Dass først med i Landstads frå 1869. Men songane hans har altså vore svært populære gjennom heile 1700- og 1800-talet. Marcus Volqvartz' song "hev vore kjend yver heile Noreg, men mest Nordanfjells", ifølgje Rynning (1.124-125). "Dei originale songane er rike på bilete, fulle av barokke innfall og ofte prydde med akrostikon. Dei vart serleg populære, men lite tenlege til kyrkjebruk. Volqvartz nyttar helst verdslege tonar."

Den siste boka som er nemnt i skiftet etter Peder Christophersen er bøneboka Besværede Søe-Mænds søde Siæle-Roe (førsteutgåve 1730). Den anonyme forfattaren var Johan H. Heitmann, visstnok ein skippar frå Helgeland. "Sjymajnn," som boka heitte på folkemunne, var svært mykje i bruk mellom fiskarar. "Det var en meget yndet Bog, og neppe nogen Lofot-farer undlod at tage den med til fiskeværet," fortalde lokalhistorikaren Mikal Jakobsen (sitert etter Fet 221). Den høyrde altså med i Lofotkista til Peder Christophersen også. Undersøkingane til Hutchinson og Fet stadfestar at boka var svært populær mellom fiskarar, ikkje berre nordpå, men òg på Sunnmøre.

Det er ikkje nemnt noko om bibel eller nytestamente [ATTERHALD: Eg har ikkje sett skifteprotokollen sjølv enno, det kan vere at sekundærlitteraturen har utelate noko]. Det er ikkje påfallande. Postillen og salmeboka var langt meir utbreidd, og desse bøkene var dei viktigaste kjeldene til bibelkunnskap for folk flest, dei inneheldt jo eit stort utval bibeltekstar. Å eige ein bibel vart først vanleg seinare på 1800-talet, da Bibelselskapet gav ut og spreidde rimelege bibelutgåver. Meir påfallande er det at verken katekisme eller katekismeforklaring er nemnt. Dette var dei sentrale lærebøkene i skolen og konfirmasjonsundervisninga. No viser Fet (162) at katekismen sjeldan er synleg i skiftemateriale. Anten var boka så lita eller så vanleg at ein ikkje har brydd seg med å registrere den, eller behovet var dekt på annan måte. Pontoppidans forklaring inneheldt heile katekismeteksten, og mange utgåver av Kingos salmebok trykte den også.
Notar:
(1) Hutchinson 91: "Eie av bøker utviklet seg slik: I 1730-utvalget hadde 15% av bo bøker, i 1750- 25%, 1770- 50% og i utvalget fra 1790-årene 60%." Ein bør leggje til at utvalet til Hutchinson er langt mindre enn det til Fet, og at bøker berre er av underordna interesse i arbeidet hans.
(2) "Den mest utbredte postill [i Beiarn på 1700-talet] var dr. Müller. Brochmands postill var også vanlig," Ringaker, 86. "Vanligste [i Salten futedøme på 1700-talet] var postiller av en Dr.Møller og en Dr.Brochman," Hutchinson, 327. Kvantifiseringa hos Fet, 204 av funna frå 1690-1839 syner at desse to postillane var dei mest utbreidde i alle dei fire futedøma han har undersøkt. Fordelinga er slik: På Sunnmøre utgjer Müllers postill 54 % av det samla talet identifiserbare postillar, Brochmands 19,5 %. I Romsdal har Müller 50,5 %, Brochmand 27,3. På Nordmøre er tala 47,6 % til Müller og 33,1 % til Brochmand, og i Øvre Telemark 34,6 % Müller og 24,1 % Brochmand. I undersøkinga til Fet er materialet frå Sunnmøre det største og mest fullstendige, frå dei andre futedøma er det undersøkt eit mindre utval skifte som kontroll.
Sjå òg:
# lagt inn 13.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 12,24
Sannelege, sannelege segjer eg dykker: Dersom Kveitekornet ikkje fell i Jordi og døyr, vert det verande aaleine; men dersom det døyr, ber det myki Frukt.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 13.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.10.04

Kvensk 

Nordlys, i dag:
Lørdag ble Irene Andreassen historisk. Hun er den første kvenen noensinne som har levert en doktoravhandling om det kvenske språket. Den består av en analyse av navn på fisk og sjødyr i flere kvenske dialekter i Finnmark.

I sin doktordisputas ved Universitetet i Tromsø holdt hun et foredrag med tittelen «Ei framtid for kvensk språk?».
Les meir
# lagt inn 12.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lesekunne 

"Elias Pedersen var en opvakt Gut med Lyst til Bogen," skreiv Morgenbladet i nekrologen. Dei fleste anekdotane som er overleverte om barndommen og ungdommen til Elias Blix, gjeld tilhøvet hans til lesing og bøker. Dei eldste biografiske notisane stadfestar inntrykket av ein leseglad og kunnskapshungrig ung mann. Ein bør nok ikkje sjå bort frå at han sjølv har vore med på å forme dette biletet. Det er dessutan er eit fast element i standardforteljinga om den gåverike, men underprivilegerte bondestudenten som arbeider seg fram til kunnskap. Likevel, tradisjonen er så sterk og eintydig at det må liggje noko her.

Det begynte i heimen, og det var mora som var hans første vegvisar inn i lesinga si verd. I ein svært interessant, men lite kjend tekst har Elias Blix skildra den nordnorske bondekona slik:
Dessutan er dat Kona, som jamnast maa læra Borni at stava og lesa; dar sitja dei daa med Bøkerna sine framfyre Moderi, for at ho kann høyra og rettleida deim. Men skal ho inkje heftast i sitt Arbeid, lyt ho sjølv kunna Bøkerna godt; og difyre ero desse Folk tidt vonde paa dei nye Lærabøker, som brigda for mykit af fraa dei gamle, dei sjølv lærde.
Det er tydeleg at dette er ein situasjon Elias Blix kjenner av personleg erfaring. Men like tydeleg er det at han ikkje ser på si eiga mor som eineståande. Å ta seg av leseopplæringa til barna var ei plikt for ei god mor. Skolegang kunne det nok vere smått med, men såpass skulle ein i det minste ha med seg heimanfrå.

Denne haldninga var utbreidd i heile landet. I innleiinga til den nasjonale skolestatistikken for 1837 vert det nok klaga over at folk flest bryr seg lite om skoleundervisning. Men i neste setning må utgjevaren likevel innrømme at dei fleste foreldre sjølv tek aktiv del i undervisninga av barna sine. "Denne Hjælp fra Forældrenes Side skyldes imidlertid fornemmelig Mødrene, hvilke bringe deres Børn, førend de blive skolepligtige, mere eller mindre vidt i at læse i Bog, og siden, naar de ere indtraadte i Skolen, hjælpe og opmuntre dem," føyer han til. Blix og statistikaren er rørande samde om at denne undervisninga har sine klåre grenser i kva foreldra sjølv har lært, men òg om at utan foreldreinnsatsen hadde det verkeleg stått dårleg til med det allmenne kunnskapsnivået i landet.
# lagt inn 12.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 12,12-16
12 Dagen deretter, daa den store Mengdi, som var komi til Høgtidi, høyrde, at Jesus kom til Jerusalem,
13 tok dei Palmegreiner og gjekk ut imot honom og ropade: "Hosianna! velsignad vere han, som kjem i Herrens Namn, Israels Konge!"
14 Men Jesus fann eit ungt Asen og sette seg paa det, som det er skrivet:
15 "Ottast ikkje, Sions Dotter, sjaa din Konge kjem ridande paa ein Asenfole!"
16 Men dette skynade ikkje hans Læresveinar i Fyrstningi; men daa Jesus var herleggjord, daa hugsade dei, at dette var skrivet um honom, og at dei hadde gjort dette fyre honom.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 12.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.10.04

Dagens Blix 

"Stille Stunder"
Vort lille gudelige Maalblad "Stille Stunder" vil jeg paa det varmeste anbefale til Alle, som har Sands for god Læsning i ægte kristelig og ægte folkelig Aand. Bladet har efterhaanden leveret en fortrinlig Samling af smaa opbyggelige Afhandlinger, Fortællinger, Digte m. m., der maa glæde Enhver, som har Hjerte for sand Kristendom i ægte norsk Form. Udgiveren, Pastor Barstad, har aabenbart en meget betydelig Evne i Retning af saadan folkelig Kristendomsforkyndelse og dermed en vigtig Gjerning at udføre for vort Folk og navnlig for den norske Ungdom. Han har ofret megen Tid og Kraft paa Bladet, har holdt det gaaende i snart 6 Aar og har stadig gjort det bedre og bedre; særlig har han ogsaa arbeidet op sin evne til at skrive maalet stedse mere greit og flydende og folkeligt. Og derfor har han ærlig fortjent den Paaskjønnelse, som ligger i en større og større Udbredelse af hans Blad. -

Kristiania, Oktober 1894.

Dr. E. Blix
-------------
Stille Stunder 6/22 (1894), s. 88

Og Stille Stunder kjem framleis ut, 73 år etter at Johannes Barstad døydde. Denne attesten frå Elias Blix - på bokmål, det var sjeldan han skreiv brev på landsmål - prenta ein stolt Barstad på seinhausten 1894. Stille Stunder var publiseringsstad for mange av dei Blix-salmane som kom med i Salmar og Songar (1900).

Det vesle stykket fortel ein heil del om ideologiske og estetiske preferansar ("god Læsning i ægte kristelig og ægte folkelig Aand"). Ikkje minst merkar eg meg idealet om "at skrive maalet stedse mere greit og flydende og folkeligt" - eit estetisk program for forfattaren sjølv?

Eg fekk ein bunke lesefrukter frå Stille Stunder som bygåve frå Per Halse etter ein Bergenstur for ei lita stund sida (takk skal du ha, Per). Eg kjem til å dele eitkvart med deg etter kvart.

Fredagens Blix.
# lagt inn 11.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.10.04

Fotbaal (3) 

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive meir om dette, men i dag har ein ny tung aktør kome på banen: Biskop emeritus Per Lønning har fått ein preikestol i Morgenbladet (Herrens vegar er uransakelege), og denne helga nyttar han den til eit teologisk oppgjer med fotBa'al-prestane. Medspelarar av slikt kaliber skal ein sjølvsagt vere glad for, men dei har irriterande godt minne. Eg har vore naiv nok til å tru at assosiasjonen min av ballspel og gammal orientalsk kultus var ei språkleg nydanning i norsk, men der har eg sjølvsagt teke feil. Biskopen kan fortelje:
Jeg hadde i sin tid tilgang til et unikt historisk kildemateriale: biskop Eivind Berggravs høyst så berggravske referater fra embetsreiser i Østfold og Akershus, ført med egen hånd i den store protokollen han hadde liggende på fanget under visitasforhandlingene. Den forlegger som først sikrer seg utgiverrettighetene kan regne med litt av et scoop! Jeg husker tydelig Sarpsborg-notatet fra 1938: «Prost Sverdrup sier: ’Her i byen dyrker ikke folk gud Ba’al, de dyrker bare football’.»

Et bibelsk bilde av Skaperens jord vil minst av alt livsutfoldelse og livsglede til livs. Men spør om selvsamme bok er ute etter avgudsdyrkere!
Morgenbladet: "Bønnhørelse bak mål"
FotBa'al på BlixBlog:
# lagt inn 8.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nobelprisar 

Den Norske Nobelkomite, i dag:
Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.
Nei, eg hadde heller aldri høyrt om den kenyanske opposisjonelle miljøaktivisten, som "grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å planta 30 millionar tre." Men eg sluttar meg til gratulasjonen frå miljøorganisasjonen eg tilhøyrer.

Med det same tek vi med meldinga frå Svenska Akademin, i går:
Nobelpriset i litteratur år 2004 tilldelas den österrikiska författaren
Elfriede Jelinek
”för hennes musikaliska flöde av röster och motröster i romaner och dramer som med enastående språklig lidelse blottar de sociala klichéernas absurditet och tvingande makt”.
Her har ikkje min organisasjon uttala seg, og heller ikkje den til Elias Blix, så vidt eg kan sjå. Gratulerer likevel.

"Gyldendal forlag satt i forhandlinger med Elfriede Jelineks agent da Nobelprisen ble annonsert i ettermiddag," melder NRK Kulturnytt. Tru kor mykje marknadsverdien steig i løpet av dei minutta? Jelinek er ikkje tidlegare omsett til norsk - med unnatak av novella "Paula" (Solum forlag).
# lagt inn 8.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 11,49-52
49 Men ein av deim, Kajafas, som var Øvsteprest det Aaret, sagde til deim: "De vita ingen Ting.
50 Helder ikkje tenkja de paa, at det er oss til Gagn, at ei Menneskja døyr fyre Folket, og at ikkje heile Folket skal verta øydelagt".
51 Men dette sagde han ikkje av seg sjølv; men avdi han var Øvsteprest det Aaret, so spaadde han, at Jesus skulde døy fyre Folket,
52 og ikkje berre fyre Folket, men at han og skulde sanka Guds sunderspreidde Born saman til eit.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 8.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.10.04

Dagens Blix 

Nærværende Bog er det sidste Værk af den berømte Theolog Professor Dr. Franz Delitzsch; fra sit Dødsleie sendte han den ud som sit Testamente til sine Disciple og Efterfølgere i den gammeltestamentlige Skriftforskning. Den er den sidste fuldmodne Frugt af et langt Liv i indtrængende Studium og personlig Fordybelse i det profetiske Ord, og trods sin kortfattede Form byder den Læseren en rig Skat af Belærelse og Veiledning til en dybere Forstaaelse af den gammeltestamentlige Aabenbarings historiske Udvikling. Bogen udmærker sig lige meget ved Grundighed og Klarhed; overalt vil den kyndige Læser finde Vidnesbyrd om Forfatterens store Lærdom og Skarpsind og føle sig tiltalt af hans fine aandfulde Opfatning og klare Fremstilling.

Skjønt jeg anser en Anbefaling af Professor Delitzsch’s Bog for ganske overflødig, har jeg dog troet at skylde min uforglemmelige Lærer ved disse Ord at henlede de norske Theologers Opmærksomhed paa denne hans sidste skjønne Gave til os.

Oversætteren forekommer mig i det hele at have løst sin ikke saa ganske lette Opgave paa en tilfredsstillende Maade, og der er da al Grund til at vente, at Bogen ogsaa paa vort Sprog vil finde den Indgang, som den i saa høi Grad fortjener.

Kristiania i December 1891.

Dr. E. Blix
---------------------
Forord til Franz Delitzsch, Messianske Spådomme i historisk Rækkefølge; oversat af T. K. Staksnæs, prest; med Forord af Professor Dr. E. Blix; Kristiania: Th. Steens Forlagsexpedition, 1892

Til avveksling frå Johannesevangeliet, ein Blix-tekst eg kom over her om dagen.

Franz Delitzsch (1813-1890) var professor i Det gamle testamentet ved universitetet i Leipzig. Han var personleg ven av Kristiania-professoren i faget, Carl Paul Caspari, og han var ein av dei lærarane Blix hadde kontakt med under studieåret sitt. Delitzsch var kan hende den mest framståande konservative gammaltestamentlar i Tyskland på denne tida, med grunnlag i eit nøyaktig og dyktig filologisk arbeid med bibeltekstane. Han var dessutan svært oppteken av jødemisjon, omsette Det nye testamentet til hebraisk og skipa eit Collegium judaicum i Leipzig, der teologar møttest for å studere jødisk tradisjon.

Omsetjaren, Torjus Kristensen Staksnæs, veit eg ikkje så mykje om. Han var fødd i 1853, utdanna først som lærar, seinare som teolog (eksamen 1888), og hadde studieopphald i Tyskland i åra 1889-1891 (Berlin og Leipzig), med Det gamle testamentet som studiefelt. Men han vart kyrkjelydsprest, ikkje forskar. Mellom anna var han sokneprest i Ådal 1916-1922.

Gårsdagens Blix
# lagt inn 7.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.10.04

Professor 


Dagens gullkorn frå Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek er henta frå Verdens Gang 20. mai 1879. Under overskrifta En Bondegut Professor refererer Venstre-avisa stortingsdebatten og avrøystinga over forslaget den 12. i same månaden om å opprette eit ekstraordinært professorat i hebraisk øyremerka for Elias Blix.
# lagt inn 6.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Heideren 

Nei, lat oss samle oss om noko meir oppmuntrande enn 1 % meir moms. Denne hyllinga til Elias Blix i samband med sekstiårsdagen, til dømes. Eg fekk den sendande frå han Per Halse i dag:
Professor Dr. E. Blix fylte sitt sekstiande Aar no den 24de Februar. Seksti Aar er ein lang Livsbolk, og ein plar gjerne stogga ved eit sovoret Skifte og sjaa attende.

Me ser paa Dr. Blix sin Livsdag med Høgvyrdnad og Takk. Me takkar honom fyre det egte Arbeid, han hev gjort som Universitetslærar. Dei, som hev notet den Gleda aa faa sitja ved Lærestolen hans, gløymer ikkje det heilvaksne, klaare og reinskorne; men ogso djupe Foredrag. Det var ikkje Fyrverkeriforedrag, som sprakar ei Stund og sloknar. Det var eit Foredrag som den stille Aai, som utan Bram og Brask renn djupt i Dalen og sankar alle Bekkjer med i sitt Laup. Og lydde du vel etter, so fann du, at den finhogde Formi var isprengd med den finaste Poesi – ikkje som utanpaahengd Pynt, men som Aarar, som naturleg drog seg gjenom det heile. Gud give honom lenge Kraft til aa verka i sitt Kall som Lærar fyr norske Teologar!

Men særleg takkar me Maalfolk honom fyr, kva han hev gjort fyr vaart norske Maal. Det er vel ikkje nokot, som hev lyft det so høgt og sett det til slik ei Æra som Blix sine uforliknelege Salmar. Han hev i deim sett seg eit udøyande Minne paa Maalreisingsvegen. Gud give, han endaa maa syngja baade trottugt og lenge!

J.A.B.
(Johannes A. Barstad i Stille Stunder nr. 5/1896)
Transkripsjon: Per Halse
# lagt inn 6.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Statsbudsjett 

Det er tid for dei store rituala i det offentlege rommet. I dag: Statsbudsjettet. I dag og i morgon er alle massemedium fulle av illustrerte forklåringar på kva som vil hende med lommeboka DI dersom dette budsjettet blir vedteke (det vert det som kjent aldri, det vi sit att med etter kompromissforhandlingar på overtid i desember kjem til å vere noko heilt anna). Slike populistiske vinklingar er sjølvsagt framande på BlixBlog. Moms og annan skatt, sjukeløn og kommuneøkonomi let vi òg andre få ta seg av. Her er det særinteressene som skal få rå.
Eg har enno ikkje funne informasjon om statlege rammer for bibelomsetjing eller salmedikting. Eg vil gjerne ha eit tips om nokon finn løyvingar til desse viktige samfunnsområda.
# lagt inn 6.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 11,41-44
41 Dei tok daa Steinen ifraa, der den daude laag. Men Jesus lyfte Augo upp og sagde: "Fader, eg takkar deg, at du heve høyrt meg!
42 Men eg visste, at du alltid høyrer meg; men fyre Folket, som stend umkring, sagde eg det, so dei skulo tru, at du heve sendt meg":
43 Og daa han hadde sagt dette, ropade han med høg Røyst: "Lasarus, kom ut!"
44 Og den daude kom ut, umbunden paa Føter og Hender med Likklæde, og um hans Andlit var sveipt ein Sveitteduk. Jesus sagde til deim: "Løyse honom og lat honom ganga!"
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.10.04

Modersmaalet (2) 

"Maal med Malm og Tone full / Av vaar Mor me lærde," song Elias Blix på sine eldre dagar. Korleis var eigentleg tonen i det målet han lærte å snakke på? Sjølv karakteriserte han det som "eit godt norsk målføre som landsmålet høver godt for."

At du er nordlending, kan ein høyre på tonefallet ditt. Folk frå andre delar av landet kan finne på å seie at det er "syngjande". Det heng saman med fenomenet dialektforskarar kallar høgtone, at trykksterke stavingar vert uttala i eit høgt toneleie. Palatalisering er òg noko som gjerne blir lagt merke til, at "mann" blir uttala majnn, eller at "kald" blir kajll. Men det er ikkje noko eksklusivt nordnorsk fenomen.

På mange måtar er Salten-dialekten eit typisk nordleg målføre, men den har òg trekk som dreg i sørleg retning. Tjukk l (her markert med L) rekk så langt nord som hit, "sjølv" heiter sjøL. Men "gard" er gar, ikkje gaL, som det kan heite lenger sør.

Svært mykje brukte ord er ofte gode dialektmerke. Pronomena "eg, meg, deg, seg" heiter i Salten e, me, de, se. "Han" blir hånn, medan "de" og "dykk" heiter dåkk. Dei peikande pronomena "den, det" heiter dajnn, da, og stadadverbet "der" blir dar.

I barndommen til Elias Blix hadde Salten-målet framleis eit nokså komplisert repertoar av substantivformer. Det hadde fleire kasus enn moderne norsk språk (dativ), og gjorde skilnad på sterke og svake hokjønnsord: Det heitte ei dørr - dørra ("ei dør - døra"), men ei gryt - gryto ("ei gryte - gryta").

Men det viktigaste særtrekket er det høge tempoet: Saltværingane kastar ikkje bort tida på uvesentlege stavingar. Dei har norsk rekord i apokope, avhogging av trykksvake endingar. Infinitiv "å kjøpe" blir å kjøp. I dette stykket passar altså Salten-målet verken i kategorien "e-mål" eller "a-mål" i dialektforskarane sin terminologi, det er eit "null-mål". Her finn du dessutan former som ejnn tim ("ein time"), ei kak ("ei kake"), fir kak ("fire kaker"), træff (nynorsk "treff", men bokmål "treffer") og gLømmt ("gløymde"). Raskare blir det ikkje her til lands.

[Eg gjev avkall på å markere i skrift eit anna karakteristisk trekk ved Salten-dialekten, det såkalla cirkumflekstonelaget, som heng nært saman med fenomenet apokope. Det er skilnad i uttale mellom substantivet et kjøp og infinitiven å kj^øp, ein skilnad som svarar til den mellom tonem 1 ("kjøpet") og tonem 2 ("(å) kjøpe") i fleirstavingsord på målføre utan apokope.]

Litteratur: Modersmaalet (1)
# lagt inn 5.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 11,11-15
11 Dette talade han, og deretter sagde han til deim: "Lasarus, vaar Ven, er sovnad; men eg gjeng og vil vekkja honom or Svevne".
12 Hans Læresveinar sagde daa: "Herre, er han sovnad, so vil han vera bergad".
13 Men Jesus talade um hans Daude; men dei tenkte, at han talade um den naturlege Svevn.
14 Difyre sagde daa Jesus deim beint fram: "Lasarus er daud.
15 Og fyre dykkar Skuld er eg glad, at eg ikkje var der, so de skulo tru; men lat oss fara til honom!"
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Eitt av mange døme på bruken av ironi i Johannesevangeliet. Moral 1: Læresveinar er tungnemme. Moral 2: Eufemismar skapar forvirring. Moral 3: Jesus har alltid rett.

I ei interaktiv verd burde eg no sjølvsagt ha laga lesaravrøysting mellom dei tre alternativa. Det er tre gode grunnar til ikkje å gjere det:
1. Så stor teknisk innsikt har eg ikkje.
2. Talet på folk som røystar vert sjeldan statistisk signifikant (det går fint an å lage søylediagram på bakgrunn av to røyster, men det er å lyge med statistikk).
3. Alternativa utelukkar ikkje kvarandre. Sjølv er eg tilbøyeleg til heilgardering.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 5.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.10.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 10,29-30
29 Min Fader, som heve gjevet meg deim, er større enn alle, og ingen kann riva deim ut or min Faders Hand.
30 Eg og Faderen, me ero eit
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 4.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.10.04

Talen 

Direktøren ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, heldt den fjerde årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur onsdag i veka som gjekk, 29. september - som vanleg rett før "beretninga om rikets tilstand" i Stortinget. Målfolk er flinke med symbol.

Temaet i år var "Den språklege lekkasjen". Rikt illustrert med statistikk (Grepstad tek her opp i seg tradisjonane både frå Peder Hovdan og Stein Rokkan) handsamar Grepstad fenomenet språkskifte - overgangar frå nynorsk til bokmål - frå mange ulike, og til dels overraskande, synsvinklar.

Men ingressen til Sunnmørsposten er misvisande:
Kvar tredje nynorskbrukar skiftar til bokmål. Det går gale ein stad mellom konfirmasjonen og dei fyrste åra i yrkeslivet. Folk fødde mellom 1940 og 1970 har vore særleg svikefulle.
Grepstad har vakta seg vel for å bruke ord som "svik". I det heile er han meir oppteken av dei strukturelle og politiske faktorane som påverkar språkval enn av å trekkje folks personlege moral og integritet i tvil.

Sjå òg Nationen, NRK.
# lagt inn 3.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.10.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 10,11
Eg er den gode Hyrding; den gode Hyrding set sitt Liv til fyre Saudom.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Eg har tidlegare røpa ein mild entusiasme for dativ ("Saudom"). Til mi store glede har eg oppdaga at Salten-dialekten, "Modersmaalet" til Elias Blix, enno hadde dativ i hans dagar. Dativendinga i fleirtal var -o i alle kjønn (Olga Brekke, Saltendialekten: En grammatikk, s. 75).

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Onsdagens Blix.
# lagt inn 1.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?